– Folk kan tenkja sjølv

– Folk vil ha informasjon og innhald, ikkje bare kritikk av dei andres politikk, seier Høgres kampanjesjef, Dag Terje Klarp Solvang.

Publisert: Publisert:

– Vi tenkte at dei blidaste vinn valet, seier Høgres kampanjesjef Dag Terje Klarp Solvang. Foto: Siv Dolmen / siv dolmen

– Det eg er aller, aller mest fornøgd med, er at vi klarte å halda låge skuldrer og store smil gjennom valkampen, og fokusera på vår eigen politikk, seier Dag Terje Klarp Solvang. Han er marknads- og kampanjesjef i Høgre, gift med statsråd Bent Høie, og mannen bak den valkampen som har fått mest ros.

– I kommunevalet i 2015 tapte Høgre ordføraren i mange kommunar, fortset han.

– Vi vann kanskje valet, men tapte i forhandlingane. I ein slik situasjon er det lett å kjenna seg aleine. Det er lett å bli motlaus, og når du blir motlaus, er det lett å begynna å kritisera andre. Nå var vi også i posisjon, og då vil du bli angripen av opposisjonen for kva du ikkje har gjort. Samtidig som det er pressas og omverdas oppgåve å vera kritiske til makta. I tillegg har du det som har skjedd i USA og Storbritannia, og endringane i oljebransjen her heime. Difor var vi veldig tidleg bestemte på at vi ville vera positive optimistar i valkampen.

– Korleis får ein med seg heile partiorganisasjonen på det?

– Den interne kommunikasjonen har vore like viktig som den eksterne. Viss vi ikkje vinn våre eigne fotsoldatars engasjement, går det ikkje. Mange av oss har brukte mye tid på å reisa og på å svara internt. Vi har hatt mange info-kanalar. Folk ute skulle få hjelp av oss, og hjelp fort. Dei blidaste vinn valet, har vi tenkt. Då må ein bruka mye tid på å få innsida til å skinna.

– Kor mye liknar dette på måten ein jobbar på i reklamebransjen? Og kva er forskjellen?

– Den aller kjekkaste forskjellen er at her får eg jobba mye meir direkte med innhaldet. I reklamebransjen kjem kunden som oftast til deg med eit produkt dei vil du skal selja. Det å få jobba så grunnleggjande med innhald, syns eg er meiningsfullt. Samtidig er innhaldet meir komplekst. Det er lettare å selja eit hus på Bogafjell enn det 200-siders programmet til eit politisk parti.

– Korleis får ein politisk innhald over i slagord på buss-skuret utan å mista sjela si?

– Eit slagord utan innhald blir veldig fort gjennomskoda. Aller først internt. Alle våre tillitsvalde er kritiske menneske, i Høgre meiner vi jo at folk kan tenkja sjølv. «Vi tror på Norge» fekk mye tyn internt. «Kunne ikkje dette like godt vore slagordet til SAS?», sa våre folk.

- Slagord må kunna byggjast opp med eit lag truverdig informasjon, elles endar det opp som partipropaganda. Det trur ikkje folk på, og det er lett for motstandarden å plukka frå kvarandre. Difor brukte vi det aldri aleine. Det skulle alltid koma etter ein politisk ambisjon. Og når du veit du skal avslutta med «Vi tror på Norge», blir det dessutan veldig vanskeleg å begynna med negativ kritikk.

– Kva ligg bak «Vi tror på Norge»?

– Vi begynte faktisk i september i fjor med «Bedre løsninger - et tryggere Norge». Det skulle spinna vidare på «Nye ideer og bedre løsninger» frå 2013, samtidig som vi ville ha med oss sikkerheit og beredskap. Men det blei slakta internt. Det snakka altfor lite framover, og fekk det til å sjå ut som om vi bare var opptekne av sikkerheit, var tilbakemeldingane. Så vi skrota det. Og fekk hjelp utanfrå, frå byrået Morgenstein. Eg trur det var John-Ragnar Aarseth hos oss som først sa «kva med .. og så noko i retning av «Vi tror på Norge». I det ligg jo at vi trur på deg. Det er dette landet vi har. Viss vi har ein visjon om å gjera alle i stand til å ta sine eigne val, må vi jo tru på folk. Vi ville heller ikkje ha eit konsept som blei for sjølvgodt, eller som for enkelt spelte opp til å vera kritiske.

– Kva er Høgres sjel?

– Visjonen vår er jo «Muligheter for alle,» og «Forandre for å bevare». Gi den enkelte muligheit til å ta eigne val. Men din fridom skal ikkje gå utover fellesskapet. Erna minner oss heile tida på at vi må søkja dei verkelege utfordringane for dei verkelege menneska. Vi må bli mye flinkare til å sjå menneska, ikkje milliardane. Det er enormt viktig.

