Livet etter pandemien

FILM: Mørkt og varmt om ein fars forsøk på å redda barnet frå den livsfarlege verda etter pandemien – og om å forlata barndommen.

Publisert: Publisert:

Casey Affleck spelar faren, Anna Pniowsky barnet i ei farleg, farleg verd.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

The Light of my Life

Med: Casey Affleck, Anna Pniowsky, Elisabeth Moss. Sjanger: Drama / Thriller. Regi: Casey Affleck.
Nasjonalitet: USA, 2019. Aldersgrense: 15 år. 2 timar.

La meg starta med ei tilståing: Eg er veldig skeptisk til barn på film. Ikkje minst barn i amerikansk film. Dei blir stort sett for søte. For veslevaksne. For kloke. For dumme. Stereotype. Framfor alt blir det så tydeleg at dei spelar skodespel.

Sånn er det ikkje med Anna Pniowsky. Ho er nydeleg truverdig og overtydande i Casey Afflecks gode «The Light of my Life». Ho spelar ikkje. Ho er.

Det heile startar med ein 12 minuttar lang sekvens der ein far spør barnet sitt om han skal fortelja ei historie. Barnet kjem med innvendingar og spørsmål, slik 11–12 år gamle barn gjer. Så sløkker dei lyset og sovnar.

Faren og dottera er ikkje på piknik i skogen, men på flukt.

Morgonen etter viser det seg at dei to er i ein skog. I eit telt. Dei er tydelegvis på flukt frå noko eller nokon, for faren har lært barnet korleis dei skal flykta. Når dei møter ein annan mann der ute i skogen, lyg faren og seier at barnet er ein gut. Barnet er kledd og klypt som ein gut. Men det er ei jente.

Sakte og gradvis blir det klarare. Ein pandemi har råka verda. Det finst nesten ingen kvinner igjen. Faren vil gjera alt for å beskytta dottera mot farlege menn.

Det er lett å få assosiasjonar til «Children of Men» frå 2006 og Cormac McCarthys «The Road», på film i 2009. Men Casey Affleck har likevel lukkast i å laga sin eigen interessante vri på faren som prøver å beskytta barnet sitt mot ei farleg verd. Affleck har både forfatta, regissert og spelar sjølv hovudrolla – og alt dette har han gjort med intelligens og innleving.

Men utan Pniowkys overtydande spel som barnet som er på veg ut av barndommen, som spør og grev, som søkjer etter sin eigen identitet, som ikkje lenger gjer som faren seier, som veks til, tek ansvar sjølv, ville det ikkje vore det same.

«The Light of my Life» er ikkje ein thriller full av action. Spenninga byggjer seg sakte og murrande opp, gjennom lange samtalar, flotte dvelande naturbilete, gradvise avsløringar. Men framfor alt er det eit nydeleg portrett av ein far og eit barn. Om han som vil beskytta og ho som gradvis prøver å oppdaga verda på eiga hand, frigjera seg og bli sin eigen person.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Parkeringskaos ved Preikestolen - ber folk om å snu

  2. Stavanger-familie er på ferie i Italia. De mener det er tryggere der enn i Norge

  3. Uheldig bilfører på Figgjo

  4. 17 nye smittetilfeller

  5. Randi (87) ble lurt på Vipps: - Kan være en ny og utspekulert svindelmetode

  6. Hvem skal fortelle om Gud hvis ikke jeg gjør det?

  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. filmer
  4. Filmanmeldelse