Grande hoppar ikkje etter Wirkola

KOMMENTAR: Trine Skei Grandes (V) inntog i Kulturdepartementet gir ny og sårt tiltrengt prestisje og - forhåpentlegvis - nye ambisjonar til kulturpolitikken.

Publisert: Publisert:

Breie smil på Slottsplassen i Oslo då kulturminister Trine Skei Grande blei presentert saman med den blå-grøne regjeringa. Men kva blir den blå-grøne kulturpolitikken? Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Linda Hofstad Helleland (H) vil ikkje bli sakna i norsk kulturliv. Fleire enn meg har lurt på om ho i det heile tatt var særleg interessert i kultur eller kulturpolitikk. Idrett, derimot...

Nå kjem Venstres Trine Skei Grande inn i det symboltunge departementet med det vesle budsjettet. Ho skal - for å halda oss i idrettens terminologi - på ingen måte hoppa etter Wirkola. Hofstad Helleland har ikkje utretta stort i kulturpolitikken, ut over å insistera på næringsaspektet i kultur, og helsa heim til Trondheim med etableringa av Kreativt Norge der. Ho har også sett i gang arbeidet med ei ny kulturmelding - håplaust på overtid.

Det store spørsmålet er om Skei Grande klarer å leva opp til sitt mantra og grunngjevinga for å gå i regjering med Høgre og Fremskrittspartiet, også på kulturfeltet. Klarer ho å dra politikken i rausare og meir sosialliberal retning? (Kva nå enn det betyr.)

Då Morgenbladet før jul spurde 100 forståsegpåarar i kulturlivet kven som har vore tidenes mest effektive kulturminister, svarte professor emeritus og kulturforskar Per Mangset at dei som har vore tunge allmennpolitikarar ofte får til meir enn «kulturspesialist»-politikarane. Altså at folk som Anne Enger Lahnstein, Valgerd Svarstad Haugland og Trond Giske fekk utretta meir enn Åse Kleveland, Turid Birkeland og Ellen Horn.

Skei Grande er ein tung og erfaren allmennpolitikar, og har i tillegg alltid interessert seg for kulturpolitikk, blant anna gjennom fire år som medlem av Stortingets kulturkomite. Ho meistrar altså det politiske spelet, kan ganske mykje om kulturfeltet - og brenn genuint for kultur. Det bør vera gode nyhende for eit kulturfelt der majoriteten sympatiserer med venstresida i politikken, ikkje Venstre, og der det store fleirtalet er både kritiske og skeptiske til blå-blå kulturpolitikk generelt og Frp spesielt.

Det gir litt ekstra prestisje til kulturpolitikken når ein av partileiarane i regjeringssamarbeidet vel nettopp kulturministerposten, slik Anne Enger Lahnstein og Valgerd Svarstad Haugland i si tid gjorde. Så får det heller vera at eit anna argument for at ein partileiar tek nettopp denne jobben, er at han er rekna som relativt lett, og dermed lettare å kombinera med partileiarjobben.

Men det gir også Skei Grande og Venstre ein god sjanse til å få merksemd og gjennomslag på eit felt som er viktig for Venstre, uviktig for FrP og mindre viktig for Høgre. Kulturbudsjettet er veldig lite, fordelen er at det ikkje skal meir enn nokre få millionar til før det ser ut til at ein har fått til noko, og Skei Grande kan bli fotografert ofte og få mykje applaus rundt om i landet. Dette var nok også viktig då Trond Giske (Ap) i si tid valde seg Kulturdepartementet, fekk jekka opp både budsjettet og statusen til kulturfeltet, og bidrog til å gi feltet ei kjensle av å vera både viktig og prioritert. Den kjensla er det lenge sidan kulturlivet har hatt.

Det skal bli spennande å sjå kva grep Skei Grande tek, og kva som blir dei blå-grønes kulturpolitikk. Dei raudgrøne hadde ubegrensa tru på at vegen til himmelen gjekk gjennom auka, offentlege budsjett - mens Enger-utgreiinga i 2014 viste at budsjettveksten framfor alt hadde styrka dei store institusjonane og «begivenhetskultur», mens kvaliteten eller publikum ikkje hadde auka og den kulturelle grunnmuren, som folkebiblioteka, hadde tapt. Dei blå-blå lova mindre offentlege pengar, ville ha meir igjen for pengane, og kravde at kunstnarane blei flinkare å tena pengar sjølv.

Kor vil Skei Grande leggja seg? Ingen veit ennå, men sjølv som eit miniparti i eit minidepartement bør det vera ganske bra spelerom.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 16-åring brakk nakken da han stupte – nå vil familien advare andre

  2. Gravid kvinne i dekning fordi legen mener hun er alkoholiker

  3. – Kona fikk valget om å forlate meg eller å finne seg i det

  4. Flere biler involvert i ulykke i Kvinesdal

  5. – Nå må vi ikke gå i 22. juli-fellen!

  6. Over 100 koronasmittet under tysk gudstjeneste

  1. Linda Hofstad Helleland
  2. Trine Skei Grande
  3. Kulturpolitikk
  4. Kulturdepartementet
  5. Anne Enger