– Litteraturen er der for å utvida oss

Sidan det er Kapittel og litteraturfestivaltider, stilte eg like godt Jan Kjærstad hans eige, store spørsmål: Kva skal me eigentleg med romanar i vår tid?

Jan Kjærstad har fått fantastiske kritikkar for sin nye roman «Berge». Denne veka var han på Kapittel-festivalen i Stavanger.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

– Det var eit fint spørsmål å få, seier Jan Kjærstad. Han sit svartkledd og strak i ryggen på hotellrommet på Victoria. Det er onsdag ettermiddag, om eit par timar skal han på scenen på Kapittel-festivalen for å snakka om sin siste roman. I «Berge» fortel tre personar i «jeg»-form historia om eit massedrap i ei hytte utanfor Oslo - Er det politisk? Er det terrorisme? Er det slutten på norsk uskuld? - frå journalistens, dommarens og den tiltaltes perspektiv. Romanen fekk terningkast seks både i Aftenbladet og i VG.

Og i ein liten bisetning på side 12, skjuler det seg altså eit stort spørsmål. Inni ein tankestraum om det eine og det andre, tenkjer VG-journalist Ine Wang, nærmast i forbifarten: «hvem har bruk for romaner i vår tid».

Kjærstad tek sats og leverer eit svar som er forfattaren verdig: Langt. Overraskande. Innlysande. Kunnskapsrikt. Undrande. Springande. Konsistent.

Okei. Her har du det:

– Alle forfattarar føler dei må levera entusiastiske forsvar for at alle må lesa romanar. Men så enkelt er det ikkje.

Eg var i NRK Rogaland tidlegare i dag. Då eg skulle tilbake til hotellet, hamna eg i prat med drosjesjåføren. Han hadde høyrt meg snakka om boka mi på radioen - det var jo herlig meta - men innrømma at han aldri les bøker sjølv. Og sånn er det jo. 85 prosent av dei som les skjønnlitteratur, er kvinner. Av dei få mennene som les, er det forholdsvis fleire som les krim. Du ser det på litteraturarrangement som Kapittel også. Det er nesten ingen menn i salen.

Sjåføren orsaka seg nesten for si manglande lesing, spurde meg om det er nyttig å lesa romanar. Eg svarte at ein ikkje blir eit betre menneske av å lesa romanar. Eg har snakka mykje med Jon Fosse om dette, også han meiner at det ikkje ligg noko nytte i å lesa. Du kan aldri måla verknaden av at folk les, det er ikkje noko som kan talfestast eller som viser seg i nokon statistikk. Tvert om finst det mange store lesarar som har vist seg å vera dårlege menneske. Du kan vera ein tyrann sjølv om du les romanar.

Sju grunnar til å lesa

Av og til held eg foredrag på vidaregåande skular der eg gir elevane grunnar til å lesa. Foredraget er basert på essayet «Sju grunner til å lese romaner» i samlinga «Menneskets rett». Det blei opphavleg skrive til Jens Stoltenbergs første regjering. Jonas Gahr Støre var statssekretær, og inviterte meg til å koma og fortelja statsrådane kvifor ein bør lesa romanar.

Då eg sa at den første grunnen til å lesa romanar er rein nyting, gjekk det eit sukk gjennom regjeringa. Ministrane var letta over at eg ikkje hadde noko tyngre å seia.

Men den sjuande grunnen til å lesa romanar er at du kan få ei innsikt og ei erkjenning du ikkje kan få andre stader. Ei ordlaus innsikt, paradoksalt nok. For slik er det jo: Du bruker nokre kveldar på å lesa ein 300 sider tjukk roman. Men når du skal fortelja dine beste vener kva som var så bra med romanen, klarer du det ikkje. Du kan referera kva som skjer i romanen, seia kva som var konfliktene, dilemmaet, kven karakterane var. Men det som greip deg, er ikkje mulig å forklara med ord. Det er useieleg.

Det er dette du heile tida ser halen av når du driv med kunst, dette du jagar. Det er noko du får inn via magen, eller kanskje gjennom ribbeina, noko som nesten blir eit eige organ i kroppen din, eit organ du bruker resten av livet, ofte utan å vera klar over det. Ein skal unna seg å lesa skjønnlitteratur for å få denne typen erkjenning.

Sakprosa kan gi deg kunnskap og argument du kan bruka i ein diskusjon, men du når ikkje den same typen erkjenning som du får gjennom romanar.

Jan Kjærstad har fått fantastiske kritikkar for sin nye roman «Berge». Denne veka var han på Kapittel-festivalen i Stavanger.

Fantasikraft

Skjønnlitteratur øver opp evna vår til å forestilla oss ting. Som art har mennesket heilt spesielle fortrinn i fantasikraft og forestillingsevne. Dette er viktig på alle felt, også i politikken. Du ser problemet tydeleg i politiske debattar på TV her i landet: Kvifor er det ingen der som får meg til å gispa? Kvifor er det ingen som lukkast i å gi meg eit løft, som viser ei visjonær side, som ikkje bare driv med matnyttig prat om korleis ein kan tena eller tapa pengar?

