Mor hadde fortent betre

BOK: Det er litt trist når eit i utgangspunktet gripande emne blir behandla på denne måten.

Truls Unholt er aktuell med romanen «Mor forsvinner». Foto: Paal Audestad

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Grade: 2 out of 6

Truls Unholt: Mor forsvinner. Roman. 181 sider. Tiden Norsk Forlag.

Morsrolla er aktuell denne bokhausten, og både Vigdis Hjorth og Sandra Lillebø har litterært behandla kvinnemennesket alle har eit forhold til, enten me vil eller ei. Truls Unholts (f. 1970) bidrag er av eit heilt anna slag. Debutromanen hans handlar om korleis mora til hovudpersonen blir råka av Alzheimer og gradvis forsvinn for sonen.

Skjønt, roman og roman, «Mor forsvinner» er eigentleg meir biografiske notat para med lengre idéhistoriske, filosofiske og litterære utleggingar og skildringar frå bylivet i Berlin, der forteljaren delvis er busett. Verket slit frå første stund med å finna ei skjønnlitterær form, noko som skuldast både vekslinga mellom desse tre delane og språkføringa i dei.

Sjølve hovudhistoria, korleis sjukdommen pregar mora og tilhøvet til sonen, er noko stemoderleg behandla. Lesaren får ikkje nok erfaringar av korleis det er å vera pårørande i ein slik situasjon. Dei gongene det skjer, er refleksjonane noko sjølvsagde og inkjeseiande, og den underliggande samfunnskritikken lite original.

Dei lange forelesingane om vitskap, filosofi og litteratur er svært generelle og kjennest knappast relevante for temaet. Passasjane frå Berlin ber preg av å vera likegyldige transportetappar, der skildringar av tyske kneiper og ølsortar gir smått med meining og framdrift. Forteljaren er kunnskapsrik, men taletrengt, og teksten burde nok vore meir kritisk vurdert på eitt eller anna tidspunkt, sidan han flyt ut i litt for mange retningar.

Stilen er nøktern, noko som truleg er meininga, for å unngå å falla i ei sentimentalitetsfelle. Dessverre hamnar forfattaren i andre grøfta: Skildringa av forholdet mor-son påfallande er distansert og oppramsande, og stivbeint og overlessa i dei essay-aktige, lange mellomspela. Som at «forutsetningen for den vitenskapelige materialismen var en form for fysikalisme der menneskelig bevissthet ikke kunne privilegeres, eller der det i hvert fall ikke fantes noe rasjonelt kriterium for å privilegere menneskelig bevissthet fremfor andre levende organismer.»

Teksten har ei rekkje fotnotar, som verkar malplasserte i denne roman-samanhengen, og bidrar ofte med heilt unødvendig informasjon. Noko av det same er tilfellet med mange av referansane, til Adorno, Horkheimer med fleire, som blir meir påtatt name-droppande enn ryddig opplysande.

Å mista nokon inn i den demente skoddeheimen bør absolutt ha potensial til å bli gripande romanstoff, med rom for eksistensielle problemstillingar. Dessverre sviktar det i form og gjennomføring her.

Publisert:
  1. Roman
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Litteratur
  5. Bok

Mest lest akkurat nå

  1. Trafikkulykke ved Sola sjø - én person kjørt til legevakt

  2. FULL OVERSIKT: Oppda­terte tall for smittede og døde – sjekk din kommune

  3. Med samme regler som Ikea kunne 700 vært på konsert her. Det gjør sjefen forbannet

  4. Økning i innlagte koronapasienter. Flere under 60 år på respirator

  5. Koronababyer er ikke helt som andre babyer

  6. Derfor kan det ta flere dager å få svar på koronaprøven