– Akkurat det tok kanskje ikkje Ap opp i seg når dei gjekk ut med sin skatte-auke?

– Nei. I motsetning til i kommunevalet i Oslo i 2015. Då klarte dei å underbyggja at eigedomsskatt var nødvendig for å levera gode tenester til folk. I Norge er ikkje folk så opptekne av skatt. Skule og helse, derimot, er viktig. Hadde Ap sagt at vi treng betre skule og betre helsetenester, og då må vi setja opp skatten, kunne dei fått folk med seg. Og så må ein jo vera nokon lunde konsistent, då.

– Kor mykje kan ein snakka bevisst negativt om motstandaren, før det slår tilbake på ein sjølv?

– Vi har sagt 80 prosent eigen politikk, 20 prosent få fram forskjellane. Men det er ikkje alltid lett når ein blir angripen, då er det fort gjort å svara med kritikk. Når det har skjedd, har vi vore ganske gode internt på å seia «hei, ikkje bare kritikk.» I 2005 gjekk vi på ei blemme sjølv, då vi åtvara mot dei røde, og kor galt alt kom til å gå. Eg meiner Ap gjorde det same i 2013, då dei åtvara mot dei blåblå. Folk ønskjer meir informasjon, meir innhald, og djupare innhald. Opplys meg - utan at alt dermed skal bli eit universitetsstudium. SV gjorde det veldig bra i år, syns eg. Dei klarte å vera korte og konsise og få fram kva som er viktig for dei.

– Når slår det over i propaganda?

– Når det blir slagord utan innhald. Når du ikkje har eit lag med innhald som kan følgja opp og visa at det heng saman. Eller når alt blir malt veldig, veldig rosenraudt, eller veldig, veldig svart. Aps «skattekutt, ikke velferdskutt» meiner eg dei sleit med å grunngi. Då må ein styra unna. Folk vil bli informerte, og så gjera seg opp si eiga meining om dei meiner dette er ei god løysing eller ikkje.

Les også

Støres svarte kveld

– Eg har alltid hatt stor respekt for Høgre sin måte å leva opp til eigen ideologi på - blant anna respekten for enkeltmennesket. Så blir eg også opprørt når Høgres regjeringskollega Sylvi Listhaug omtalar flyktningar som ei gruppe, og vil setja alle flyktningar som har fått avslag i lukka motta, i tilfelle dei skulle finna på noko kriminelt. Kvifor står de ikkje opp for respekten for enkeltmennesket då?

– Der var jo Erna ute og sa at dette er ikkje noko regjeringa står bak. Det er store forskjellar på Høgre og Frp. Men når vi meiner enkeltmennesket skal ha fridom til å gjera sine eigne val, så må nesten det også gjelda regjeringskollegane våre. Særleg når det er valkamp.

Les også

Listhaug vil utfordre menneskerettighetene ved å øke bruken av lukkede mottak

– Men Høgres ideologi set foten ned for den fridommen når det går utover andre?

– Forvaltninga av politikken er vi einige om. Den skal vera streng, men rettferdig. Det meiner vi den er.

– Du jobbar med kommunikasjon. Kor viktig er måten ein snakkar om folk på når ein skal få til integrering?

– Kjempeviktig. Og det har vore situasjonar der Erna har gått ut mot ordbruken. Ingen er tent med polarisering. Vi merkar jo også at folk reagerer på det, når vi er ute. «Går det ikkje an å bruka andre ord,» seier folk. Men Frp er Frp. For dei er enkeltmennesket sin fridom viktigast. Dei stoppar der, og har ikkje med setninga om at det ikkje skal gå utover fellesskapet. Vi ville brukt andre ord. Og det ligg nok ein lærdom der også.

Les også

Solberg: Lærere har taushetsplikt

– Kva er den viktigaste jobben nå?

– Å få på plass ei regjering. Nei da, det er heldigvis ikkje min jobb. Men vi må halda momentet oppe. Både det vi har fått til politisk, og det enorme trykket vi nå har ute i organisasjonen. Det er bare eit år til vi begynner neste valkamp.

– Kan du gi eit råd til Ap?

– Dei må vera tydelege internt på kven som har ansvaret for kva. Det verkar ikkje som dei har vore det. Då slit du alt i utgangspunktet. Så var det låge skuldre, store smil, vera positive og snakka om eigen politikk. Dei har vore mest opptekne av å vera negative og kritiske. Vi gjorde altså det same i 2005, og det går ikkje bra. Veljarane vil tenkja sjølv, dei vil kunna setja ei løysning opp mot ei anna. Du må laga eit bilde folk kan ta stilling til. Eg trur eg siterer Einar Gerhardsen i kvart einaste føredrag eg held. Hans svar på kvifor Ap fekk så stort oppslutning i etterkrigstida var dette:

«Vi forstod den tida vi levde i, og ga svar folk trudde på.»

Publisert: