Hardt­slåande lydfilm om å bli døv

FILM: Ikkje minst lyden løftar «Sound of Metal» – filmen om metaltrommisen som plutseleg blir døv.

Ruben er trommis. Plutseleg ein dag sviktar høyrselen. Kva gjer han då?

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Sound of Metal

Med: Riz Ahmed, Olivia Cooke. Sjanger: Drama. Regi: Darius Marder. Nasjonalitet: USA. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 2 timar.

Sjå for deg at du jobbar som musikar – og så merkar du plutseleg ein dag at du ikkje lenger høyrer musikken. Det er som å vera tømrar og plutseleg ein dag ikkje kunna løfta armane. Det er ein katastrofe.

Men det er altså dette Ruben (Riz Ahmed) opplever. Saman med kjærasten Sue (Olivia Cooke) lever han av og for musikken. Duoen deira spelar ganske støyande rock. Ho syng og spelar gitar, han er trommis. Saman køyrer dei på kryss og tvers av USA i ein ombygd buss som også er heimen deira. Ruben og Sue har begge med seg demonar frå fortida si som dei prøver å halda på avstand gjennom hardt arbeid og sunn livsstil.

Ruben og Sue bur, jobbar og reiser saman. Alt er basert på musikken Ruben ikkje lenger kan høyra.

Lydleg katastrofe

Så sviktar altså høyrselen til Ruben ein dag. Korleis viser ein det på film? Heldigvis gjennom aktiv og bevisst bruk av det dette handlar om: lyd.

Me får altså ikkje berre sjå Rubens sjokkerte og redde ansikt, hans forsøk på å få ut proppane han først trur han har fått, legetimane og spesialistundersøkinga. Me får også høyra kva Ruben høyrer. Korleis musikken blir grøtete og nesten borte. Korleis han nesten ikkje høyrer ord lenger, eller feil ord. Korleis han i løpet av kort tid mistar sitt viktigaste instrument, desperasjonen etter å fiksa det som er gale.

Katastrofen fører Ruben til eit kollektiv langt ute på landet der han møter Joe, som mista høyrselen då ei bombe gjekk av rett ved han under Vietnamkrigen. Joe tek imot døve med rusproblem, og lærer dei å leva med situasjonen sin. Problemet sit i hovudet, ikkje i øyra, meiner Joe (Paul Raci).

Ruben må plutseleg forholda seg til heilt andre menneske enn han er van med. Som døve barn.

Hjelp å få?

Ruben treng tid både på å innsjå at han treng hjelp og på å prøva å tilpassa seg sin nye situasjon. Han stiftar også kjennskap med debatten rundt om ein skal sjå på det å vera døv som eit handikap som kan «fiksast» med eit cochliaimplantat, eller om det ikkje skal sjåast som eit handikap, men ein tilstand å leva med.

Historia i «Sound of Metal» er altså dramatisk. Ikkje i ytre action, men gjennom det menneskelege dramaet som spelar seg ut for Ruben og dei rundt han. Skodespelarlaget leverer på høgt nivå, Ahmed og Cooke gjer desperasjonen og forsøket på å finna nytt fotfeste truverdig og nært - sjølv om framdrifta tidvis stoppar litt opp i midtpartiet. Paul Raci har vunne fleire prisar for si birolle, ei oppgåve han var spesielt rusta til etter å ha vakse opp som høyrande barn av døve foreldre. Raci snakkar altså døvespråk flytande.

For oss høyrande gir «Sound of Metal» eit interessant innblikk ikkje berre i ei livskrise og eit menneskeleg drama, men også i det lydlege ved å vera døv. Alt frå korleis det høyrest ut rundt eit middagsbord med døve til korleis det høyrest ut når høyrselen blir borte. Eller korleis det kan høyrast ut å leva med implantat. Dermed er «Sound of Metal» noko så sjeldan som ein hardtslåande lydfilm.

Publisert:
  1. Film
  2. Døv
  3. Anmeldelse
  4. Filmanmeldelse

Mest lest akkurat nå

  1. Dette mener ekspertene skal til for at vi kan leve som før

  2. Tre nye smittetilfeller i Stavanger - ett i Sandnes

  3. Norges nest største private sykehus åpner på Lagårdsveien

  4. Gymtimene i skolen endres. Nå slår elever og lærere alarm.

  5. Tove Sæther Hagland har flyttet arbeidsplassen til fjellet: – Hyttekontoret gjør meg mer effektiv

  6. Nyheten om lillesøster fikk Klæbo til å smile