«Ein kan gjerne kalla Flatøybok for eit nasjonalromantisk prosjekt, og velja om ein vil fnysa eller jubla over det.»

KOMMENTAR: Historikarane har lenge forsøkt å distansera seg frå rolla som nasjonsbyggjar. Torgrim Titlestad går mot straumen.

Publisert: Publisert:

«Torgrim Titlestad og hans medarbeidarar har hatt som programerklæring at dei vil «skapa eit nasjonalverk». Det ligg unekteleg noko 1800-talsaktig over dette», skriv kommentator Tom Hetland. Foto: Jarle Aasland

Tom Hetland
Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet

Det Stavanger-baserte forlaget Saga Bok gir i år ut fjerde bandet av det islandske sogeverket Flatøybok. Dermed har entusiastane i Saga Bok, med Torgrim og Bård Titlestad i spissen, kome over halvvegs i det store prosjektet som begynte i 2014, nemleg å presentera Flatøybok i norskspråkleg praktutgåve. Tre band står att før dei er i mål.

Litt fakta: Flatøybok vart skriven på Island i slutten av 1300-talet, etter initiativ frå stormannen Jon Håkonsson. Innhaldet er delvis overlappande med Snorres kongesoger, men Flatøybok har i tillegg ein god del stoff som ikkje står i Snorre. Verket er også skrive med eit tydelegare utsiktspunkt frå Island og dei andre vesterhavsøyane som den gongen var ein del av Noregsveldet.
Etter sterkt press på den islandske eigaren hamna boka i 1662 i Det kongelige museum i København, der ho var i over 300 år. Men i 1971 kunne islendingane feira at denne nasjonalskatten var gitt tilbake til Island. «Den største og vakraste boka på Island», som Flatøybok vart kalla, er i dag å finna på Árni Magnússon-instituttet i Reykjavík.

Les også

Stavanger-forlag oversetter den 628 år gamle «Flatøybok» til engelsk

Den norske utgåva er omsett til bokmål av Edvard Eikill og illustrert av Anders Kvåle Rue. Arbeidet er ressurskrevjande, men responsen har vore god. Forlaget opplyser at første band vart selt i 6000 eksemplar, noko som må seiast å vera mykje for eit såpass dyrt og smalt verk.

På parti med tidsånda?

Torgrim Titlestad og hans medarbeidarar har hatt som programerklæring at dei vil «skapa eit nasjonalverk». Det ligg unekteleg noko 1800-talsaktig over dette, eit ekko frå tida då historikarar, diktarar og politikarar leitte tilbake til sogetida for å byggja ein identitet for det sjølvstendige Norge. Spørsmålet er om denne gammaldagse historiske tilnærminga fyller eit tomrom som er oppstått i historieformidlinga i det moderne samfunnet, og at Titlestad dermed paradoksalt nok er på parti med tidsånda.

Titlestad er ein omstridd historikar som har gått sine eigne vegar og ikkje vore redd for dristige konklusjonar. Den aktuelle disputten i Aftenbladet mellom han og avdelingsleiar Håkan Petersson ved Arkeologisk museum omkring det påtenkte vikingsenteret i Stavanger-regionen, er berre eit nytt eksempel i rekka.

Flatøybok-prosjektet kan på minst tre område seiast å vera eit uttrykk for Titlestads historiesyn.

For det første har han vore ein sterk talsmann for at sogelitteraturen er viktig som kjeldemateriale, og at skildringane i Snorre, Flatøybok og andre soger kan gi påliteleg kunnskap om norsk historie i vikingtid og mellomalder.
Dette var lenge eit syn som var på defensiven i historikarmiljøet. Den ruvande historikaren Halvdan Koht (1873-1965) var såleis svært kritisk til å bruka sogene som kjelde. Dei var nedteikna fleire hundre år etter hendingane dei omtala, og sa meir om samtida enn om historia, meinte Koht. Håkan Petersson går eit steg lenger, og snakkar om «anekdoter og myteomspunne sagaer».

Les også

Ubåt skal lete etter beviser på Slaget i Hafrsfjord

Les også

Vil ha vikingsenter i Møllebukta

Forsvararane av sogene har vist til at det i tida fram til skriftkulturen slo gjennom var ein sterk tradisjon for munnleg overlevering av historiske forteljingar frå generasjon til generasjon. Særleg skaldekvada har ei bunden form som ikkje lett lar seg endra.

Historie eller historier?

For det andre vil Torgrim Titlestad meina at det framleis er viktig å ha blikket mot aktørane i historia. Håkan Petersson, med sitt utgangspunkt som arkeolog, vil tona ned historiene om mannlege krigarar og høvdingar, og omtalar slaget i Hafrsfjord som ei relativt uvesentleg hending. Han ønskjer eit vikingsenter som handlar om dagleglivet til menneska på denne tida, om jordbruk, handverk og handel, basert på gjenstandar og annan dokumentert kunnskap.

Mens Petersson står på tryggare historisk grunn, har Titlestad ein fordel når det gjeld formidling. Ein kan gjerne seia at dei norrøne sogene, for så vidt på same måte som Bibelen, inneheld meir historier enn Historie med stor h. Men til alle tider har det vore slik at det er forteljingar om enkeltmenneske som grip oss – det visste Homer og Herodot i det gamle Hellas, og det veit dagens tabloidjournalistar. Eit vikingsenter med publikumsappell må kunna visa tydelege, individuelle aktørar – utfordringa ligg i å gjera det på ein måte som er historiefagleg forsvarleg.

Den store forteljinga

For det tredje går Titlestad motstraums ved å halda fast ved historia som Den store forteljinga, og historikaren som nasjonsbyggjar. Moderne historikarar har gjerne forsøkt å distansera seg frå denne historikarrolla, og har tona ned historiske parallellar og problematisert historisk baserte populæroppfatningar. Det er ein forståeleg reaksjon på at historia altfor ofte er blitt misbrukt som våpen i ein aktuell politisk kamp. Vikingtida er særleg problematisk på grunn av det nazistiske svermeriet for symbolikk frå norrøn mytologi.

Titlestad har for sin del få hemningar mot å hevda at det går liner frå vikingtid og mellomalder til dagens norske samfunn, for eksempel når det gjeld demokratisk kultur. Han ser kong Sverres kamp mot paven som ein strid mellom nasjonal sjølvråderett og «internasjonalisme», og dreg parallellen til kampen i det norske kommunistpartiet om ein skulle underordna seg Moskva eller ikkje. Andre ville kanskje tenkt at den evige norske EU-debatten hadde vore eit meir nærliggjande eksempel, men der Torgrim Titlestad går, er aldri Peder Furubotn langt unna.

Ein kan gjerne kalla Flatøybok for eit nasjonalromantisk prosjekt, og velja om ein vil fnysa eller jubla over det. Men prosjektet treffer ei fornya folkeleg interesse for vikingtid og mellomalder som kan ha fått næring frå fleire kjelder: fantasylitteratur, identitetspolitikk eller rett og slett fascinasjon over ein uvanleg dramatisk og ekspansiv epoke i historia vår. Det er ei interesse som fleire historikarar enn Torgrim Titlestad vil gjera klokt i å koma i møte.

Publisert: