Splitte mine bramsegl, for ein (sjø)røvarroman!

BOK: Hiv o’ hoi og ei kiste med gull! Debutant Martin Sellevold bruker klisjeane godt i spennande og velregissert skrøne til sjøs.

Publisert: Publisert:

Han brukar klisjeane godt, Martin Sellevold, meiner vår bokmeldar. Foto: Julie Pike

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 5 out of 6

Martin Sellevold: Bikkjevakt. Roman. 304 sider. Gyldendal.

Ein skal vera varsam med å vidarebringa forlagskryt, men i dette tilfellet meiner eg Gyldendal held det dei lovar. «Forrykende røverroman med sjøsprøyt og seilbåtaction» heiter det om Martin Sellevolds debut Bikkjevakt. Forteljinga om einstøingen Stian, som bur i seglbåt, livnærer seg delvis av smuglaroppdrag og lengtar etter Middelhavet, utviklar seg til ein nervepirrande thriller då kameraten Tore utfordrar han til å ta berre eit aller siste oppdrag over Nordsjøen.

Ein kan ikkje nekta for at «siste oppdrag»-utgangspunktet er svært velkjent, kanskje til og med noko av ein klisjé, til liks med mykje anna i romanen, spegla i ordvala frå forlaget. Forfattaren låner flittig frå den hardkokte krimsjangeren, Skatten på Sjørøverøya, onkel Skrue på eventyr og meir generelle, romantiserte førestillingar om livet, døden, havet og kjærleiken. Men han gjer det dyktig; held stødig om roret og klarer å skapa eit eige og sjølvstendig uttrykk, med velkjente ingrediensar. 

Bikkjevakt speler på ein kløktig måte ut den etter måten enkle, men oppfinnsame, intrigen, der skjulte verdiar frå fortida får eventyrlysta og grådigskapen til å blussa opp. Dei få personane som er med blir gitt motivasjon som er truverdig, noko som skaper eit dynamisk samspel. Spenninga aukar etter kvart som hovudpersonane viklar seg inn i eit stadig meir skummelt og helsefarleg spel, både til vanns og til lands.

Forfattaren låner flittig frå den hardkokte krimsjangeren, Skatten på Sjørøverøya, onkel Skrue på eventyr og livet, døden, havet og kjærleiken.

Den nøkterne og knappe stilen er gjennomført og passande, og skildringa av livet til sjøs er svært overtydande. Sellevold viser at han har greie på segling utan å bli freista til å gå inngåande i detalj om bommar og fokkar og den slags som går opp og ned (?), teknikalitetar som strengt tatt betyr mindre enn handlinga for oss landkrabbar. 

Ein aner at forfattaren vil noko meir enn å berre fortelja ei fengande historie, likevel tar ikkje denne lysta overhand. Romanen klarer å tematisera både venskap, svik og livsval utan at det blir for uttalt, sjølv om det på slutten tyt fram litt utanpåklistra livsvisdom à la «det som skjer, skjer». Men spenninga og den gode historia trumfar slike detaljar, så legg deg i hengekøya i ruffen, jag vekk kvinnfolk, kattar og anna som bringar ulykke, tenn snadda og segl av garde på sønnavinden med denne page turner-en i sommar!

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Dei tek over lokalet til Sjå Inge: – Vil vere ein restaurant/­kafé med trykk på kafé

  2. – Kampen lever, her blir det flere mål

  3. Beboere slukket kjøkkenbrann i Sandnes

  4. – Stigende smitte­trend for Sandnes

  5. Ryfylke­tunnelen måtte stenge et felt på grunn av tysk sykkel­turist

  6. Countryartist gikk seg bort på sin egen tomt – måtte reddes ut av politiet

  1. Bokanmeldelse
  2. Anmeldelse