Narkonett og feilslått idealisme

FILM: «Silk Road» slynger seg litt for langsamt mot målet til å bli ein perfekt thriller.

Ross Ulbricht (Nick Robinson) etablerte narkonettstaden Silk Road. Det gjekk som det måtte. Foto: Catherine Kanavy

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Silk Road

Med: Nick Robinson, Jason Clarke, Jennifer Yun, Jimmi Simpson. Sjanger: Krim / Drama / Thriller. Regi: Tiller Russell. Nasjonalitet: USA, 2021. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 57 minutt.

«Silk Road» startar med ei umogleg – og svært tidstypisk – opplysning: Filmen om den digitale fristaden for kjøp og sal av narkotika er basert på grundig, journalistisk research – og på store mengder fri fantasi. Dermed står me – nok ein gong – i den pussige situasjonen i møte med ein film (det kunne også vore ei bok) at dette på den eine sida påstår å vera ei sann historie, men på den andre sida ikkje er det. Nøyaktig kor grensene går mellom kva som er sant og kva som er usant, er uklart.

Men det er uansett sant at ungguten Ross Ulbricht, i filmen fint spelt av Nick Robinson, i 2011 etablerte ei nettside på det mørke nettet som heitte Silk Road – og at han to år seinare blei arrestert på eit bibliotek i San Francisco. I filmen møter me ein ung, oppegåande mann som har forlese seg ein smule på libertarianismen – ein ideologi som insisterer på individuell fridom og som ser på staten som eit vonde som reduserer innbyggjaranes fridom.

Nærmast som eit naivt, ideologisk prosjekt, etablerer Ulbricht ein nettstad på det mørke nettet der folk kan kjøpa narkotika som dei så får tilsendt i posten. Betalinga skjer med Bitcoin, noko som i prinsippet skulle innebera at det ikkje er mogleg å spora verken Ulbricht eller brukarane.

Sånn går det sjølvsagt ikkje.

Politimannen Rick har sitt å stri med. Foto: Catherine Kanavy

Den andre parallellhistoria i filmen handlar om narkopolitimannen Rick Bowden (Jason Clarke) – som ser ut til å vera dikta opp. Han nærmar seg pensjonsalder, strir med eigne demonar og reglar for politiarbeid, blir teken av gata og sett på eit kontor for å venta på pensjonsalderen. Men i staden går gamlekaren laus på den moderne, digitale narkokriminaliteten, og dermed er me i gang med politiet som jaktar røvaren.

Det heile er proft filma, fortalt og spelt. Men det luntar litt for sedat av garde til å få deg til å sitja på tuppen av thrillersetet, med litt for mange uinteressante avstikkarar. Men heilt ok film.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. – Dette er en film hvor det visuelle uttrykket er vel så viktig som historien som fortelles

  2. Super-kalkun fra Netflix

  3. Romantikk i livets høst

  4. «Eg heldt på å kjeda meg i hel den første halvtimen, men så...!»

  5. Animert moro for menigheten

  6. Du vet at serien treffer blink når du roper «Akkurat sånn er det!» til tv-en

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Film
  3. Anmeldelse
  4. Filmanmeldelse