Hadia er ikkje som andre

BOK: Hadia Tajik reflekterer klokt, opent og nysgjerrig om det meste. Bortsett frå krisa i Arbeidarpartiet.

Publisert: Publisert:

Hadia Tajik har skrive ei god og annleis politikarbok. Foto: Bjørge, Stein

  • Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Grade: 5 out of 6

Hadia Tajik: «Frihet - En personlig og politisk historie»
319 sider
Tiden

Hadia Tajik har skrive ei uvanleg politikarbok.

For det første: Boka er sjeldant godt skriven. Prisverdig nok er «Frihet» heller ikkje eit framhald av den daglege politiske polemikken med litterære midlar. Orda «Høgre» og «Frp» dukkar knapt opp i teksten.

Her er også fint lite om det politiske spelet, eller avslørande skildringar av politiske drama bak kulissane. Giske-saka blir nemnd, men svært summarisk. Striden i 2009 om hijab til politiuniforma, der Tajik kom til å bli skyteskive, er omtala primært som ei erfaring som fekk henne til å endra syn på betydninga av den nasjonale fellesskapen, og kva rolle kjensler og symbol spelar i politikken.

Dei intense forhandlingane om koronastøttetiltaka i Stortinget i vår har også fått plass, men då i samanheng med at Hadia Tajik samstundes gjekk gjennom krevjande forsøk med prøverørsbefruktning. Det var ein situasjon svært få fekk vita om: «Jeg ville ikke at de skulle høre meg i debatt og tenke: Hun var jammen god, særlig når vi vet at hun er midt i et prøverørsforsøk. Bare at de skulle tenke: Hun er jammen god. Punktum.»

Bjørheimsbygd og Oslo øst

For som undertittelen seier, er boka til Hadia Tajik ei samansmelting av det personlege og politiske. Eigne livserfaringar blir brukte som utgangspunkt for refleksjonar om dei store politiske og verdimessige utfordringane i vår tid: eit rettferdig arbeidsliv, likskap og forskjellar, det fleirkulturelle samfunnet, makt og avmakt, ytringsfridom og forholdet mellom kjønna.

Og der Tajik treng å få vita meir, oppsøkjer ho menneske som kan hjelpa henne å forstå – nysgjerrig og med opne spørsmål. I eit av dei beste kapitla i boka vender jenta frå Bjørheimsbygd tilbake til heimetraktene og spør seg kvifor det er etablert ein kristen privatskule på Tau. Er det grunnlag for det, i eit av dei mest kristne områda i landet? Samtalar med rektoren på denne skulen og ein rektor på ein innvandrardominert skule i Oslo, gir grunnlag for spennande tankar om fellestrekk mellom dei to miljøa, om sosial kontroll, om todelte ungdomsmiljø, om å kjenna på at verdiane i samfunnet endrar seg altfor fort.

Ap-veteranen Gunnar Berge feira 80 år i august - Hadia Tajik var til stades. Foto: Jon Ingemundsen

Tajik er ingen tilhengar av private skular, men konkluderer med at både bedehuskulturen og andre delar av den tradisjonelle kulturarven er viktige å formidla i den felles offentlege skulen. Med historisk forankring er det lettare å handtera forandring. Og ikkje minst elevane på Oslo øst treng innsikt i kva som har forma det norske samfunnet som dei er ein del av.

Når ho seinare skriv om abort og bioteknologi, synest eg tonen blir meir slagordprega. Ifølgje Tajik er det berre «temmelig ytterliggående aktører» som snakkar om «fosterets rettsvern». Men den gjeldande norske abortlova, med sjølvbestemt abort fram til 12. veke og deretter nemndbehandling, må jo oppfattast som eit kompromiss mellom kvinna og fosteret sin rett. Dette er likevel unntaket i ein tekst som gjennomgåande er velsigna lite bastant og fordømmande. Og ho innrømmer at hennar eigne erfaringar som ufrivillig barnlaus «har gjort meg vâr for at hjelpen jeg skal få, til enhver tid skal avhenge av andres mer eller mindre tilfeldige moralske standard.»

Det som manglar

Det blir kanskje litt kleint å kritisera ein forfattar for det ho ikkje har skrive om. Men eg saknar refleksjonar omkring tilværet i det personlege og politiske elitemiljøet ho i dag er ein del av; «gjestene på ekteparet Hadia Tajik og Kristian Skards pølsefest», som ein kan høyra frå vonde tunger. Ho skriv andre stader skarpsindig om avmakt og avstand til makta, enten du bur i Vadsø eller på Oslo øst. Men korleis utkantmennesket Hadia Tajik, innvandrarjenta frå ei lita Ryfylke-bygd, sjølv opplever kontrasten til dei sentrale maktsirklane, får me vita lite om.

Det kunne også vore eit utgangspunkt for å skriva om krisa i Arbeidarpartiet, som ikkje minst viser seg i utkantområda som tidlegare var bastionar for partiet. Sjølv om dette er ei bok som ikkje skal handla om partipolitikk, er det påfallande at nestleiaren i Arbeidarpartiet ikkje har noko å melda her.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. – Nå kan vi senke skuldrene på Kvitsøy, 25 statlige arbeidsplasser er sikret

  2. Legesenter holder stengt etter at pasient testet positivt for korona

  3. Høyeste beredskaps­nivå i Frankrike

  4. Du bør ikke mene noe om Hadias nyfønede hår som UiS-ansatt

  5. Regjeringen foreslår 7,3 milliarder ekstra i korona­tiltak til kommunene

  6. Ville kjendisens kunst blitt solgt hvis han var ukjent debutant-Magne? Ville middelaldrende kvinner stått i kø for ham?

  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Hadia Tajik
  4. Arbeiderpartiet (Ap)