Tilløp til trøyst

BOK: Her er mykje brutalt, her er ein barsk samfunnskritikk, men samstundes tjukt av tilløp til trøyst og forsoning. Det skriv vår meldar om Ali Smiths nye roman.

Publisert: Publisert:

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent

Grade: 5 of 6 stars

Ali Smith: Vår. Omsett av Merethe Alfsen. 298 sider. Forlaget Oktober.

«Truth is stranger than fiction», sa forfattaren Mark Twain ein gong. «But it is because fiction is obliged to stick to possibilities. Truth isn’t.»

Skotske Ali Smith, som no er komen til tredje bandet i det som av mange har blitt kalla ein post-Brexit- kvartett, men som er mykje meir enn det, let seg på ingen måte hemma av gamle påstandar om skjønnlitteraturens avgrensingar, men held i romanen «Vår» fram med å utforska universet som opnar seg bak alle dei overskriftene og flimrande fakta vi i det daglege kallar «samtida».

Les også

Les om første bok i serien: Ali Smith på sitt ypperste

Les også

Og andre: Mesterlig fra Ali Smith - igjen

I «Vår» møter vi eit lite og avgrensa persongalleri. Filmregissør Richard Lease har nyleg mista ei som sto han nær; eit tap som for Richard inneber ei djup livskrise. Livet hans løyser seg opp, og laga som har halde han på plass, vert skrella vekk.

Barsk samfunnskritikk

På den andre sida har vi Brittany Hall, ei som arbeider mellom asylantar og innvandrarar internerte i London, som i ei bratt læringskurve har måtta læra seg kynismen ho treng og som har funne ut akkurat kor umenneskeleg ho må vera for å overleva i jobben. Om ho aldri så mykje kan gå heim etter arbeid, vert ho også på eit vis internert i eit system som verkar avgrensande både på dei som kjem til lands og dei som var der frå før.

Og så er det Jenta, Florence, dette gåtefulle uromomentet som ein dag kjem seg inn bak alle tryggleikstiltaka, inn i interneringsleiren, som eit gisp går ho gjennom sperringane: « … en jente i skoleuniform hadde angivelig bare vandret inn i senteret.» Kven er ho? Kva gjer ho? Gradvis avdekkjer romanen samanhengar mellom desse personane som både skaper ei spennande historie og som samstundes gjer det klart at Smith ikkje berre legg ei lupe over tre lagnader her; men at desse tre opnar dører inn til eit omfattande britisk kollektiv. Her er mykje brutalt, her er ein barsk samfunnskritikk, men samstundes tjukt av tilløp til trøyst og forsoning.

Håp

Ali Smith har ein eigenarta forteljarstil, eit særpreg som har vunne henne mange entusiastiske omtalar på vegen. I norsk språkdrakt slepper dette særpreget gjennom på forbløffande vis, og det er vanskeleg å la vera å nemna Merethe Alfsens konsistente arbeid med å overføra noko så britisk til eit vitalt norsk som ikkje slår seg til ro med å dilta etter opphavet. Smiths kollasj-aktige omgang med referansar inspirerer nyfikne i meg som lesar (for korleis var eigentleg historia om den austerrikske diktaren R.M. Rilke og forfattaren Katherine Mansfield?)

Ho tek samtidsdiagnosen og samfunnsrefsen forbi det klaustrofobisk analytiske og gir lagnadane for dagens britar klangbotn og håp. Hjelp finst, også der samtida ser ut til å ha gått i vranglås på nedrig vis. Håpet finst kanskje nord for folkehopen og storbyens travle tidseffektive meiningstvang?

Noko varmare

Det er mogleg vi i «Vår» kan tolka Skottland som ein håpefull destinasjon, både for karakterane men også politisk, for eit Storbritannia som ifølgje Ali Smith ser ut til å trenga meir godt gamaldags anstendig syn for det mellommenneskelege. Slik sett er dette prosjektet, kor moderne det verkar, også eit kall tilbake til noko varmare og meir eigentleg som ligg klar til å bryta fram under ei slags byråkratisk opphoping. 

Tilbake til Mark Twain-sitatet. Der Ali Smith med kirurgisk presisjon opnar nokre av smertepunkta i britisk samtid, er det ikkje eit mål å berre «stick to the possibilities», Smith sin realisme tryglar snarare om at det må vera noko utover det som er sannsynleg, ja helst noko meir enn det som er rekna for realistisk; det må komma inn eit moment som ingen såg koma, og det må på same tid vera sårbart og råsterkt. I «Vår» kjem det altså i form av ei skulejente som nærast svevar forbi alle hindringar og krev ei formidabel vårreingjering – for alle internerte. 

Publisert: