«Utvandrerne» om innvandring

FILM: Erik Poppe ser ein klar parallell mellom nordmenn og svenskar som utvandra til Amerika og dagens flyktningar og innvandrarar. Denne veka kjem hans nye film «Utvandrerne» på kino.

Erik Poppe og Liv Ullmann om bord på nybygde «Restauration». Den originale «Restauration» markerte starten på norsk utvandring til Amerika då sluppen la ut frå Stavanger i 1825.
Publisert: Publisert:

– Kva er poenget med å laga ein film om igjen?

– Veldig fint at du spør på den måten. For då får eg sjansen til å korrigera inntrykket av at eg har laga ein ny versjon av Jan Troell sin film. Det har eg ikkje.

Erik Poppe – mannen bak filmsuksessar som «Hawaii Oslo» (2004), «Kongens nei» (2016) og «Utøya 22. juli» (2018) – kom til Filmfestivalen i Haugesund for å ha noregspremiere på sin nye film «Utvandrerne», som har ordinær kinopremiere denne veka. Filmen er basert på Vilhelm Mobergs romankvartett – ein litterær klassikar i Sverige. Som svenske Jan Troell altså laga ein seks og ein halv times lang film av i 1971, med Liv Ullmann i rolla som Kristine og Max von Sydow som Karl Oskar.

Derfor spørsmålet om å laga ein film om igjen.

– Jan fortalde heile historia, med alle karakterane. Den filmen – det meisterverket – er allereie laga. Men då eg las dei fire romanane, såg eg ei linje i historia som er ei presis skildring av å vera flyktning – også i dag, seier Poppe.

Og mens Moberg i bøkene fokuserer på Karl Oskar, blei Poppe fascinert av Kristina. Dermed er Poppes «Utvandrerne» sett frå Kristinas perspektiv.

Emigrantar

«Utvandrerne» handlar om ei gruppe svenskar som utvandrar frå Småland til Minnesota på midten av 1800-talet. Blant dei er ekteparet Kristina og Karl Oskar Nilsson, som drar frå armodet og svolten heime i håp om eit betre liv i Amerika.

Dei er ikkje aleine om å dra – og Sverige var ikkje det einaste landet folk reiste frå. Rundt ein million nordmenn – omtrent halve Noregs befolkning – emigrerte over Atlanteren. Det heile starta med at sluppen «Restauration» la ut frå kai i Stavanger i 1825 med 52 kvekarar om bord, ei hending som skal feirast med eit eige utvandrarjubileum i 2025.

– Dei som reiste, drog på grunn av naud, elendige framtidsutsikter eller religion. Mange døydde under den strabasiøse reisa. Dei som kom fram, møtte eit nytt land, ein ny kultur. Kva skjer då med din eigen identitet, seier Poppe.

Les også

1800-talet er nå

Historia om svenske og norske utvandrarar til Amerika er også samtidshistorie, meiner filmskapar Erik Poppe.

Kva er «heime»?

I hans filmversjon stiller Kristina stadig spørsmålet: Kva er ein heim? Er det der du er fødd og oppvaksen – eller der du før opp dine eigne barn? Er det der du har røtene dine eller der du reiser eit hus? Og kven er «eg» oppi alt dette?

– Mens Karl Oskar omfamnar Amerika, prøver å bli amerikansk og begynner å kalla seg Mr. Nelson, har Kristina dårleg samvit for å ha reist frå heimlandet. Ho er glad for det Amerika gir, men vil ikkje viska ut sin eigen bakgrunn og identitet som svensk, seier Poppe.

Både Kristina – og ikkje minst prestefrua Judit, spelt av Sofia Helin frå «Broen» – prøver å vareta det svenske, heimlandets skikkar og tenkemåtar. Dei vil ikkje la jentene gå på skulen for å læra å lesa og skriva. Dei vil ikkje blanda dei svenske lutheranarane med amerikanske baptistar. Dei søkjer saman med sine, lærer seg ikkje amerikansk. Dei får ein haug med ungar. Så mange at ein amerikansk lege på besøk etter ein spontanabort seier at «desse innvandrarane må slutta å yngla som kaninar.»

– Interessant nok har mange av etterkomarane etter dei nordiske immigrantane blitt nokre av dei mest ytterleggåande konservative og religiøse miljøa som i dag finst i USA, seier Poppe.

Aktuell parallell

Sidan han meiner flyktningdimensjonen ved «Utvandrerne» har ein klar parallell til dagens situasjon, intervjua Poppe i forkant av filminga innvandrarkvinner og barna deira for å få innsikt i korleis det er å vera flyktning i dag.

– Eg fekk stadfesta det Moberg antydar i bøkene sine, nemleg at mora er limet i familien. Hennar innsats blir forklaringa på kven dei er i sitt nye heimland. Men kvifor ser me aldri desse mødrene, som sannsynlegvis ofrar mest? seier Poppe

Han skulle ønska det var mogleg å diskutera migrasjon og innvandring utan å bli plassert i fastlåste båsar der ein enten er «for» eller «mot».

– Det har blitt altfor harde frontar i debatten, seier Poppe.

Les også

«Verdens verste menneske» kan vinna ny, gjev pris

Les også

Krigsseglarane har fått sin film

Innvandringsdebatt

Me gjer likevel eit forsøk:

– Folk som flyktar frå fattigdom og naud for å få seg eit betre liv, blir i dag gjerne kalla «økonomiske flyktningar». Dei er meir kontroversielle enn FN-flyktningar, som er i fare for forfølging i heimlandet. Utvandrarane frå Skandinavia var vel «økonomiske flyktningar»?

– Dei som legg ut på flukt, gjer det av nødvendigheit. Ein kan ikkje ta frå folk draumen om å få eit betre liv. Så dette er også samtidshistorie. Og sjølv om karakterane snakkar svensk, handlar dette like mykje om Norge.

– Sverige har hatt ein svært liberal innvandringspolitikk, til dømes under Syria-krisen – og har i dag store problem. Går filmen din inn i den debatten?

– Eg har fått svar på tiltale og mange tilbakemeldingar i innboksen min om kva folk i Sverige tenkjer om dette. Men Sverige har utfordringar me ikkje har i Norge. Dei har ingen integreringspolitikk, mens me i Norge har eit langt betre system. Den manglande integreringa fører i sin tur til ghettofisering. Akkurat som i filmen, der svenskane søker saman.

Spørsmål, ikkje svar

Poppe meiner at hans samfunnsoppdrag som kunstnar ikkje er å levera svar i kompliserte, politiske saker. Hans oppdrag er heller å stilla spørsmål og løfta fram interessante problemstillingar – på ein måte som samtidig er underhaldande nok til å skapa tillit både hos produsentar og publikum.

– Hadde eg levert ferdige svar, hadde eg laga politisk kunst slik dei gjorde på 1970-talet – den minst interessante perioden eg veit om innanfor kunsten. Eg vil unngå å la meg binda på den måten.

Det betyr ikkje at Poppe sjølv ikkje har synspunkt på innvandring og integrering:

– Spør du meg personleg, kan eg svara. Og seia at det er vanskeleg å koma med klokkeklare svar. Tyskland og Sverige tok ansvar, med god vilje, då flyktningstraumen kom frå Syria. Men det ligg også eit ansvar i å følgja opp dei du tek imot. Elles risikerer du utanforskap og oppblomstring av ekstreme miljø. Men det er heilt på jordet å påstå at det er «svenske tilstandar» i Norge.

Snakka med Troell

Poppe har altså laga sin eigen versjon av «Utvandrerne», godt hjelpt av manusforfattarane Anna Bache-Wiig og Siv Rajendram, og utan å prøva å kopiera Jan Troell. Det betyr ikkje at Troell har vore heilt ute av prosessen. Poppe kjenner Troell godt etter å ha jobba som assistent for han på filmen «Il Capitano» (1991).

– Eg har gjort mine eigne val utan å spørja Jan. Men så har eg bede om hans reaksjonar og refleksjonar på vala mine i ettertid.

Også Troell har vore klar på at dette måtte vera Poppes eige prosjekt. Og Troell må ha likt det han såg. For:

– Nå når me er ferdige har to av filmens fremste ambassadørar blitt nettopp Jan Troell og Liv Ullmann. Det er stas!

Publisert: