Han ville så mykje meir

BOK: I ei høgst lesverdig bok skildrar Barack Obama avmakta til verdas mektigaste mann.

Barack Obama hadde tre handicap som president, skriv Tom Hetland. Eit av dei var at han var demokrat. Her frå ein støttetale for Joe Biden, påtroppande amerikansk president. Foto: BRANDON BELL / X07304

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Barack Obama: Et lovet land. Omsett av Gunnar Nyquist og Eivind Lilleskjæret. 800 sider. Cappelen Damm.

Barack Obama hadde tre handikap som president.

Han var svart. Mange var stolte av det, og for endå fleire spela det lita rolle. Men sjølv om dei sjeldan sa det høgt, såg eit stort mindretal av amerikanarane det som eit brot på naturens orden at ein svart mann kunne bli president. Og dei tok det som eitt av mange teikn på at USA ikkje lenger var til å kjenna igjen.

Han var demokrat. Obama vart ramma av polariseringa i amerikansk politikk – først og fremst driven fram av eit republikansk parti med stadig større uvilje mot tverrpolitiske kompromiss.

Og han var intellektuell. Obama var sannsynlegvis den mest kunnskapsrike, kultiverte og analytiske presidenten USA har hatt i nyare tid, nysgjerrig på å forstå alle sider av ei sak, og med ei utprega rasjonell tilnærming til politikk. Han hadde derimot mindre sans for dei primitive sidene ved dei politiske prosessane: maktspelet, symbolpolitikken og mediedrama om tilsynelatande bagatellar.

Dragkamp med Kongressen

Barack Obama kom inn i Det kvite huset i 2009 med ein ambisiøs dagsorden. Han skulle skapa forandring. Med sin bakgrunn hadde han lett for å sjå USA nedanfrå, med outsiderens skarpe blikk for urett og diskriminering. Med familie i Kenya og ein del av oppveksten i Indonesia kunne han også forstå at amerikansk maktbruk rundt om i verda ikkje berre hadde ført godt med seg. Likevel gjekk han inn i politikken med ei tru på at Amerika kunne retta på sine manglar og framleis vera ikkje berre ei økonomisk og militær supermakt, men også eit demokratisk ideal.

Første del av memoarane hans, som dekker tida fram til likvideringa av terroristen Osama bin Laden i mai 2011, handlar om det brutale møtet mellom håp og realitetar. Presidenten som hadde gått til val med slagordet «Yes, we can!» oppdaga nå alt han ikkje kunne gjera. Sjølv om han hadde vunne med klar margin og hadde fleirtal i både Representanthuset og Senatet, gjekk mykje tid og krefter med til å forhandla med kongressmedlemmer som var under press frå mektige lobbygrupper eller lokale interesser. 

Dei store sakene på dagsordenen hans – opprydding etter finanskrisa, helseforsikring for alle, utjamning av forskjellar, ein aktiv klimapolitikk og ein human innvandringspolitikk -  vart enten torpederte eller maltrakterte i møtet med kvardagen: «Iblant følte jeg meg som fiskeren i Hemingways «Den gamle mannen og havet», med haier som gnagde på fangsten min mens jeg prøvde å taue den til land.»

Freser mot Wall Street

Som sitatet viser, er Barack Obama ein mann som kan skriva. Og «Et lovet land» er ikkje blitt ei sytebok. Obama er reflektert nok til å sjå seg sjølv utanfrå, og å innrømma feil. Han viser også temperament, som når han freser mot Wall Street-direktørane som dreiv med «business as usual» og innkasserte sine bonusar trass i at skattebetalarane hadde ofra hundretals milliardar dollar for å ordna opp i uføret dei same direktørane hadde skapt. Men også her kom presidentmakta til kort.

Boka er lang og detaljert, og fleire kapittel passar nok best for dei som er i overkant interesserte i amerikansk politikk. Men friske og udiplomatiske karakteristikkar av amerikanske og utanlandske politikarar friskar opp, og Obama opnar også for innblikk i kvardagsliv og privatliv.

Banalt, men likevel: Det gjer godt å bli mint om at ein amerikansk president kan vera både anstendig, klok, idealistisk og avbalansert.

Med unntak av eit par bagatellmessige feil har omsetjarar og forlag gjort ein god jobb, sikkert under hardt tidspress.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. USA
  4. Barack Obama
  5. Amerikansk politikk

Mest lest akkurat nå

  1. Risa har tjent milliardbeløp på vindkraft - nå vil de helst ikke snakke om det

  2. Denne gaven tar helt av: – Dette er all time high. Vi har aldri sett slike tall

  3. Da Tomas (14) landet i denne hoppe­gropen, ble han lam fra halsen og ned

  4. Naboklager førte ikke frem. Omstridt Hundvåg-hus godkjent

  5. Fredag er den store farsedagen på Jæren: - Det mest erkejærske som finnes

  6. Norge Mining: – Det er noe stort og tungt der nede i Norges dypeste hull