Kort fortalt om ei lang reise

BOK: Lett, morosamt og kjapt om 428 norske kommunar ved ni av dei. 

Publisert: Publisert:

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Grade: 4 of 6 stars

Jens Kihl: Dette er også Noreg. Kommunal feelgood. Samlaget. 155 sider.

Jens Kihl, tidlegare journalist i Klassekampen og nå politisk kommentator i Bergens Tidende, har dei siste åra hatt eit stort prosjekt. Han sette seg som mål å reisa til alle dei 428 kommunane me hadde her i landet før samanslåingane. Kihl måtte ta av eigne pengar og feriedagar for å få det til, men i januar 2017, to og eit halvt år etter starten, køyrde han inn i den siste kommunen, Tingvoll på Nordmøre.

Bakteppet for reisa var naturlegvis kommunereforma, den store lokalpolitiske striden som har heimsøkt landet vårt, og som gjer at Trygve Slagsvold Vedum kan le heile vegen til valurnene. 33 år gamle Kihl, som er oppvaksen på Oslo vest, er også driven av ein djup respekt for fotfolka i det norske lokaldemokratiet og eit sympatisk ønske om å oppleva og forstå meir av dette mangslungne landet. Som det høver seg, siterer nynorskmannen Kihl Ivar Aasen: «Ein finn ikkje noko før ein kjem der det er.» Det er godt journalistisk utgangspunkt som dessverre ikkje blir praktisert like ivrig av alle.

Driven av ein djup respekt for fotfolka i det norske lokaldemokratiet og eit sympatisk ønske om å oppleva og forstå meir av dette mangslungne landet.

Ikkje så enkelt, nei

Kihl starta med ein kritisk hypotese: «Eg trudde eg skulle få stadfesta at kommunereforma og alle samanslåingane var heilt på trynet.» Men som så ofte før leier nærkontakt med røyndommen til at bildet vert meir nyansert. Han oppsummerer feltarbeidet sitt med at «eg oppdaga små kommunar som går knallbra. Eg har sett store kommunar som berre ikkje heilt får det til. Eg har sjølvsagt òg sett store kommunar som har sakene på stell. Men så er det den fjerde kategorien: Det er litt for mange småkommunar der ute som ikkje heilt får det til å fungere.» 

Dette skulle eg som lesar gjerne visst meir om.  Sett i forhold til det grandiose prosjektet er Jens Kihl si bok i overkant smålåten.  Han vel å konsentrera seg om ni av sine «favorittkommunar»: Oslo (heimkommunen som han elskar utan at det har noko med kommunegrenser å gjera), Grue (kommunen med landets minste skule som snart skulle leggjast ned),  Horten (der mormor var lokalpolitikar), Vinje (der han opplever ein dag i kommunepolitikaren og lokaljournalistens liv), Bremanger (der dei laga ein uvanleg dyr og dum reklamevideo for kommunen), Røyrvik (kommunen med størst nedgang i folketalet), Loppa (kommunen med størst kvinneunderskot), Hasvik (Finnmarks-kommunen som har snudd nedgang til oppgang), og Bergen (den fargerike, kaotiske kommunen der landet kjennest nærmare enn i Oslo). 

Litt djupare, takk

Eg skal vera den siste til å kritisera folk som skriv kort, og forfattaren har sjølvsagt rett i at det ville vore håplaust å skildra møtet med kvar einaste av i alle dei 428 kommunane. Likevel, trass i at Kihl skriv lett og morosamt og gir meg både aha-opplevingar og refleksjonar til å grunna på undervegs, skulle eg ønskt at han hadde formidla meir av det kommunale mangfaldet og gått djupare i analysen av kva som funkar, og kva som ikkje gjer det. Han må jo ha fått eit enormt materiale å ta av.

Men det kjem nye sjansar. Og som den opne og nysgjerrige skribenten han er, konkluderer Kihl  med at han ennå ikkje er ferdig med å utforska landet. Det kan i det minste lesarane av Bergens Tidende få glede av.

Publisert: