Kafka møter Etaten i Haugesund

TEATER: Morosam idé om enkeltmenneskets kafkaaktige møte med Systemet rotar seg litt bort i sketsjar om Etaten.

Ein mann (Henrik Bjelland) får ein dag beskjed om å møta på eit offentleg kontor. Han skjønnar ingenting – heller ikkje etter å ha møtt saksbehandlaren sin (Ane Skumsvoll). Velkomen til «Kafka på Nav». Foto: Haugesund Teater/Kim Edgar Bachel

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Kafka på Nav

Haugesund Teater. Regi: Leiv Arne Kjølmoen. Manus: Henriette Vedel og Leiv Arne Kjølmoen. Scenografi og kostyme: Signe Gerda Landfald. Med: Rikke Westerlund Lie, Marina Popovic, Lars August Jørgensen, Henrik Bjelland
Ane Skumsvoll, Haugesund kammeropera. Lengde: 1 time, 35 min, inkl. pause.

Haugesund Teater tøffar seg under teatersjef Morten Joachims leiing. Først sette dei opp ein fantastisk, fargerik og folkeleg versjon av Shakespeares «En midtsommernattsdrøm» i fjor haust. I vinter kom ein ambisiøs, men meir krevjande, versjon av nobelprisvinnar José Saramagos «En beretning om blindhet».

Etter Shakespeare og Saramago byr nordfylkets eige teater nå på Vedel og Kjølmoen. Det er bra. Kudos for å bestilla ny, norsk dramatikk. Duoen blei nominert til Hedda for beste scenetekst sist dei var i Haugesund. Denne gongen leverer dei ein komedie som kombinerer to tydelege referansar – om enn i heilt ulike endar av spekteret høgkultur/populærkultur: Franz Kafkas «Prosessen» og NRK-serien «Etaten».

Ideen er ikkje akkurat original, men kan – vel utført – romma mengdevis av både komedie, satire, samfunnskritikk og gjenkjenning: Ein mann (Henrik Bjelland) får beskjed om å møta på eit offentleg kontor. Han veit ikkje kvifor, kva han har gjort eller kva som skal skje (ref. Kafkas «Prosessen»), og møter eit absurd system av byråkrati, forvirrande reglar og pussige karakterar (ref. «Etaten»).

Publikum, det er berre plass til 30 av oss, kjem rett inn i det same venterommet mannen møter opp i. Rommet, offentleg sektor-stolane me sit på, vegger, rekvisittar, kostyme, hår og lys – alt! – går i ferskenrosa fargar. Det er sjølvsagt visuelt slåande – utan at eg heilt skjønnar poenget. Kva har fersken med offentleg etat å gjera?

Skodespelarane bruker heile rommet. Det betyr at du som publikummar tidvis må snu deg heilt rundt for å sjå. Grepet er ei blanding av sprekt og litt styrete. Dei fem skodespelarane spelar litt ulike roller gjennom stykket, det går fint. Eg er meir usikker på kva koret som tidvis kjem labbande inn i rare parykkar strengt tatt tilfører stykket. Det ser litt revy ut.

«Kafka på Nav» fungerer best når det tangerer den verkelege verda. Bjelland er overtydande forvirra og fortvila der han blir kasta att og fram i eit kafkask system. Dialogane med saksbehandlaren, spelt av dyktige Ane Skumsvoll, er til dømes ganske treffande satire, med ein slags underliggjande varme.

Problemet er at historia om vår mann – motoren i forteljinga – i lange periodar, og definitivt til slutt, blir heilt borte, og erstatta av sketsjaktige enkeltscener. Eg er glad i absurditetar, bevares. Men mange av desse «sketsjane» spriker i altfor mange retningar, varierer både i kor treffsikre og morosame dei er – og i kva grad dei driv historia framover.

Greitt nok at Etaten er full av karikaturar, men det er lett å gå frå å spela karikert og morosamt til å overspela. Halvslappe poeng blir ikkje meir morosame av å bli ropte ut, av hyling og skriking. Ein absurd scene om ei dør som ikkje går opp seier ingenting om verken Etaten eller Systemet. Vedel og Kjølmoen burde vore strengare og strammare, halde tydelegare fast på ideen om enkeltmenneskets kafkaaktige møte med Systemet. Dei burde drepe fleire darlings.

Mitt prinsipp i vurderinga av komediar er like enkelt som det er nådelaust: Lo eg? Eg lo litt av «Kafka på Nav» – men eg ville gjerne ledd meir.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Teater
  3. Haugesund
  4. Teateranmeldelse
  5. Scenekunst

Mest lest akkurat nå

  1. To lokale savnet-saker etterforsket som drap

  2. Her er Jone Laugalands dom over Rogalands første elferje

  3. Bent Høie: – Nå er det viktig å rette opp ulempene pandemien har påført barn og unge

  4. Hvem blir prioritert når barnehager og skoler er på rødt nivå?

  5. Stuen er en laftet stall og gulvet et gammelt kirkegulv: – Vi har kun kjøpt en sofa, og den angrer vi på

  6. – Er en arrogant og stygg holdning til ærlig arbeid