For store thrillersko

TV: TV2s «Bortført» er ambisiøst tv-drama med internasjonal schwung. Dessverre viser det seg å bli for store sko å fylla.

Tre ungdommar blir bortførte av IS, blant dei ei ung, norsk kvinne. Slik startar TV2s storsatsing «Bortført». Foto: Nitay Netzer/Drama Team/TV 2

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

BORTFØRT

TV-serie i ti delar, premiere på TV2 og TV2 Sumo 11. april. Regissørar: Stian Kristiansen og Uri Barbash. Manus: Kyrre Holm Johannessen og Ronit Weiss-Berkowitz. Med: Anneke von der Lippe, Anders T. Andersen, Amos Tamam, Andrea Berntzen, Raida Adon m fl.

Dei siste åra har me via dei internasjonale strøymetenestene fått tilgang på fleire israelske tv-seriar. «Fauda», «Tehran» og «Valley of Tears» tek alle utgangspunkt i Israels spesielle politiske situasjon i Midt-Austen. Seriane leverer intens action- og spenningsfylt tv-dramatikk som samtidig kjennest truverdig og tett på den verkelege verda.

Det norsk-israelske samarbeidet «Bortført», som har premiere på TV2 denne helga, føyer seg på sett og vis inn i denne rekka – legg gjerne til amerikanske «Homeland» og franske «Le Bureau». Men dessverre når det ikkje opp til forløparane verken i action, truverd eller spenning.

Det heile startar med at unge norske Pia (Andrea Berntzen) og eit israelsk søskenpar blir bortført av IS-soldatar på ferietur til Sinai i Egypt. Pias mor Alex (Anneke von der Lippe) er allereie i Israel for å finna dottera. Det er frå første stund tydeleg at det ligg noko skjult og komplisert i fortida her. Allereie i opningsvignetten er det bilete frå Oslo-avtalen i 1993, slik at det heile tilsynelatande blir sett inn i ei slags ramme av internasjonal storpolitikk.

Likevel er det dei menneskelege relasjonane og ganske konvensjonell spenning det handlar om i dei fire episodane TV2 har sendt ut til meldarane: Kor langt vil ein forelder gå for å redda barnet sitt? Skal ein forhandla med kidnapparar? Korleis skal fangane overleva – og terroristane forhalda seg?

Dette er jo dramatisk materiale som kan fungera godt på ein skjerm. Heile prosjektet er svært ambisiøst, med scener både frå Oslo, Israel, Sinai og Gaza. Det ser lekkert ut, er proft skrudd saman, er glimtvis spennande.

Så kvifor fungerer det ikkje like godt som til dømes «Fauda»? (Ironisk nok er fleire av skodespelarane dei same som i «Fauda» – i nesten identiske roller. Boaz Konforty spelar i både «Bortført» og «Fauda» spesialsoldat som skal henta ut bortførte fangar, Shadi Mar’i er terrorist begge stader og Raida Adon er både mor og enke.)

Vel, eg er redd manuset ikkje heilt held internasjonalt toppnivå. Det skal noko til å skriva eit manus som både turnerer internasjonal toppolitikk, kruttønna Midt-Austen og kjem tett på menneskelege relasjonar i Norge og Israel – og samtidig er spennande og engasjerande.

Men det luggar også i regien – delt mellom Stavangers Stian Kristiansen og israelske Uri Barbash – og klippinga. Det tidvis noko dvelande og temposvakt over det heile, sjølv om episodane berre er litt over halvtimen lange, med mykje gåing, sjåing og sveip over kontor-, ørken- og bylandskap.

Også skodespelet er variabelt, med stive replikkvekslingar som kan stå fram som skriftlege og unaturlege. Spenningsscenene fungerer i periodar, samtidig er me jo i eit velkjent klisjélandskap me har sett mange gonger før.

Heile tida ligg det illevarslande musikk under og insisterer på at dette er spennande og dramatisk. Problemet er at det som går føre seg på skjermen – folk som har eit møte, til dømes – ikkje er så spennande som musikken legg opp til.

Det er i seg sjølv tøft at TV2 går inn i eit litt uvanleg og ambisiøst samarbeid som dette for å laga ny og tv-dramatikk med internasjonalt tilsnitt, og «Bortført» er sånn sett eit godt forsøk. Utfordringa er at me etter kvart har sett så mange seriar som dette som held eit så høgt nivå, at det skal ganske mykje til for å matcha det.

«Bortført» har premiere på TV 2 Sumo og TV 2 søndag 11. april. Meldinga er basert på 4 av 10 episodar.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Super-kalkun fra Netflix

  2. Romantikk i livets høst

  3. «Eg heldt på å kjeda meg i hel den første halvtimen, men så...!»

  4. Animert moro for menigheten

  5. Du vet at serien treffer blink når du roper «Akkurat sånn er det!» til tv-en

  6. «Handmaid’s tale» held same høge – og mørke – nivå i sesong fire

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Stian Kristiansen
  3. TV2
  4. TV-serie