Teateraktig film om Oslo-avtalen

FILM: Filmen «Oslo» er basert på teaterstykket «Oslo». Det syns litt for mykje.

Terje Rød-Larsen (Andrew Scott) og Mona Juul (Ruth Wilson) opna den hemmelege Oslo-kanalen som skulle føra fram til Oslo-avtalen i 1993.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Oslo

HBO Nordic. Dato: 30.05.2021. Regi: Bartlett Sher. Med: Ruth Wilson, Andrew Scott, Jeff Wilbusch, Salim Dau m fl. Aldersgrense: 12 år. Sjanger: Drama. Lengde: 1 time, 58 minutt.

Samtidig som nok ei skjør våpenkvile mellom Gaza og Israel er på plass, etter nok ein runde med Hamas-rakettar og israelske bomber, slepper HBO Nordic denne helga filmen «Oslo». Filmen handlar om prosessen som leia fram til den såkalla Oslo-avtalen i 1993, der Israel og PLO gjensidig anerkjente kvarandre. Avtalen som fekk PLO-leiar Yassir Arafat og Israels statsminister Yitzhak Rabin til nølande å ta kvarandre i hendene utanfor Det kvite hus i Washington D.C. 13. september same år. Avtalen som ei stund tente eit håp om varig fred mellom dei to partane.

Terje Rød-Larsen og Mona Juuls hemmelege forhandlingar mellom palestinarar og israelarar i Sarpsborg inneheld i seg sjølv sterkt, viktig og historisk materiale. Men kan detaljerte og kompliserte forhandlingar om formuleringar i politiske dokument fungera som drama på ein scene eller på film?

Vel, J.T. Rogers teaterstykke «Oslo» har vunne fleire prestisjetunge prisar, så på ein teaterscene fungerer det tydelegvis. Spelefilmdebutant Bartlett Sher hadde også regien på teaterversjonen av «Oslo». Det kan kanskje vera noko av grunnen til at «Oslo» ikkje fungerer så godt som me kunne håpa som film.

Filmen ber nemleg for sterkt preg av å vera basert på teater. Det aller meste av handlinga går føre seg i staselege rom der partane snakkar og snakkar og snakkar, og forklarer og forklarer. Det kan godt henda skodespelet – og sminka – kunne fungert i eit teaterrom, men på film blir det noko stivt og saktegåande over det heile.

Det hjelper definitivt ikkje at så godt som alle, sjølv dei få skodespelarane som har engelsk som morsmål, snakkar ein merkeleg, lett gebrokken engelsk. Særleg skjer overspelet til britiske Geraldine Alexander som vaffelserverande vertinne i øyra. Det er som om ho spelar ein parodi.

Ruth Wilson er ein fantastisk skodespelar, til dømes i «The Affair». Men også ho blir stiv og mekanisk i rolla som Mona Juul. Det same er Andrew Scott, som ein tilknappa Terje Rød-Larsen.

Men hovudproblemet er det manglande drivet i filmen, som gjer at me ikkje blir fanga tilstrekkeleg av dramatikken som burde liggja i dette materialet.

Det heile er flott filma – sjølv om ingen nordmenn vil kjenna att noko som helst frå Norge. Og for ein som både har vore i Israel og på Gaza, kan eg melda at lyset ikkje er gult der, slik det er i denne filmen.

Som alltid med drama basert på verkelege hendingar: Det er komplett uråd å vita kva som er sant og kva som er dikting i «Oslo». Kanskje var det slik Oslo-avtalen kom i stand. Men mest sannsynleg var det ikkje på nøyaktig denne måten. Sjølv om du ser det på skjermen.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Svak stjerneglans

  2. Fargerik jule­magi for hele familien

  3. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  4. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  5. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  6. Disney leverer magi til jul

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. HBO Nordic