Hurra for Eirik Willyson!

BOK: Skriving om skriving kan vera direkte morosamt.

Eirik Willyson debuterer med romanen «Odalen». Foto: Paal Audestad/Tiden Norsk Forlag

  • Leif Tore Sædberg
Publisert: Publisert:

Foto: Trond Torstensen

Grade: 5 out of 6

Eirik Willyson: Odalen. Roman. 109 sider. Tiden Norsk Forlag

Tidlegare i år hadde eg fleire kritiske innvendingar mot Rune Salvesens meta-roman «Bunkers», eit verk eg fann noko pretensiøst og gravalvorleg. Skepsisen var derfor nærverande då eg fekk romandebutant Eirik Willysons (f. 1981) «Odalen» i neven, ei bok som erklærer allereie på coveret at ho er «en roman om en roman.» Djizes, har me ikkje snart høyrt nok frå sjølvrefererande norske nybyrjarar som skriv om at dei ikkje klarer å skriva?

Eg kom ikkje langt før denne skrivaren på snedig vis både avkrefta og stadfesta fordommane mine: «Er det noe den norske litterære offentligheten ikke trenger (…) så er det enda en debutroman av en forholdsvis ung mann som forteller om dette med å vokse opp et sted ute på landsbygda og lengte etter noe helt annet, noe han føler han er ment for, men foreløpig sliter litt med å formulere, og enhver oppegående leser skjønner at debutanten egentlig bare har skrivi om seg sjøl, og at denne lengselen både han og hovedpersonen sliter litt med å formulere, ikke er annet enn en prosaisk lengsel etter oppmerksomhet og anerkjennelse, en lengsel romanen hans skal oppfylle så snart han bare får skrive den ferdig.»

Eg droppar handlingsreferatet, for avsnittet over gir nok innpass i handling og stil til å avgjera om du vil bruka tid på denne boka. Samstundes gir same passasje eit godt bilete av tematikken: det handlar mellom anna om skriving, og ikkje minst skriving om skriving. Eit tema som kan seiast å vera velbrukt, somme ville seia utbrukt. Når forfattaren likevel lykkast, er det fordi han formulerer seg så medvite og med så mykje innsikt og snert om dette feltet at framstillinga blir original og direkte morosam.

Willyson, med ei fortid som dramatikar og scenekunstnar, skriv vittig og frekt, og «Odalen» kan lesast som ein kløktig parodi over sjølvhøgtidelege debutantar og det litterære etablissementet. Samstundes er humoren såpass tørr og subtil at ein sit igjen med ei tvilrådig kjensle. Er det kanskje oss lesarar han driv gjøn med? Det ligg såleis meir substans i dette prosjektet enn raljering. Ein sit igjen med eit inntrykk av ein romanforfattar som har som mål å utfordra romansjangeren.

Det går litt meir på tomgang i siste del, men eit kjærleg karakterdrap på heimstaden Odalen held interessa oppe. Iblant er det kjekt å få fordommane motbevist, og erklæra etter endt lesing: Hurra for Eirik Willyson!

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. En siddis slåss best i nye Adidas

  2. Underholdende familiesaga om rase og identitet

  3. Ho skal ha ros for å gå mot trenden

  4. Gripende og provo­serende om Kielland-saken

  5. Vel­skrevet og over­bevisende debut­roman

  6. Ei skikkeleg morosam bok!

  1. Bokanmeldelser
  2. Anmeldelse
  3. Bokanmeldelse
  4. Bøker
  5. Roman