Publikums dom: Frå topp til bånn Jovi

Publikums vurdering av Bon Jovi-konserten var - for å seia det forsiktig - blanda då det heile var over.

Anne Katrin Helgeland og Kristin Hystad er glade, men ueinige om kvaliteten på konserten.
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over to år gammel

– Terningkast seks! Minst! seier Stine Øen.

– Minus éin på terningen, seier Janne Brit Kyllingstad.

Begge har vore på den same konserten. Begge har heilt ulik vurdering av det dei fekk sjå og høyra. Aftenbladet tok ein prat med eit knippe publikummarar etter at Jon Bon Jovi hadde sunge sin siste tone denne regntunge junikvelden i Stavanger. Svara tyder på at puddelrockarane frå New Jersey ikkje overtydde heilt.

Mikkel Eriksen og Karen Ålgård Rafai gjekk før konserten var slutt. Dei koste seg for så vidt, men la merke til at Jon Bon Jovi song veldig, veldig surt.

– Veldig, veldig sur song

– Han syng veldig, veldig surt. Me har gått på musikk, dans og drama, så me høyrer sånt, seier Karen Ålgård Rafai. Ho og Mikkel Eriksen går frå stadion før konserten er slutt.

– Ikkje for å vera negativ, altså. Men det gjekk altfor lenge før dei begynte å spela dei gamle songane, seier Mikkel.

Dei to har for så vidt hatt det kjekt, men tippar at Aftenbladet kjem til å slakta konserten og gi terningkast to.

Anne Katrin Helgeland og Kristin Hystad går også før det er slutt. Kristin fordi lyden var så elendig:

– Me høyrde ingenting. Me høyrde kun oss sjølv. Ikkje fekk me songane me ville ha, heller, seier ho.

Janne Brit Kyllingstad og Marie Edland slakta Bon Jovi-konserten då det heile var over, utan at det gjekk ut over humøret. Dei var ikkje imponert over frontmannens songprestasjon.

Venninna Anne Katrin likte derimot konserten, tykte vokalen var bra - men går før konserten er ferdig fordi veret var så dårlig.

Begge har kost seg veldig i baren.

– Barpersonalet var veldig bra, seier Kristin.

– Eg er positiv, seier Anne Katrin.

Les Aftenbladets anmeldelse av konserten:

Les også

Super showmann, men stemmen holder ikke

På tide med pensjon?

Victoria Lindahl og Mathias Bjelland blei til siste slutt, og tykte det var moro å ha vore på konsert med nettopp Bon Jovi. Dei likte miksen av gammalt og nytt, og syns frontmannen var veldig flink - sjølv om det går an å høyra på stemmen at han har nokre år på nakken. Dei to ville gitt terningkast fire.

Mathias Bjelland og Victoria Lindholm likte miksen av gammalt og nytt.

Janne Brit Kyllingstad og Marie Edland er strengare, og meiner Jon Bon Jovi burde vurdera å pensjonera seg nå:

– Dette var ikkje imponerande. Han song surt, han kunne ikkje teksten, song i utakt. Og så var lyden dårlig, seier dei, overraskande blide til å vera så misnøgde med konserten.

– Og me er edru, og høyrde alt.

Det blir litt diskusjon rundt terningkast. Janne Brit vil gi minus éin, venninna meiner det kanskje bør bli ein toar, for gamle minnes skuld.

– Litt skuffa

Magne Villum og Elisabeth Osen har kome heilt frå Tingvoll på Nordmøre for å gå på konsert i Stavanger. Elisabeth driv litt med song sjølv, og registrerer at det var småsurt mange stader.

– Det virka nesten som om han ikkje hadde rett lyd på øyret, seier ho.

Magne seier han ikkje har øyre for sånt.

Magne Villum og Elisabeth Osen kom heilt frå Nordmøre for å gå på konsert - og drar heim litt skuffa.

Begge er einige om at det var god stemning på stadion. Elisabeth har vore fan heilt sidan ungdommen, men dette er første gong ho ser Bon Jovi live.

– Og eg må innrømma at eg rett og slett er litt skuffa.

– Terningkast?

– Fire.

Terningkast seks!

I familien Øen eksisterer det ein aldri så liten generasjonskonflikt - men den viser seg å vera veldig liten. Far Geir Rune meiner lyden kunne vore betre, mens den yngre garde, ved dottera Stine, meiner konserten var heilt konge. Også mor Gunvor likte det ho fekk høyra.

Stine Øen, Gunvor Øen og Geir Rune Øen hadde det kjekt på konsert, sjølv om dei er bitte litt ueinige om lyden.

Familien har førebudd seg godt den siste veka, og kunne også dei nyare songane.

– Og då «Livin´on a Prayer» kom, var det rett og slett magi, meiner Stine.

– Terningkast?

– Fem, seier far.

– Seks. Minst! seier dotter.

Publisert:

Bon Jovi-konserten

  1. Publikums dom: Frå topp til bånn Jovi

  2. Anmeldelse av Bon Jovi-konserten: Super showmann, men stemmen holder ikke

  3. Se bildene fra Bon Jovi-konserten

  4. – Fiksar ikkje Jon Bon Jovi synginga i kveld, fiksar me det for han

  5. «Betyr niks og nada at han sjøl er litt på tur. Vi kan synge sjøl!»

  6. Alt klart for Bon Jovi-festen

  1. Bon Jovi-konserten
  2. Musikk
  3. Konsert
  4. Mye lest