Kvifor vil ikkje barna gå på skulen lenger?

Ei bok om skulevegring startar med diskutable premiss og endar i litt for enkle svar. Men undervegs blir det stilt mange gode spørsmål.

Styrken i boka «Skolevegringsmysteriet» er ikkje først og fremst svara, men dei mange gode spørsmåla undervegs, skriv Tom Hetland i denne bokmeldinga.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Gaute Brochmann og Ole Jacob Madsen:

Skole­vegrings­mysteriet

285 sider

Cappelen Damm

«Før gikk alle på skolen.»

Med denne bastante opningssetninga mobiliserer forfattarane skepsisen hos ein godt vaksen lesar. Er det sant? Var det ikkje mykje skulk og mange skuletrøytte elevar i gamle dagar òg? Er skulevegring eit større problem i dag enn det var på 1970- og 1980-talet?

Boken er skrevet av Gaute Brochmann, til venstre, og Ole Jacob Madsen.

Gaute Brochmann og Ole Jacob Madsen innrømmer at dei har eit dokumentasjonsproblem. For det finst ikkje systematisk statistikk over fråvær i den norske skulen dei siste 50 åra. Belegget for påstanden er anslag basert på tal frå eit utval norske kommunar, pluss observasjonar frå fagfolk. Forfattarane supplerer med rapportar frå andre land som peikar i retning av at skulevegring er eit veksande problem også internasjonalt.

Okei, då. I tillegg hevdar Brochmann og Madsen, med støtte i forsking og vitskaplege definisjonar, at skulevegring er eit heilt annleis og meir samansett problem enn skulk. Eg må innrømma at forskjellen ikkje blir krystallklar for meg. Når forfattarane siterer Store Norske Leksikon på at «skulk» er karakterisert av «liten motivasjon for skolen og skolearbeidet eller en negativ holdning til skolen», kan vel dette også føra til skulevegring? Og når dei deler skulevegrarane inn i tre grupper: barn med diagnosar, barn som slit med angst og depresjonar, og barn som opplever mobbing, dårleg skulemiljø og vanskelege forhold heime, så kan det vel henda at den slags kunne resultera i gammaldags «skulk». Men ein var kanskje mindre opptatt av å leita etter årsaker før i tida.

Milde, men sterke forventningar

Nok om det. Den tvilen ein måtte bera med seg, skal ikkje ta frå Brochmann og Madsen at dei leverer tankevekkande analysar av problematiske utviklingstrekk i tida. Dei oppstår som regel ikkje i skulen, men som den siste fellesarenaen i samfunnet fungerer skulen som ein teststasjon for den psykiske helsa til barn og unge.

I jakta på å oppklara «skulevegringsmysteriet» er forfattarane opptatt av prestasjonspresset barn og unge er utsette for, og som dei meiner er av eit anna og meir subtilt slag enn før.  Me snakkar altså om meir enn tradisjonelt karakterjag, sjølv om det også spelar inn. Av og til kan det som er godt meint, enda ille. Foreldre som «overforstår» og kappast om å investera så mykje tid og pengar i barna sine som mogleg, kan forsterka frykta for ikkje å leva opp til forventningane. At skulevegring synest vera eit aukande problem særleg i middelklassen, kan tyda på at slike mekanismar er i sving.

Brochmann og Madsen bruker NRK-programmet «Jul i svingen» frå 2006 som illustrasjon på ein barndom med meir tid til fri leik, der barna fekk «ordna opp sjølv», der det digitale var fråverande, men der dei til gjengjeld kom i kontakt med mange sære og rare folk. Sjølv om serien berre er 15 år gammal, verkar ungane der påfallande mentalt tøffe samanlikna med dagens, hevdar forfattarane.

Her ligg dei sjølvsagt farleg nær nostalgien, noko dei for så vidt minner seg sjølve på frå tid til anna. Men dei har eit poeng når dei skriv at «den sikre død for all kritisk tenkning (er) om man til enhver tid panisk vil være på lag med fremskrittet».

Løysinga ligg i skulen

Forfattarane kommenterer også mange andre samfunnsfenomen på vegen mot oppklaring av mysteriet: digitalisering og sosiale medium, svekka skuleautoritet, dyrking av valfridom og forbrukarrolle, den gjennomorganiserte barndommen, innsnevringa av normalitetsomgrepet og jakta på diagnosar. Dei oppsummerer i to hovudpunkt: Dagens barn og unge opplever eit sterkare press «om å bli noe». Samstundes har det «åpnet seg et rom for å ikke gå på skolen som ikke fantes tidligere». Samfunnet tek meir omsyn til barnets rettar og kjensler, og det finst eit digitalt alternativ som både er underhaldande og som fungerer som sosial møteplass.

Sjølv om problema oftast ikkje er skapte av skulen, må dei løysast i skulen, slår Brochmann og Madsen fast. Og løysinga ligg ikkje i kartlegging, kompetanseheving og «livsmeistring» som fag, men å utvikla skulen til beste for dei mest utsette gruppene. Då vil han bli betre også for dei sterkare elevane, meiner dei.

Det kan lyda i enklaste laget. Og styrken i denne boka er ikkje først og fremst svara, men dei mange gode spørsmåla undervegs.

Publisert: