«Revizor» treff verken med komikk eller tematikk

TEATER: Kvifor i all verda set Rogaland Teater opp Gogols «Revizor»? Og på denne måten?

Det er mykje armar og bein, skrik og skrål, i «Revizor» på Rogaland Teater. Men det hjelper ikkje når teksten ikkje er morosam.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 2 out of 6

Revizor

Premiere 25.09.2021. Rogaland Teater, Hovedscenen. Av: Nikolaj Gogol. Regissør: Angelina Stojčevska. Scenografi og kostymedesign: Florence To. Lysdesign: Tobias Leira. Dramaturg: Matilde Holdhus / Oda Radoor. Maskør: Jill Tonje Holter. Med: Ragnhild Tysse, Matias Kuoppala, Penda Faal, Øystein Martinsen, Marianne Holter, Ingrid Rusten, Anders Dale, Marko Kanic, Gorm Grømer, Leo Magnus de la Nuez, Espen Reboli Bjerke. Lengde: 1 time, 45 minutt.

For komediesjangeren er det enkelt – og brutalt: Ler ikkje publikum, har du ikkje lukkast med komedien.

Eg lo ikkje av «Revizor». Eg trekte på smilebandet eit par gonger, men det var alt. Latteren sat ikkje mykje lettare i det særs velvillige premierepublikummet. «Revizor» kalla ikkje fram stort meir enn sporadisk humring. «Revizor» er rett og slett ikkje morosamt nok. Komedien fungerer ikkje.

Komplisert med humor

Humor er komplisert. For kva får oss til å le? Ein viktig og nødvendig hovudingrediens: Brot med forventningar. Som ei overraskande vending. Ein perfekt taima punchline. Ein pompøs figur som blir avkledd som latterleg.

Noko av problemet med «Revizor» er at alt dette er avslørt allereie før me tek plass i teatersalen. Me veit at dei korrupte, pompøse og latterlege leiarane i den russiske landsbyen har fått beskjed om at det skal koma ein statleg revisor til byen. Me veit av personen som kjem ikkje er den faktiske revisoren, men ein opportunistisk sjarlatan. Me veit at smiskinga og krypinga for «revisoren» heilt meiningslaus. Her er ingen overraskingar.

Korleis skaper ein då humor? Regissør Angelina Stojčevska satsar på ein metode som fungerer like dårleg med svake humorpoeng som når du ikkje har særleg gode argument i ein diskusjon: Skriking og geberding. Det stakkars, store skodespelarlaget skrik og skaper seg, tidvis i munnen på kvarandre. Men høgt volum hjelper altså ikkje når teksten ikkje er morosam.

Teateret marknadsfører Nikolaj Gogols komedie frå 1836 som ein komisk tragedie. Men det er heller ingen tragedie. For då måtte stykket hatt ein helt, eller i det minste nokon me kunne føla sympati med eller for. Men her knyter du deg ikkje til nokon. Som i tillegg fører til at utbytet på eit meir overordna menneskeleg nivå uteblir.

Korrupsjonsstykke?

Kva med tematikken, når komikken (og tragedien) ikkje fungerer? «Revizor» handlar om korrupsjon i ein russisk småby på 1830-talet, under tsar-veldet. Dei fine kostyma og den statiske scenografien byggjer stort sett opp om at det er der me er, i Russland for snart 200 år sidan. Der borgarmeisteren, dommaren, skulemeisteren og sjukehusdirektøren er gjennomkorrupte.

Attkjenning og overføringsverdi til Norge – og Stavanger – i 2021? Null.

Dei offentlege tenestemennene i «Revizor» er gjennomkorrupte – i motsetnad til offentlege tenestemenn i Norge i 2021.

Norge er eitt av verdas minst korrupte land. (Nummer 7 av 180 land på Transparancy Internationals indeks for 2020. Russland er på 129.-plass.) Er poenget med «Revizor» å seia noko interessant om Russland i dag? I så fall forstår ikkje eg kva det skulle vera.

Er her ikkje noko meir? Jo, her er – nok ein gong – ein leik med kjønn. «Revisoren» er mann i Gogols tekst, men kvinne på Rogaland Teater. Ho er svak for kvinner, har ein kvinneleg elskar og venn som er ein mann i dameklær. Problemet er at denne leiken med kjønnsstereotypiar er i ferd med å bli den nye videoen i teateret: Det var forfriskande og kjendest originalt då det kom, men når «alle» skal leika med dette, blir det raskt ein klisjé. Og kva tilfører kjønnsleiken – eller ein uendeleg onaniscene – komikken eller tematikken i «Revizor»? Ingenting.

Kvifor?

Det store spørsmålet eg sit igjen med etter å ha sett «Revizor», er kvifor Rogaland Teater set opp dette stykket nå. For det store problemet er altså stykket. Den russiske humoren frå 1836 fungerer ikkje i 2021. Det fungerte ikkje då eg såg stykket på Nationaltheatret i 2015, og det fungerer ikkje på Rogaland Teater nå. Og var poenget å ta opp korrupsjon, må det finnast betre manus – eller betre måtar å gjera dette på.

Nei, vil du sjå ein forvekslingskomedie som fungerer, sjå heller om igjen episoden av «Hotell i særklasse» der Basil trur dei har fått besøk av ein hotellinspektør som reiser inkognito. Episoden «The Hotel Inspector» skal ifølgje mytologien vera inspirert av «Revisoren».

Så har det i alle fall kome noko morosamt og bra ut av Gogols tekst.

Publisert:

Teater- og sceneanmeldelser

  1. Regidebut verdt ein salutt!

  2. Du vett, mååååden han seie det på

  3. «Dei tar kunstnariske og kreative sjansar. Og det heiar eg tusen prosent på!»

  4. «Revizor» treff verken med komikk eller tematikk

  5. «Ikke akkurat mainstream», sa forfatteren. Han har helt rett – og godt er det!

  6. Satsar friskt i «Spilleren»

  1. Teater- og sceneanmeldelser