Sårt og fint frå Australia

FILM: Går det an å laga komedie om barnekreft og rusmisbruk? Ja, men med eit element av tårer.

Milla og Moses møtest. Dei er eit umake par.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 5 out of 6

Babyteeth

Kinopremiere: 25.06.2021. Med: Eliza Scanlen, Toby Wallace, Emily Barclay, Eugene Gilfedderwith, Essie Davis. Sjanger: Komedie / Drama. Regi: Shannon Murphy. Nasjonalitet: Australia, 2019. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 time, 58 minutt.

Milla (Eliza Scanlen) er 16 år og har det ikkje godt. Du ser det på henne, heilt frå første møte med henne på ein togperrong, at ho er utilpass, frustrert, sånn ein ungdom så ofte kan sjå ut.

Sidan me gradvis få vita meir om alt Milla faktisk har å stri med. Det er ikkje lite.

På den same togperrongen møter Milla Moses (Toby Wallace). Han er narkoman, doplangar, tatovert og stygg på håret, det siste mennesket nokon forelder ville ønska seg som svigerson.

Milla skal falla for Moses. Moses skal få Milla til å føla seg levande, til å kjenna ting ho aldri har følt før.

Shannon Murphys debutfilm «Babyteeth» gjorde reint bord og vann heile ni prisar då Australias variant av Oscar/Amanda blei gjennomført i fjor, inkludert prisen for beste film det året. Det kan eg godt forstå.

Dette er noko så sjeldan som ein film om noko alvorleg og trist – som likevel får deg til å le. Skal ein lukkast med noko sånt, set det store krav både til manus, regi og ikkje minst skodespel. Og i «Babyteeth» fungerer alt dette.

Me blir kjende med ein relativt liten gjeng folk som alle slit med sitt. Me Millas far (Ben Mendelsohn), psykiateren som skriv ut resept på diverse top til den som måtte ha behov for å døyva smerta. Med Mollys mor (Essie Davis), musikaren som villig tek imot tablettane. Med den gravide naboen som aldri få skikk verken på hund eller hus. Livet går ikkje på skjener for nokon av dei. Men skildringa av dei er gjort med ein sår humor som får deg til å smila gjennom tragedien.

«Babyteeth» er blitt samanlikna med filmar som «American Beauty» og «The Fault in our Stars». Litterært får eg assosiasjonar til Jonathan Franzens «Korrigeringer».

Men i sentrum for det heile står altså Milla og Moses. Begge er briljant godt spelte av dei unge skodespelarane. Begge får deg til å tru på dei. Begge verkar levande, interessante, mangesidige. Mang ein gong gjennom filmen, seier og gjer karakterane ting du ikkje såg koma, men som likevel blir både logisk og truverdig.

Visuelt er det også flott gjort, både fint filma og klypt, og delt inn i korte, tematiske brokkar. Denne kan du trygt gå på kino og sjå.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Ikkje heilt konge

  2. Punken var visst ikkje død

  3. Absurd frå eit USA i forfall – men alle vil nok ikkje le

  4. Absurd, provoserende og originalt om sex-tape på avveie

  5. Går det an å både le og grina av kreft og tragedie? Absolutt

  6. Rørende og vakkert om kjønns­identitet

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Film
  4. Anmeldelse