«The Mute» nominert til Årets forestilling

Christian Eriksen og Janove Ottesens «The Mute» er nominert til to prisar i teaternorges svar på Oscar, Heddaprisen. Rogaland teater har fire nominasjonar i tre klassar, og kan vinna pris både for beste mannlege og beste kvinnelege hovudrolle.

Publisert: Publisert:

«The Mute» er stumfilmteater med fullt symfoniorkester. Nå er stykket nominert til Årets forestilling av Hedda-juryen. Foto: Fredrik Refvem

Stavanger symfoniorkester (SSO) - som altså er eit orkester - er for første gong nominert til ein teaterpris. Men samarbeidet mellom SSO, Christian Eriksen (manus, regi og mannleg hovudrolle), Janove Ottesen (musikk og klaver) og Arne Nøst (regi, scenografi) om å laga den ordlause, musikalske framsyninga «The Mute», fekk tysdag altså eit nytt kompliment: «The Mute» er nominert til teaternorges aller gjevaste, årlege utmerking: Heddapris for Årets forestilling.

I tillegg er Arne Nøst, Christina Lovery og Jill Tonje Holter nominert i kategorien Beste scenografi/kostymedesign for scenografi, kostymer og masker til forestillinga, der også Nina Ellen Ødegård og Matias Kuoppala er med på scenen.

«The Mute» blei framført for fulle Fartein Valen-salar i Stavanger konserthus i vår. Aftenbladets meldar trilla ein femmar på terningen og skreiv blant anna: «The Mute» er litt sangløs opera, litt gammal slapstick-humor, litt musikkteater, litt tegnefilm og masse stumfilm. (...) Mange små puslebiter er satt sammen til en fin, morsom, rørende, imponerende og lettlikt forestilling.»

Fire nominasjonar

Men nominasjonsfesten stoppar ikkje der, sett med rogalandske auge. Rogaland teater har det siste tiåret gjort det oppsiktsvekkjande godt når Hedda-juryen deler ut nominasjonar og prisar, og er også i år godt representert i gjeve kategoriar.

Nina Ellen Ødegård er nominert til prisen for Beste kvinnelege hovudrolle for innsatsen i «Scener fra et ekteskap». Foto: Fredrik Refvem

To av dei tre som er nominert i klassen for Beste kvinnelege hovudrolle, er skodespelarar på Rogaland teater. Nina Ellen Ødegård er nominert for rolla si i Ingmar Bergmans «Scener fra et ekteskap», der Aftenbladet trilla ein femmar og skreiv at «Ekteparet Nina Ellen Ødegård og Anders Dale gnistrar som ekteparet Marianne og Johan». Ødegård har vore med på å vinna ei rekkje Hedda-prisar, og vann til dømes prisen for Beste kvinnelege hovudrolle i 2017, for innsatsen i Orlando.

Også Helga Guren har vore med på å vinna kollektiv Hedda tidlegare, og har fleire gonger vore nominert. Denne gongen er ho nominert til Beste kvinnelege hovudrolle for prestasjonen sin i «Dritt», eit samarbeidsprosjekt mellom Rogaland teater og Østfold kulturutvikling. I «Dritt» er Gulen kliss naken og aleine på scenen. Aftenbladet trilla nok ein femmar og skreiv blant anna: «Dritt» er teater i si enklaste form, heilt avkledd. Men dermed også heilt ekstremt.»

Helga Guren er nominert til prisen for Beste kvinnelege hovudrolle for «Dritt». Foto: Trine Sirnes

Fantastiske ting

Espen Hana fekk terningkast seks av Aftenbladets meldar for suksessforestillinga «Alle fantastiske ting» - som opplevde billettstorm og utselde hus i vår. «Du kommer til å gråte litt. Du vil humre. Antakelig vil du le høyt mens du tørker tårer. «Alle fantastiske ting!» er nydelig og ujålete teater – og Espen Hana er i storform,» skreiv Aftenbladet.

Også Hedda-juryen har bite seg merke i Hanas innsats, og har nominert han til prisen for Beste mannlege hovudrolle.

«Alle fantastiske ting» blei vårens store teatersnakkis på Rogaland teater. Nå kan Espen Hana vinna Hedda-pris for innsatsen i stykket. Foto: Jarle Aasland

Rogaland teater kan også enda opp som delvinnar i kategorien Årets regi, der Kjersti Horn er nominert for «Scener fra et ekteskap» og «Arv og miljø» ved Den Nationale Scene. «Arv og miljø» er også blant dei fem nominerte til Årets forestilling. Dei tre siste «The Mute» konkurrerer med er Riksteatrets «Havboka», Det norske teatrets «Lazarus» og årets sannsynlegvis mest omtalte teaterstykke: Black box teaters «Ways of seeing».

Heddaprisane blir delt ut i Oslo 16. juni. Du kan sjå alle nominerte på heddaprisen.no

Publisert: