Framtida sett med kreativt skråblikk

ROMAN: Kva skjer med oss når det menneskelege er overmanna av syntetisk intelligens?

Publisert: Publisert:

  • Sofie Braut
    Lektor og skribent
Grade: 4 of 6 stars

Edgar Burås: Du og jeg, Alfred [et tidsbilde]. 107 sider. Cappelen Damm.

Edgar Burås si forteljing frå framtida har ein tittel som kan senda tankane til Emil i Lønneberget. Men vi les ikke mange linjene før vi skjønar at vi må sleppa taket i både Lindgrens og våre eigne trygge kategoriar for å slå følgje inn i eit sci-fi-aktig overvakingssamfunn. 

Vi møter hovudpersonen, tilårskomne Elias, fødd i år 2030, «samme år som det blei forbudt å ha to biler og Israel blei medlem av NATO». Han lever i den triste tettstaden Marestein i eit semi-defekt smarthus som heiter Alfred. Alfred er sjølve ideen om det komplette og personleg skreddarsydde overvakingssamfunnet og er avansert nok til å dekka dei fleste av behova til Elias. At relasjonen deira likevel er uhyggeleg og flat pressar seg fram, til dømes når Elias undrar om Alfred hadde sakna han om han hadde flytta: «Nei, kremter Alfred. Savn er jeg ikke programmert for.» 

Nei, kremter Alfred. Savn er jeg ikke programmert for.

Glimta av ei hyper-globalisert framtid, med individuell isolasjon og konfliktar mellom menneske og robotar, framstiller ei framtidsuhygge som er godt tima og kreativt uttenkt. Retrospektive forteljargrep opnar også rom for fabuleringar om vår eiga nære framtid, til dømes om språkutvikling, klimautfordringar og genteknologi. 

Så, kor vellukka er Edgar Burås’ framtidsskildring? Språkleg er alt halde i ein gjennomført nøktern stil som kler innhaldet godt. Fleire kløktige understatements set lesarens tankar effektivt i sving: «Er det slik det vil bli…?».

Det eksistensielle får også sitt: Til dømes der Alfred tørt kommenterer at menneska sin status som fornuftsvesen mest av alt handlar om «evnen og trangen til å etterligne» og konkluderer: «Strengt tatt er dere ikke noe annet enn algoritmer, dere heller!» Det menneskelege er tilsynelatande overmanna av syntetisk intelligens, men både tittelen og slutten hintar om at verkelege relasjonar kan få ein renessanse. 

 «Du og jeg, Alfred» leikar med idear om framtida på underhaldande, tidvis sofistikert vis, men det litt uforpliktande ved karakterane og tablået gjer at romanen neppe set vidare merke i lesaren. 

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 12 nordmenn ble nektet innreise i Spania – måtte snu med samme fly

  2. Meteorologene varsler sommer-comeback

  3. Kritiserer markeringen i Stavanger: – De som deltok og bevisst brøt reglene, bør bruke hodet de neste dagene

  4. Ho ligg rundt 11 år på etterskot med å sortera bilda sine. Høyrest det kjent ut?

  5. – Vi står her for ungene våre på 3 og 7 år. Vi vil at de skal ha en trygg hverdag

  6. Hull i bomringen - et skritt nærmere bomstasjon i Eiganesveien

  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Sci-fi