Bra timing for Knerten

FILM: «Knerten og sjøormen» skildrar den nostalgiske draumen om den norske sommaren på hytta, og passar sånn sett perfekt på kino nå.

Publisert: Publisert:

Lillebror og Knerten kosar seg på Sommerøya i «Knerten og sjøormen».

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 out of 6

Knerten og sjøormen

Skuespillere: Espen P. A. Lervaag, Filip Mathias Eide, Mia Ålvik, Anette Hoff, Silya Nymoen, Silje Storstein, Sjur Vatne Brean, Kristoffer Olsen. Sjanger: Familiefilm / Barnefilm. Regi: Tove Undheim. Nasjonalitet: Norge, 2020. Aldersgrense: For alle. Lengde: 1 time, 11 minutt.

Mens ei rekke storfilmar er utsette til hausten eller neste år, framskynda folka bak «Knerten og sjøormen» premieren til 3. juli. Det er bra. Både kinoane og publikum treng nye filmar som kan trekka mange inn i mørket, også i ei tid med smitteverntiltak og max 200 i rommet.

«Knerten og sjøormen» passar perfekt til sommarferien. Det er nemleg ein lett og koseleg film om ein sommarferie. Sju år gamle Lillebror og Knerten drar med storebror og tante til Sommerøya. På nabohytta er åtte år gamle Eddy med mora. Lillebror og Eddy leikar saman – noko Knerten blir litt sjalu på.

Dessutan går det rykte om at det er ein sjøorm i havet utanfor Sommarøya. Ein rar mann går rundt øya med instrument han ser ut til å ha funne hos skraphandlaren og prøver å finna spor etter sjøormen. Min åtte år gamle konsulent tykte mannen var morosam. Eg? Not so much.

Historia i den femte filmen om Knerten er strengt tatt tynn og lett som ei flis. Familiane er plasserte i ein nostalgisk sommardraum, som er tru mot universet til Anne-Cath Vestly i hennar 100-årsjubileum som forfattar. Tidskoloritten er konsekvent og ser ut som tidleg 1960-tal, både i kostyme og hytteinteriør. (Dei fire første Knerten-bøkene kom mellom 1962 og 1965). Her er ingen mobiltelefonar eller iPadar. Dei glade og sympatiske barna er aldri urimelege, bortskjemde eller kravstore. Dei finn spenning nok i å klatra i tre, velta seg i graset, fantasera om sjøormar og skumle stiar.

Ingen iPadar å sjå i «Knerten og sjøormen». Her er tre å klatra i og bøker å bla i nok til å gleda dei sympatiske barna.

Sånn sett ser regissør Tove Undheims langfilmdebut litt ut som godt vaksnes nostalgiske draum om korleis den perfekte hyttesommaren – og perfekte barn – er. Sonen min likte det godt, trilla terningkast sju – sjølv om han i sin eigen ferie nok ønskjer meir action, snop og wifi.

Skodespelet til både store og små er som det ofte er i norske barnefilmar: Overtydeleg og lett karikert, med replikkar som høyrest meir ut til å vera skrivne av vaksne menneske enn som noko du forventar å høyra frå ekte sju- og åtteåringar.

Midt i 60-talsnostalgien dukkar plutseleg 2020 opp i form av eit moraliserande og ganske malplassert foredrag om problemet med plast i havet.

Det er 11 år sidan den første Knerten-filmen kom, og når nummer fem nå er klar, illustrerer det at mange norske familiar stadig liker nostalgisk kos på film. Det går nok bra med «Knerten og sjøormen» også.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Saudabu blir ny toppsjef i Equinor: - Det blir bra med en ingeniør

  2. Tre styrepils i 60 knop

  3. Stengt vei på Rennesøy grunnet steinras

  4. Venter «graverende rapport» etter konsert i Egersund

  5. Re-Naa og Rosehagen jubler: Oppturer for restauranter i Rogaland, men ikke for alle

  6. To nye smitte­tilfeller i Stavanger

  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. Kino