Men det viktigaste litteraturen gjer, som den amerikanske samfunnstenkjaren Martha Nussbaum har påpeikt, er å øva opp evna vår til empati. Til å setja oss i andre sin stad, sjå at andre kan tenkja annleis enn oss sjølv.

Litteraturen er der for å utvida oss.

Les du, ser du at det finst mange måtar å sjå verda på. Og sjølv om mange altså ikkje klarer å bruka erfaringane sine som lesarar, vil nokon kunna bruka det dei lærer for alt det er verdt.

Moralske retningslinjer

Her ligg det problematiske i at stadig færre unge les litteratur. Tala stammar frå USA, men dei gjeld også hos oss: Folk les, sidan mykje framleis er tekstbasert. Men skjønnlitteraturen blir meir og meir nisje.

Sjølv førde eg leselogg då eg var ung. I starten, som då eg las Jens Bjørneboe, fylte eg bøkene med strekar, utropsteikn, noterte sitat og lærte meg lange sekvensar. Seinare blei det færre sitat, eg blei meir oppteken av form, komposisjon og idear. Men lesinga av skjønnlitteratur er altså med på å danna deg som menneske. Litteraturen gir deg som ung moralske retningslinjer for resten av livet.

For meg blei dei djupare laga i bøkene viktigast. Underteksten, som er mykje vanskelegare å gripa med ord. For meg blei lesinga nesten som eit begjær. Eg kan merka ei kriblande glede i heile kroppen når eg veit at eg skal lesa. Eg kan laga middag, gå rundt og gleda meg til etterpå, for då skal eg lesa ein roman.

Såing av tvil

Når eg skriv romanar sjølv, håper eg jo framfor alt at dei skal bli lesne. Eg håper at dei gir nyting. Men eg håper også på ei form for erkjenning, at folk skal oppleva eller tenkja noko dei aldri har tenkt før. Eg har lyst til å så litt tvil, skapa undring. Som når eg skriv om 22. juli i «Berge». For eg skriv jo ikkje om 22. juli 2011, men om 23. august 2008. Om ei terrorhandling i mindre skala, som liknar litt på det som skal skje sidan, men som likevel ikkje liknar. Ei historie som kan få lesaren til å sjå med eit anna blikk på historia som skulle koma.

Eg hadde lyst til å skriva om 22. juli, men så var det skrive så mange bøker om det allereie. Så mange gode bøker. Så mange bøker som var vanskelege å overgå. Eg tenkte at eg måtte vera kreativ, finna ein annan måte å skriva om dette på. Så kom ideen om å laga ei heilt anna hending, vel så mykje med utgangspunkt i Orderud-drapa, som jo dominerte mediene i eit heilt år. Eg hadde også Treholt-saka i bakhovudet. Hendingar som virvlar opp historier på historier fascinerer meg som forfattar.

Eg bestemte meg for å sjå historia i «Berge» frå tre vinklar. Noko av det spennande ved å lesa romanar som korrektiv til det me elles les, er at du får høyra fleire motstridande stemmer - som må vera faktisk motstridande. Så blir det opp til lesaren å skapa heilskapen.

Hadde eg skrive ei etterforskingsaktig bok der ein detektiv nøstar opp eit mysterium, ville det meste gått opp. Men sånn er ikkje livet. Kor grusomt det enn er å tenkja på, er livet er fullt av tilfeldigheiter. Og i ein roman som er verdt namnet, er slutten open.

Menneskets vidde

Mainstream i litteraturen for tida, inkludert «virkelighetslitteraturen», er psykologisk realisme. Nå les alle Hjorth og Hjorth. Alle leitar etter traumet, alle vil gå i djupna, vertikalt. Eg sakna viddeaspektet, det horisontale planet. Freud er i kjellaren, men det finst også noko på loftet. Eg vil ut i sidefløyane av huset, for eg meiner folk har ulike identitetar, at folk ikkje bare er djupare enn ein skulle tru, men også vidare.

Det er ei dobbelt kjensle å gi ut ein roman. Du blir både glad og engsteleg. Hjartet gjer eit lite hopp kvar gong eg møter nokon som les boka mi, som investerer så mykje tid i noko eg har skrive. Samtidig er eg jo redd for at dei ikkje skal lika det, for at det ikkje skal vera verdt tida deira.

Det blir ikkje betre med åra. Sjølv om forfattarar er ulike, har dei fleste til felles at dei blir meir audmjuke. Ein er jo på høgda i sjølvtillit når ein får sitt første manus refusert. Nå sit eg skjelvande og håper på at forlaget vil gi ut boka mi. Etablerte forfattarar får ikkje surfa inn til pensjonstilværet lenger. Er manuset dårlig, blir det refusert, same kor etablert forfattar du er. På eitt nivå er det rettferdig, men det er knallhardt og aukar prestasjonsangsten.

Ettertanke

Tenk om eg ikkje klarer å skriva meir nå? Tenk om eg må fortelja redaktørane mine i forlaget at det ikkje kjem fleire romanar frå meg. Fordi eg ikkje fann eit godt svar på eit spørsmål ein journalist i Stavanger stilte meg hausten 2017. På kva me eigentleg skal med romanar i vår tid.

Publisert: