Når bonus blir minus

BOK: Gjenkjenneleg, men trivielt og flatt om moderne kjærleik.

Marie Tveiten debuterer med romanen «Bonus». Foto: Samlaget

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 2 out of 6

Marie Tveiten: Bonus. Roman. 232 sider. Samlaget

Tilfellet eller lagnaden ville at både dotter Marie Tveiten (f. 1992) og mor Kristin Tveiten debuterte litterært same dag tidlegare i år. Såpass oppsiktsvekkande at lokalpressa vridde på munnhellet med vendinga «noen liker mora, andre dattera, (…) Samlaget liker visstnok begge,» i ein litterær «hjemme hos»-reportasje frå heimbygda Seljord.

Les også

Her les du om mora si bok: Faderdrap som blir seigpining

Først ut i denne spalta er Marie, allereie etablert musikar mellom anna i country- og pop-bandet The Northern Belle. Med «Bonus» tar låtskrivaren steget over frå akkompagnerte vers og refreng til den bokstavelege tala meir prosaiske romansjangeren. Tittelen og handlinga tar utgangspunkt i omgrepet som kan seiast å vera ei forskjønande omskriving av å ta seg av andre sine barn. I dag er ein gjerne ikkje «stefar» eller «stemor,» men «bonusfar» eller «bonusmor.» Språket seier at ein har fått noko positivt på kjøpet. Så er spørsmålet om eufemismen gjer det lettare for ein i røyndommen.

Ikkje overraskande er svaret «nei» i Marie Tveitens debutroman. Hovudpersonen Astrid er «hovudstups forelska» i Anders, som har Brynjar på 18 månader frå eit tidlegare forhold med Edda. Astrid prøver så godt ho kan å vera såkalla bonusmor, men opplever stadig å bli den nest viktigaste personen i Anders’ liv. Bonus blir minus. Då søker ho trøyst i teikninga, målinga og draumen om å bli kunstnar eller få sitt eige galleri.

«Bonus» har ei problemstilling som mange truleg vil kjenna seg igjen i, men romanen har store manglar når det gjeld biletbruk, personteikning og forteljeteknikk. Motivet er svært kjent, og ein saknar ein vri. Når siste side er snudd, sit ein igjen med kjensla av at «det er ikkje lett å vera bonusmor.» Noko ein strengt tatt kunne sagt på førehand eller fått vita i ein gjennomsnittleg venninneprat. Vinklinga er slik prega av lite originalitet og spenst.

Handlinga har minimalt av framdrift og forteljaren har ein tendens til å fordjupa seg i langdryge og nokså overflødige skildringar av kontorlandskap, bunader, konfirmasjonar og bustadvisingar. Romanen gir oss heller ikkje noko å bita i på eit estetisk plan. Språkføringa er rett fram og trivielt refererande, utan kreativitet eller snert. Astrid er ein ganske blass figur, medan Anders og Edda til gjengjeld er nærast karikaturar á la «konfliktsky åleinepappa» og «halvgalen eks.» Konfliktane mellom dei blir dermed meir såpeopera-aktige enn truverdig gripande. Betre er skildringane av tilhøvet mellom Astrid og Brynjar. Forfattaren får historia i land, men særleg klokare blir me ikkje.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Storpolitisk thriller for folk som liker mye vold og action

  2. På sykehjemmet er grensen mellom omsorg og overgrep vanskelig å trekke

  3. Rutinert utkantkrim

  4. Ja da, nå er han tilbake!

  5. Han var Hollywoods gullgutt - nå er han på nedtur

  6. Denne boka om viruset som får covid til å framstå som lett snue, kan begeistre mange «unge voksne»

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Roman
  4. Litteratur
  5. Anmeldelse