Storhaug skolekorps i internasjonalt filmprosjekt om korona

Storhaug skulekorps får representera Noreg i eit verdsomfemnande prosjekt. Gjennom film og foto vil prosjektleiarane visa oss korleis koronapandemien påverkar folk i ulike land.

Publisert: Publisert:

Ein annleis 17. mai – her er korpset som får vera med i ein dokumentarfilm om korleis viruset har påverka verda. Foto: Anders Minge

  • Toralf Larsen Vallestad
    Journalist
iconDenne artikkelen er 84 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt direktestudio for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til direktestudio

– Me synst det er kjempespennande å vera med, seier nestleiar i Storhaug skulekorps Mari Solberg.

Amerikanske Ellen Kuras er regissøren bak eit prosjekt som heiter «Chronicle» som viser korleis verda handterer koronaviruset. Bakgrunnen for prosjektet er at ho meiner at pandemien bør dokumenterast, men ikkje berre på nyheitene.

Ønskjer å gje noko tilbake

Det er valt ut 30 land som alle skal representera korleis deira samfunn har kjent på effektane av korona. Kuras skriv òg i invitasjonen at «om det nokosinne var ei tid for å fanga opp traume, usikkerheit, optimisme og enkle menneskelege gestar, så er det no».

Når dokumentarfilmen blir synleg for publikum, er enno uvisst. Ein håpar på at han kan visast på kino, men det er framleis mykje arbeid som skal gjerast. Målet er at pengane dei samlar inn, skal gå til Legar utan grenser og helsearbeidarar som har jobba på under krisen.

God timing

Lektor på Universitetet i Stavanger, Sigmund Trageton, har fått ansvaret for dei 5–7 minutta av dokumentaren som handlar om Noregs handtering av koronaviruset.

– Alle har eit spesielt forhold til 17. mai, seier Trageton.

Les også

Men 17. mai er likevel 17. mai

Han seier at skrivet som kom frå USA inspirerte han. Vanlegvis er det å fanga opp håp og god stemning på 17. mai inga utfordring, men i år var ikkje moglegheitene like mange. Ikkje alle kjenner til at me feirar nasjonaldagen på vår eigen måte med barnetog og alt som høyrer med. I staden for vil det norske bidraget handla om eit musikalsk møte mellom gammal og ung.

Spelte på gamleheim

Storhaug skulekorps er eit av Noregs eldste, og fekk æra av å vera med på prosjektet. På nokre av øvingane hadde dei filmeteamet som gjester.

På sjølve nasjonaldagen spelte dei som fleire andre skulekorps på ymse gamleheimar rundt om i byen, men med eit filmteam på slep. Dei eldre er nokon av dei som kanskje kjenner seg mest aleine under pandemien på grunn av isolasjonen.

Både korpset og Trageton trur at det å spela på gamleheim er eit bra alternativ til det norske bidraget.

Publisert:

Korona-viruset

  1. Nasjonale tall: Halvparten av covid-19-pasienter sliter med pusten

  2. Politiet i Oslo fortviler over ungdom som ikke vil holde avstand: Ber kommunen rydde opp i festingen

  3. Milliardtap for Norwegian-aksjonærene

  4. Farsund-ordfører ber innbyggerne unngå Oslo-tur

  5. Nordmenn på reise fikk karantene-sms

  6. Utradisjonelle munnbind i vinden: – Viktig at de ser bra ut

  1. Korona-viruset
  2. Koronaviruset
  3. 17. mai
  4. Storhaug
  5. Korps