Sint, kvit mann og feminist

Nils-Øivind Haagensen debuterte med diktsamlingen «Hender og minne» i 1998. I 2013 blei diktsamlingen «God morgon og god natt» nominert til Nordisk råds litteraturpris.

BOK: Synd at forfattaren blir så hard på labben, når han elles skildrar metoo-dynamikken med innleving og innsikt.

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Nils-Øivind Haagensen: «Sangria i parken». Roman. 283 sider. Oktober.

Den seinaste romanen til Nils-Øivind Haagensen (f. 1971) heiter «Sangria i parken», og ein lurer kanskje på kvifor. Men ikkje lenge, for på første sida blir det forklart i klartekst at det viser til linja drink sangria in the park frå Lou Reed-songen «Perfect day». Og på fjerde side at Lou Reed langt frå var perfekt, men derimot ein dritsekk mot damene.

Frå femte side og utover møter me hovudpersonen Aksel og kameraten Bent. Sistnemnde viser seg òg å vera ein dritsekk mot damene – han klår på den felles venninna Maiken. Klåinga skjer i – du gjetta riktig – ein park (rett nok blir det ikkje drukke sangria, men ein kan ikkje få alt her i livet, særleg ikkje som bokmeldar).

Aksel ser hendinga og blir bokstaveleg tala mållaus. Den allvitande forteljaren lar så refrenget runga: Just a perfect day/drink sangria in the park.

Denne noko krøkkete innleiinga har eit poeng, som er å illustrera at forfattaren blir litt overivrig med å visa fram premissen for handlinga. Ein premiss som på dette tidspunktet verkar å vera at verden er et aldeles forferdelig sted hvor nesten ingen har det bra og mennene har skylda. Ikke litt skyld. Ikke brorparten. All.

Det er uklart om det er forteljaren eller Aksel som meiner dette, og om det uklare er tilsikta. På handlingsplanet blir etterspelet sentralt her. For Aksel seier frå til Bent at ein ikkje bør ta på damer på den måten. Bent har lite forståing for merknaden, men ryktet om kva Aksel gjorde, går føre han. Snart er han helt med si historie i både podkast og Fredrik Solvangs «Debatten». Og sidan persona non grata i kompisgjengen.

Haagensen set altså litterært opp nokre klare frontar i ordskiftet som gjerne har gått under emneknaggen metoo. Kontrasten får effektfullt fram ubehaget med å stå fram som ein slags varslar av seksuell trakassering, når det er lettare å sjå andre vegen. Og viser at å vera helt kan vera einsamt i lengda.

På andre sida kan figurane verka noko karikerte: Bent og gjengen er ubehøvla ramp, Aksel ein pleaser med personlege problem og Maiken og venninnene klarsynte, uhilda struktur-analytikarar.

Romanen kan slik seiast å ha ein kjenslemessig intensitet eller ideologisk overtenning som nok fungerer betre i tabloid-journalistikken eller som hjartesukkande tirade på Facebook. Så kan ein diskutera om kanskje meininga med teksten nettopp er å problematisera «korleis debatten er blitt.» Slik eg ser det, er dette uklart, og eg er usikker på om det er ein styrke eller ikkje ved romanen.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Vil du forstå ytre høyre? I så fall bør du lese denne boken

  2. Reflektert og stillferdig om en verden etter katastrofen

  3. En politisk roman som skaper rene krim­spenningen

  4. Feiende flott roman

  5. Rasende krim fra mannsdominert fiskeribransje

  6. Seriemorder i ferieparadiset

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse