Sakprosa: Årets viktigaste bok

20 års arbeid har gitt oss eit på alle måtar stort standardverk om den jødiske tragedien i Norge.

Publisert: Publisert:

I august 2013 satte den tyske kunstnaren Gunter Demning ned dei fyrste snublesteinane til minne om ofra frå Holocaust i Stavanger. Her saman med Ib Mikkelsen frå Stavanger kommune. Foto: Kristian Jacobsen

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Grade: 6 out of 6 stars

Bjarte Bruland:

Holocaust i Norge

846 sider

Dreyers Forlag

Deportasjonen av over 770 norske jødar til massemord i tyske konsentrasjonsleirar er det mørkaste kapitlet i norsk krigshistorie. Mange har skrive om det frå ulike synsvinklar, og diskusjonen om ansvar har gått høgt til denne dag. I kor stor grad var norsk politi, som stod for ein stor del av arrestasjonane, medskuldig i folkemordet? Og kunne meir ha vore gjort for å forhindra eller avgrensa katastrofen?

Desse diskusjonane vil me aldri bli ferdige med. Men med Bjarte Brulands monumentale «Holocaust i Norge» har me fått eit eineståande faktagrunnlag til å føra debatten på.

«Holocaust i Norge» er resultat av over 20 års meir eller mindre samanhengande arbeid med emnet. Det begynte med ei hovudoppgåve i historie ved Universitetet i Bergen i 1995. Deretter var Bruland medlem av Skarpnes-utvalet, som undersøkte kva som skjedde med eigendelane til dei deporterte jødane og la grunnlaget for eit økonomisk erstatningsoppgjer ­– 50 år etter. Bruland har også i ein periode vore fagleg leiar ved Jødisk Museum i Oslo.

Vilje til dokumentasjon

Verket er prega av ein intens, til tider nærmast pedantisk, vilje til dokumentasjon. Arrestasjonar, deportasjonar, beslag av eigedom og «den endelege løysinga» i gasskamra er omtala så detaljert og nøyaktig som kjeldematerialet gir rom for. Boka har ein fyldig statistikkdel der kvar enkelt offer har fått namn, adresse og dato for fødsel, deportasjon og død.

Bruland skriv i ein sakleg, faktaorientert og drøftande stil. Ein kunne frykta at ein slik murstein av ei bok dermed kunne bli nesten uleseleg. Det er ikkje tilfelle. For kontrasten mellom Brulands nøkterne analysar og dei mange personlege opplevingane han refererer frå ulike tidsvitne, gir framstillinga ein truverdig, realistisk dramatikk som kunne ha gått tapt med ein meir emosjonell tone. Fakta er så visst sterke nok i seg sjølv.

Skal ein kritisera noko, er det at Bruland enkelte stader er pirkete og lite raus med andre forfattarar, som Marte Michelet, og at korrekturen ikkje alltid står i stil med den nøyaktigheit som elles pregar boka. Men det blir småting i den store samanhengen.

Tysk og norsk skuld

Forfattaren nøyer seg ikkje med berre å dokumentera. Han går også inn i dei vanskelege spørsmåla – om norsk antisemittisme, om politiet si rolle, om forholdet mellom NS og tyskarane, jamvel om det var enkelte jødar som sjølv stilte seg til teneste for dødsfiendane sine.

Bruland er tydeleg på at skulda ligg hos nazistane, dei tyske og norske, som sjølv trudde på sin eigen propaganda om «den internasjonale jødemakta» som ein livsfarleg trussel mot det germanske folkefellesskapet og den europeiske sivilisasjonen. Kven som tok initiativet til dei konkrete arrestasjonane og deportasjonane i oktober-november 1942, er derimot ikkje like klart. Tyskarar og nordmenn har i ettertid skulda på kvarandre.

Bruland meiner aksjonane i alle fall vart drivne fram i Norge, og ikkje på direkte ordre frå Berlin. Ein sentral person i Oslo var Gestapo-offiseren Wilhelm Wagner, som opphavleg hadde kome til Norge for å ta seg av kyrkjepolitikken. Wagner framstod som ein «sivilisert» tyskar, og det var kanskje ein grunn til at han til manges forundring slapp dødsstraff etter krigen.

Samtidig var det viktig for tyskarane at aksjonane såg ut som «norske». Quisling-regimet var villig med, og enkelte norske nazistar var meir aggressive enn tyskarane. Avgjerande var også at norsk politi, både det nazifiserte statspolitiet og det meir nøytrale ordenspolitiet, medverka. Tilliten blant folk til norsk politi gav større effektivitet, kanskje også legitimitet, til aksjonane. Der lensmenn og lokale ordenspolitifolk måtte gjera jobben, vart ein større del av dei registrerte jødane faktisk arresterte.

Bruland er forsiktig med kritikken av politiet, som var i ein vanskeleg situasjon mellom borken og veden. Enkelte forsøkte å varsla jødane om kva som skulle skje. Men den ansvarlege i Oslo, politiinspektør Knut Rød, gjekk radikalt og kontant til verks. Frikjenninga av han etter krigen blir ikkje mindre påfallande når ein les Bruland.

Det begynte med ei hovudoppgåve i historie i 1995. No kjem Bjarte Bruland si bok.

Dei fleste flykta

Debatten dei siste åra har i stor grad vore  konsentrert om svik og svikt – om kvifor ikkje fleire jødar vart berga unna overgriparane. Det er kanskje på tide, som Bruland gjer, å minna om at historia også har ei anna side. 773 jødar vart deporterte frå Norge. 1216 greidde å flykta til Sverige, dei fleste i november/desember 1942, gjennom snø og vinterkulde.  Fleire av hjelparane måtte bøta med livet for å ha vore med på det Bruland kallar «en av krigens største redningsdåder».

Visste jødane kva som venta dei? Og visste nordmenn det? Bruland dokumenterer at informasjon om massedrapa av jødar på austfronten og fryktelege gettoar og leirar i Polen var kjent, både blant norske NS-folk, i motstandsrørsla og blant jødane sjølve då «Donau» la ut frå Oslo 26. november 1942. Dei 529 jødane om bord var ikkje i tvil om at dei hadde vondt i vente.

Omfanget av det industrielle massemordet var det likevel få som kunne førestilla seg. Som psykiater Leo Eitinger, ein av dei få overlevande, seinare skreiv: «Det ville være forferdelig om vi ikke hadde vært så troskyldige! At vi kunne fått oss til å tro at noen ville samle vergeløse mennesker, sende dem tvers over Europa for å drepe dem!»

Men slik var det. Bruland avsluttar med å minna om kva eit forskrudd tankesett, prega av ei blanding av hat og frykt, kan få menneske til å gjera med kvarandre.  Det er dessverre ikkje uaktuelt i dag heller.

Vanlegvis er det ein klisjé å skriva at ei bok er viktig. Det er ikkje tilfelle her. Bjarte Bruland har skrive årets viktigaste bok.

Publisert: