Fascinerande om verdas vakraste gut

FILM: Vanvittig og fascinerande historie om den unge svenske guten som blei filmstjerne og posterboy mot si eiga vilje.

Svenske Björn Andrésen blei utropt til «verdas vakraste gut» og gjort til verdsstjerne. Problemet var at han ikkje ville det sjølv.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

VERDENS VAKRESTE GUTT

Kinopremiere: 21.01.2022. Originaltittel: Världens vackraste pojke. Skuespillere: Björn Andrésen, Annike Andresen, Silva Filmer. Sjanger: Dokumentar. Regi: Kristina Lindström, Kristian Petri. Nasjonalitet: Sverige, 2021. Språk: engelsk/fransk/italiensk/japansk/svensk. Lengde: 1 time, 33 minutt.

Dokumentarfilm har løfta seg til å bli noko av eit fenomen dei siste åra. Amanda for Årets norske kinofilm for 2020 gjekk til dømes til fantastiske «Kunstneren og tyven».

Men det er ikkje berre i Norge det blir laga bra dokumentarfilm. Svenske «Världens vackraste pojke» fortel også ei historie som er så vanvittig at ho sannsynlegvis ville blitt avvist som for urealistisk om nokon hadde levert dette som manusforslag til ein fiksjonsfilm.

Det heile startar med at 14 år gamle Björn Andrésen kjem inn døra til ein audition med den italienske filmskaparlegenda Luchino Visconti seint på 1960-talet. Regissøren er på jakt etter den perfekte ungguten til filmatiseringa av Thomas Manns «Døden i Venedig», og Andrésens mormor har meldt på barnebarnet. Andrésen smiler usikkert i kamera, ikkje minst etter at han fått beskjed om å kle av seg.

Den usikre, svenske ungdommen får rolla, og på filmlanseringa i Cannes i 1971 seier Visconti at guten han har funne er den vakraste guten i verda. Andrésen hamnar midt i ein malstraum av media og merksemd, reiser verda rundt, hamnar i Japan og blir teken imot med det same hysteriet som The Beatles.

Problemet er berre at Björn ikkje vil dette sjølv, ikkje har føresetnader eller apparat til å handtera det, har sine eigne demonar. Det skal ikkje gå så bra med han.

Dokumentarteamet kombinerer bileta frå 50 år sidan med at dei følgjer den nå gamle, radmagre og prega mannen i nåtid. Livet har ikkje berre fare fint med han som ein gong var den vakraste guten i verda. Han har heller ikkje berre fare fint med livet eller dei rundt seg.

Men som film blir dette altså eit fascinerande materiale. Varmt og nært. Tragisk, så det nesten ikkje til å tru. Men altså sant likevel.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. En heller svak og forut­sigbar kjærlig­hets­historie i en veldig fransk ramme

  2. Morsom, men tynn ninja-oppfølger

  3. Kunne blitt ein thriller om eit av verdas mest kjente bygg. Men nei...

  4. Manuset er nesten komisk svakt. Og skode­spelet. Og regien

  5. Sex og snakk på fransk

  6. James Bond-skaparen hadde ideen. Nå er den utrulege, men sanne, historia frå krigen blitt film

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Film