Til ungdommen

BOK: Kringsett av fiendar går denne boka inn i si tid. Grundig, men litt sakte.

Tiger Garté er aktuell med romanen «Dette dreper oss».
  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Tiger Garté: Dette dreper oss. Ungdomsroman. 291 sider. Vigmostad & Bjørke.

Noko av utfordringa med å melda barne- og ungdomslitteratur er å klara å vurdera kva som kan fenga ei langt yngre målgruppe. I tilfellet med Tiger Garté (f. 1982) og hans «Dette dreper oss» må ein lesa handlinga som om ein er mellom 12 og 16 år, eventuelt har eit «Intellektuelt nivå: Fra 12 år, som det heiter i ein bokklubb.

Med desse brillene på vil eg påstå at forfattaren har vald seg eit passande motiv: Handlinga startar i mars 2020, då 16 år gamle Samuel flyttar ut i skogen saman med faren for å unngå den globale pandemien og det faren meiner er dommedag. «Fatter» er tidlegare yrkesmilitær, men har dei seinare åra blitt såkalla preppar, og overtalar sonen til å gi opp livet i sivilisasjonen. Mora er like før død, etter langvarig sjukdom.

Dersom eg var 12 eller 16 år, vil eg tru dette scenarioet kunne vore spennande. Verdas undergang – og til og med på «forrektigt»! Forfattaren har hive seg rundt og utnytta godt potensialet i at verdssituasjonen har nærma seg tidlegare armageddon-fantasiar, eit halvdokumentarisk og aktualiserande grep som kan auka innlevingsevna hjå lesaren. Eit innblikk i preppar-miljøet og ulike konspirasjonsteoriar er med på å gjera historia endå meir pirrande.

Handlinga vekslar mellom nåtida og tilbakeblikk, og me får sjå at katastrofen på globalt plan har ein parallell i det personlege: Foreldra til hovudpersonen glir meir og meir frå kvarandre, og det endar på tragisk vis. Samstundes som tematikken kan vera skremmande, og skildringane frå naturen er nådelause og til dels brutale, blir det sett inn i ei ramme av attkjenning og tryggleik: Faren er såpass gal og karikert at det er vanskeleg å få så mykje sympati for han, medan mora er snill og omtenksam. Samuel er ein meir kompleks figur, dratt mellom desse to ytterpunkta. Ganske klassisk oppskrift for ein ungdomsroman, men som fungerer, og ein ung lesar kan få mykje utbytte av å identifisera seg med hovudpersonen. Med eit mogleg unntak for språkføringa hans, som innimellom er noko vaksen.

Strabasane i villmarka er intenst skildra, men det går sakte framover: 120 sider før det er teikn til omslag i handlinga, og nærare 200 før me faktisk får eit vendepunkt. Historia går litt i sirklar, og tilbakeblikka på slutten verkar noko unødvendige. Mitt 12- eller 16-årige eg hadde nok keia seg litt her, men for det meste hygga seg.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Litteratur
  4. Roman

Mest lest akkurat nå

  1. Flere europeiske land melder om omikronsmitte

  2. Da to voksne menn snakket høyt om voksne kvinners markedsverdi, ble det bråk

  3. Wirak varslet snø over Vinterland, og det fikk han

  4. Ryfylke har fått sin første vingård

  5. Ny utrolig rekord for Haaland

  6. Forskarens fem om dagen for eit lukkelegare liv