Ulv, ulv! Blod, blod!

BOK: Det manglar ikkje på fantasi og effektar, men framdrift er det verre med.

Siri Pettersen blei nominert til Bokhandlarprisen for romanen «Jernulven». Foto: Gyldendal

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 4 out of 6

Siri Pettersen: Jernulven. Ungdomsroman. 490 sider. Gyldendal.

Her trur eg det er greiast å ta det frå begynninga: «Jernulven» er første roman i ein planlagt trilogi med namn «Vardari,» frå same univers som fantasy-serien «Ravneringene.» Siri Pettersen (f. 1971) hadde stor suksess med sistnemnde for nokre år sidan, som blei både prislønte og filmatisert. 

I første bind i denne nye trilogien, eller spin off-serien om ein vil, er me i eit slags mellomalder-aktig eller norrønt miljø: Jegerar skyt med armbrøst, spesielt klarsynte les framtida di og ein fryktar vampyr- og varulvliknande eksistensar. Men det som var overtru i den verkelege mellomalderen er høgst reelt i dette universet: Blodlesarar spår i blod, andre rusar seg på såkalla blodperler og risikerer då å få ulvesjuka, med veksande hjørnetenner og ein tidleg død som resultat. Og i bakgrunnen spøker dei uhyggelege varige – vardari – som aldri eldast.

Hovudpersonen Juva er i slutten av tenåra, dotter av ein blodlesar, men avskyr denne verksemda, som ho ser på som svindel. I staden slår ho seg opp på ulvejakt, som ei slags gutejente i Ronja Røverdatter-stil. Når dei varige så blir meir og meir nærgåande og truande, blir Juva nøydd til å ta opp kampen.

«Jernulven» er eit svært fantasifullt og detaljrikt verk, alt frå omslaget med kart (som Pettersen har stått for sjølv, med bakgrunn som designar og teikneserieskapar) til personar, ritual, stad- og personnamn og folk – ja, heilt ned til eigenkomponerte kraftuttrykk som «Hva i vargkusa?!» Juva er ein eigenrådig og sterk figur som slit med indre demonar, ein kombinasjon som nok appellerer til aldersgruppa. Ulempa med detaljrikdommen er at det går på kostnad av framdrifta: handlinga blir litt for saktegåande, og dessutan ganske uklar i første halvdel. «Ganske langsomt skapes et slags plott,» meinte Dagbladets meldar, noko som er såpass presist at eg stel formuleringa. 

Ein anar meir eller mindre tydelege referansar til Ringenes Herre og Twilight, likevel klarer Siri Pettersen å finna eit sjølvstendig uttrykk. Den underliggande tematikken, kampen mellom det gode og vonde, er sjølvsagt ganske standard for fantasy-sjangeren, men slik gjenbruk må ein tola innan populærkulturen. Samla sett heilstøypt og solid, men periodevis litt treigt og gjentakande. Slett ikkje tannlaust, men kanskje litt blodfattig.

Publisert:
  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse
  3. Litteratur
  4. Roman
  5. Bok

Mest lest akkurat nå

  1. Flere dødelige korona­utbrudd har gått under radaren

  2. Korona­smitte på tre nye skoler i Stavanger – 122 må i karantene

  3. Slik viser Bent Høie fram sponsorer til ekte­mannens arbeids­giver

  4. Hytta så ut som et «forlatt crack-reir». Nå er paret blitt eksperter på gjenbruk

  5. Koro­nasmittet person død ved SUS. 33 nye har fått påvist smitt2

  6. «Har Folke­helse­instituttet snudd vaksine­prioriteringen på hodet?»