Ambisiøst? Ja. Vellukka? Nei

BOK: Når tendensen til tungetale frå parnasset blir plagsomt påtrengande.

Erlend Flornes Skaret kjem frå Bømlo. «Caninevangelium» er den fjerde romanen hans.
  • Steinar Sivertsen
    Steinar Sivertsen
    Litteraturkritiker
Publisert: Publisert:
Grade: 3 out of 6

Erlend Flornes Skaret: «Caninevangelium». 143 sider. Samlaget.

Den enkle opningssetninga i den fjerde romanen til Erlend Flornes Skaret (født 1976 på Bømlo, utdanna sivilingeniør og med forfattarstudiet i Bø bak seg då han knalldebuterte med romanen «Wroclaw» i 2011) er vellukka, av to grunnar. Ho fører lesaren rett inn i ei konkret scene, og ho skapar ei spenning som varer ved nesten gjennom heile teksten: Eg stod ved stovevindauget og kikka ut då eg såg min beste venn komme for å gi meg juling.

Som i dei tidlegare bøkene sine, legg forfattaren handlinga til utlandet. Denne gongen ikkje til Polen, Spania, Tyskland eller Marokko, men til den covid-ramma byen Steyr i Austerrike. Der bur den vagt teikna, norske eg-forteljaren Jon.

Han skildrar ikkje berre kvardagen sin der sambuaren Geirlinde, nokre namngitte naboar, hunde- og yuccapalmeeigaren Guttmann Kornelius og eskortedama Denise framstår som dei viktigaste peilepunkta. Han insisterer også på å briljera som djupttenkjande livsfilosof. Det er monaleg verre.

For då dukkar det til dømes i rask rekkefølgje opp 14 doserande, tungetaleaktige utsegner som alle byrjar med orda «Eg trur ikkje» og er knytt til fenomenet «tid». Han trur ikkje at «tid er ein vertikal», «ei ståande bølgje», «ei propaganderande bølgje», «ein farkost», «ein behaldar». At «omgrepet tid peikar tilbake på noko reelt», trur ikkje at «noko rører seg parallelt eller proporsjonalt med, eller som eit resultat av det vi kallar tid», trur ikkje «tid er entropi». Ja, «trur ikkje det finst tid. Anna som eit konstruert koordinatsystem», «ei refererande rekke av tal som vi insisterer på å projisere over på det vi per augeblikk driv med», ein «illusjon om at det finst ei retning i eksistensens vekttorfelt» eller er «eit substitutt for ein konstruert abstinens».

Det er mogleg at eg stryk til eksamen i filosofi når eg må melda pass overfor denne typen «subtil» tenking. Men noko kan eg i det minste slå fast utan å nøla: I ein roman fungerer slike luftige tankesprang dårleg.

Langt meir medrykkande blir teksten når forteljaren formidlar spenninga han opplever like før «hans beste venn», nei, meir presist «einaste venn», eller kanskje endå sannare, «kjenningen» Guttmann Kornelius ringer på dørklokka hans.

Inntrykk gjer også historia til Denise, hora frå Honduras, som med enkle, likeframme ord fortel Jon om det dramatiske livet sitt. Der er den ambisiøse, hobbyfilosofiske belæringa heldigvis fråverande.

Sluttorda er overrumplande. Medan boktittelen først ga ei slags meining då eg googla ordet «canin».

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Eit arty-farty kunstnarportrett

  2. Korleis snakkar me om den norske oljerikdommen?

  3. Førsteklasses roman fra DDRs siste dager

  4. Her er mange mulige mistenkte, den ene mer glamorøs enn den andre

  5. Forfatteren vil for mye, men byr på røff underholdning og mangt å bryne seg på

  6. Spennende krimdebut med godt driv og mange overraskelser

  1. Bokanmeldelser
  2. Bokanmeldelse
  3. Anmeldelse