Konsert: SSO i Konserthuset

Blikket hans lukkar seg. Mimikken, andletet, pusten får liv av eitskiftande musikalsk uttrykk. Han er læraren til Truls Mørk. FransHelmerson.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 20 år gammel

Stavanger Konserthus torsdag kveld: SSO spelar Valen, Sjostakovitsj, Liszt og Bartók. Dirigent: Ilan Volkov. Solist: Frans Helmerson, cello. Publikum: 850 Og cellosolist av rang i gårsdagens konsert, meir presist i Sjostakovitsj første cellokonsert. Også eleven hans har denne på programmet, han nådde akkurat å avslutta ein turné i USA med verket, før han vart Grammy-vinnar i går. Dessutan var det nettopp Sjostakovitsj-innspelinga frå 1995 som førte til Truls Mørks første Grammy-nominasjon, dengong saman med the London Philharmonic og Mariss Jansons. Der Mørks cello lar ein djup, russiskvarm klangbotn syngja alvorsfylt med, sjølv i dei mest halsbrekkande tempi, vel lærar Helmerson seg lysare fargar. Han driv førstesatsen framover med vanvittig energi, manar det insisterande, nesten påståelege temaet til forrykande liv. Samstundes gir den lyse, lette klangfargen inntrykk av ein burlesk, lett ironiserande distanse. Orkesteret under leiing av unge, talentfulle Ilan Volkov, er ei aning tyngre på foten, det tar tid før dei finn heilt saman. For Helmerson er verkeleg ufatteleg lettbeint, der Mørk understreker det romantiske, blir Helmerson reint postmoderne. Med eit tilbakelent, skrått overblikk er det som han seier at slik kan det også vera. Eller kanskje slik. Utan å insistera på at det må vera slik, ikkje eingong at det bør vera det. Sjølv den lyriske andresatsen, der orkester og solist fell nydeleg saman, er dette lyse, lette og distanserte nærverande. Det er suverene, stilsikre val han har gjort. Som også Mørk sine er. For Sjostakovitsj sin tåspissdans med Stalins sensurerande og sensurerte tankeverd, må ha vore like lagnadstung som nasepeikande ironisk.Intensiteten og drivet lærar og elev har felles, gir motvekt og balanse hos dei begge, her er det aldri snakk om eintydige tolkningar. I går var det læraren som begeistra sitt publikum.Og ikkje fordi han er læraren til Truls. Men fordi han med eminente toneriss strauk fram minne om Sjostakovitsj' skeive smil.Nei, det var ikkje bare store cellistar og ditto russiske komponistar det handla om i går kveld. Men av dei resterande verka på programmet, var det bare Bartóks mirakuløse mandarin-suite som kunne by på tilsvarande kvalitetar.Valens uendeleg vakre tonemaleri «Kirkegården ved havet» blei for spindelvevsaktig til å kunna bli verande lenge i minnet, mens Liszts symfoniske dikt «Hamlet» faktisk er litt kjedeleg. Det er så tydeleg tenkt til scenen at vi rett og slett saknar å få helsa på karakterane i kjøtt og blod, kvar gong tonane tar ein pause.Medan vi gjerne skulle sett ei dristigare tolkning av førstnemnde Valenverk, skuldar vi komponisten aleine for at «Hamlet» ikkje fekk skikkeleg tak nokon plass. I oss.Bartók, derimot, var spinnvill, kaotisk og suggererande. Som teaterstykket det ein gong blei skrive til, vrir også musikkstykket kunsten over til noko heilt anna enn ei framtoning av det vakre og moralske.Klarinetten gir tonespråk til den prostituerte, obo, trombonar og tuba til kundane. Volkov finslipte talentet sitt, og fekk heile blåsargruppa så vel som strykarane til å dra oss overbevisande med inn i galskapen og umoralen.Glitrande prestasjonar blant solistane i orkesteret gjorde frydegrøsset over det ufine sitt nærver endå større. I ein konsert der også den fråverande, første norske Grammyvinnaren unekteleg ga næring til tanken. Om musikken.

Publisert: