Denne filmen bør du sjå! Punktum.

FILM: «Kunstneren og tyven» er kanskje den mest fascinerande historia du får sjå på kino i år.

Publisert: Publisert:

Karl-Bertil Nordland frå Søredalen i Sandnes stal kunsten til Barbora Kysilkova frå Tsjekkia i Oslo. Så blei dei venner. Det er ei fascinerande historie festa på film i «Kunstneren og tyven».

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 6 out of 6

Kunstneren og tyven

Med: Barbora Kysilkova, Øystein Stene og Karl-Bertil Nordland. Sjanger: Dokumentar. Regi: Benjamin Ree. Nasjonalitet: Norge, 2020. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 1 time, 42 minutt.

Den som måtte vera i tvil om kva effekt eit kunstverk kan ha på eit menneske, skal sjå scenen i «Kunstneren og tyven» der tjuven Karl-Bertil Nordland for første gong ser kunstnaren Barbora Kyslikovas portrett av han. Eg har aldri sett eit menneske reagera slik på eit kunstverk. Det er så ekte, så sterkt, så hudlaust, at du skal ha ein personlegdom av betong for ikkje å bli rørt, for ikkje å kjenna det i magen. Sjølv syns Nordland, fødd og oppvaksen i Søredalen utanfor Sandnes, at det er ganske ubehageleg å sjå nå i ettertid. Det er for vondt.

Les også

– Jeg har levd 8,5 av mine 9 liv

Utruleg historie

Historia i «Kunstneren og tyven» er så utruleg, så bisarr, så spesiell, at det nesten ville vore litt for mykje av det gode om dette var ein fiksjonsfilm. Men så er det altså ein dokumentar, ei sann historie frå den verkelege verda, som det nesten er ubegripeleg at er festa til film.

Utgangspunktet er sånn: I 2015 hadde den Oslo-baserte tsjekkiske kunstnaren Barbora Kysilkova ei utstilling i Galleri Nobel i hovudstaden. Men så blir to av dei store måleria hennar stolne ei natt. Overvakingsbileta gjer det relativt lett å identifisera tjuvane.

Det spesielle er at Kysilkova under rettssaka tek kontakt med den eine tjuven, rusavhengige Karl-Bertil Nordland, og spør om dei kan møtast. Ho vil først og fremst finna ut kvifor tjuvane stal bileta og kor dei stolne måleria er – men også måla mannen som stal kunsten hennar. Det blir starten på eit forunderleg og uventa vennskap som skal gå over fleire år – fascinerande nok festa på film av dokumentarfilmskapar Benjamin Ree. Han har tidlegare laga den gode dokumentaren «Magnus», om verdas beste sjakkspelar.

Kunstnaren og tjuven blir venner. Han blir også eit motiv ho målar. Slik blir tjuven også kunst.

Meisterleg forteljargrep

Forteljargrepet og komposisjonen i «Kunstneren og tyven» er svært vellukka. For etter å ha sett både saka og tjuven frå kunstnarens side i det som så langt har vore ein engelskspråkleg film, endrar Ree synsvinkelen og fortel korleis dette ser ut frå tjuvens side. Litt som i «The Affair», der biletet går i svart og du i neste bolk får sjå den same historia frå ein annan karakter sitt perspektiv.

Plutseleg viser det seg at tjuven er langt meir enn den rusavhengige stakkaren me har sett Barbora forbarma seg over. Han viser seg å vera ein kar frå våre trakter, ein som snakkar rogalandsk, med ei sterk livshistorie, eigne draumar og demonar, tankar og refleksjonar. Det viser seg at det ikkje berre er Barbora som ser Karl-Bertil. Han ser også henne.

I løpet av filmen skal det visa seg at begge to skal oppleva både oppturar og nedturar, at livet kan by på så mangt, enten du er kunstnar eller tjuv. Og at det ikkje alltid går sånn som det lenge ser ut til å gå.

Langtidsprosjekt

Det ubegripelege og fascinerande er korleis filmskapar Ree har klart å vera til stades og fanga ei så utruleg historie på film frå så tidleg i prosessen, frå fjerde møte mellom dei to. Han ante ikkje korleis dette skulle utvikla seg då det heile starta – det gjorde ingen av aktørane i denne historia. Men heldigvis droppa han planen om å laga ein ti minuttar lang kortfilm for VGTV, og hang på i nesten tre år. Og så har han lukkast meisterleg i å kna det enorme materialet han må ha sitte på til ei filmforteljing du knapt har sett maken til – og som byr på ei avslutning som står i stil med den bisarre historia.

«Kunstneren og tyven» er allereie hylla av kritikarane og har fått masse fancy prisar på diverse prestisjetunge filmfestivalar. Nå fortener han også eit stort publikum på kino. Denne filmen bør du sjå! Punktum.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kommunen har gjeld til langt opp over ørene: - Uten den lave renta hadde dette vært en økonomisk katastrofe

  2. Stavanger-politiker søker om fritak fra sine politiske verv: – Livet sier «stopp litt nå» til meg

  3. – Trippelen var en kjekk og spennende utfordring

  4. Lærere med hoved­fag klarer ikke løse nye eksamens­oppgaver for mate­matikk i videre­gående: – Vi føler oss maktes­løse

  5. Hytta er 15 minutter hjemmefra: – Veien er kort, men jeg har følelsen av å være langt til fjells

  6. 13 fikk bot på E39

  1. Anmeldelse
  2. Film
  3. Filmanmeldelse
  4. Kino