Oljerikdomens pris

Tv: Andre sesong av «Lykkeland» er best når han fortel dramatisk, norsk oljehistorie og svakast når han blir såpeopera.

Andre sesong av «Lykkeland» startar med utblåsinga på Bravo-plattforma i 1977.
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

To dramatiske og høgst reelle hendingar i norsk oljehistorie rammar inn andre sesong av «Lykkeland»: I april 1977 er det full og ukontrollert oljeutblåsing på Bravo-plattforma på Ekofisk-feltet. Og i mars 1980 går Alexander Kielland-plattforma rundt. 123 menneske mistar livet.

Hovudkarakterane i dramaserien «Lykkeland» er påfallande tett på begge hendingane.

God idé!

Å fortelja historia om det norske oljeeventyret – og dermed om utviklinga av det moderne Norge generelt og Stavanger-regionen spesielt – er ein god og nødvendig idé. Ideen er godt forvalta av eit særs kompetent lag på alt frå manus og regi til skodespelarar og rekvisitørar. Også sesong to gir eit fascinerande tidsbilete av korleis folk og samfunn såg ut seint på 1970-talet, frå chipsposar til slengbukser og grå telefonar.

«Lykkeland» leverer eit fascinerande tidsbilete av Stavanger seint på 1970-talet.
Les også

Utlandet vil ha mer Lykkeland

Mens første sesong fortalde om det første oljefunnet og den første spiren til oljeindustri rundt 1970, startar andre sesong altså i 1977. Det er full aktivitet på Ekofisk-feltet, olja og pengane fløymer. HMS og ordna arbeidsforhold er det verre med.

Forteljargrepet

«Lykkelands» metode er å fortelja Den store historia gjennom små historier om ganske vanlege folk. Det er i seg sjølv eit godt grep, og viser korleis samfunnet endrar seg gjennom erfaringane til desse menneska.

I staden for å laga foredrag om kvinners stilling i 1977, viser serien korleis den superkvalifiserte siviløkonomien Anna (Ellingsæter) ikkje ein gong blir kalla inn på jobbintervju. Mennene styrer i oljebransjen og ser ikkje på kvinnene som anna enn sekretærar som kan levera kaffi og stenografi.

I staden for ein dokumentar om korleis religionen gradvis mister kraft og utelivsbyen Stavanger veks fram, lar «Lykkeland» bedehusjenta Toril (Wadel) og dykkarmannen hennar Christian (Ims) bygga bedehuset om til bar. (Ekstra moro for innfødde er at bedehuset i serien faktisk er Lars Oftedals «Bethania», nå showhuset «Stavangeren»). Torils mor Bodil (Goody) fortviler.

Og i staden for statistikk over økonomisk utvikling, får me sjå korleis oljearbeidarane har råd til Rolex-klokker og raske bilar. Me ser frustrasjonen hos rikmannskona Ingrid (Tjelta), som er forvirra i møte med dei store endringane. Ho er slett ikkje ukjent med rikdom – men før var det jo bare deira familie som var rik.

Reiarkona Ingrid Nyman (Pia Tjelta) er van med rikdom. Det forvirrande er når så mange andre plutseleg tener så mykje pengar.
Les også

Nå er «Lykkeland»-innspillingen i gang igjen i Stavanger

Ja, og så er me sjølvsagt på plattformdekket og tett på oljespruten saman med dei som prøver å stoppa Bravo-utblåsinga, blant anna Annas bror Rein (Ertvaag). På same måte som historia om Kielland-ulukka blir fortalt både frå dei som er der ute – og dei som er heime.

Såpeopera

Men samtidig som det er ein stor styrke og eit smart forteljarmessig grep å fortelja historia gjennom karakterane, ligg også «Lykkelands» problem her. For til tider bikkar alle småhistoriene frå kvardagsliv og familieforviklingar over i såpesjangeren. Alle sidehistoriene er ikkje interessante nok. Det kan tidvis bli for mykje kvardagsliv, trivialitetar og dagar på kontoret, særleg i midtpartiet av årets sesong, der det luggar i framdrifta.

Tidvis kan byen, utviklinga og Den store historia bare bli bakgrunn og kulissar. Og det er Den store historia om byen, utviklinga og oljeeventyret som er mest interessant. Det er denne historia som er heile poenget med i det heile tatt å laga «Lykkeland».

Anna og Jonathan jobbar begge med olje i sesong to av «Lykkeland».
Les også

Canneseries: To priser til Stavanger-serien «Lykkeland»

Den som intet våger …

Andre sesong handlar i dette perspektivet om enormt mykje, men det viktigaste temaet er risiko. Eller, for å seia det på ein annan måte, prisen ein har vore villig til å betala for å oppnå oljerikdomen. Om oljeselskap som ikkje har hatt nødvendige sikkerheitsrutinar, om oljearbeidarar som jobbar for mykje, om pionerdykkarane, om triksing og fiksing for å få lukrative internasjonale kontraktar med tvilsame regime, om offentlege styresmakter som ikkje stiller strenge nok krav.

Tidskoloritten og dramatikken offshore er allereie nemnt, fint fanga av kamera. Her er mange fine skodespelarprestasjonar – sjølv om eg tidvis kan tenkja at det blir noko skriftleg over replikkane. Det er som om eg kan sjå for meg bokmålssetningane som står i manus, og høyra korleis dette smittar over i det som skal vera naturleg stavangersk.

Og så kan ein tidvis ana at innspelinga er gjort i koronaens tid, med dei komplikasjonane det har medført. Det blir stadig vekk snakka om at det full brakke og full gass på baren, men det me ser på skjermen ser ganske glissent, stivt og ikkje særleg full gass ut. Er det meteren me ser?

Bedehusjenta Toril (Wadel) og dykkarmannen Christian (Ims) opnar bar på bedehuset.

Sesong tre!

«Lykkeland» er både nødvendig, underhaldande og interessant norsk samtidshistorie – fortalt på tv-dramaets premiss. Det er noko anna enn historiebøker, journalistikk eller dokumentarfilm.

Sjølv om sesong to ikkje er perfekt, håper eg inderleg at NRK bestiller sesong tre. Det norske oljeeventyret slutta på ingen måte i 1980. Denne historia må forteljast vidare!

Publisert: