Ubehaget i industrikulturen

BOK: Særprega roman der blodslit på slakteri sakte lagar hakkemat av arbeidaren.

Publisert: Publisert:

Franske Joseph Ponthus er aktuell på norsk med romanen «Linjeskift». Foto: Philippe Matsas

  • Leif Tore Sædberg

Grade: 5 of 6 stars

Joseph Ponthus: Linjeskift. Roman. 246 sider. Omsett av Margunn Vikingstad. Aschehoug.

«We are the people you do not see. We are the ones who drive your cabs. We clean your rooms. And suck your c**ks,” seier den ulovlege immigranten Okwe lakonisk om det kyniske og slaveliknande arbeidslivet han er tvungen inn i, i thrilleren «Dirty Pretty Things» (2002).

Forteljaren i «Linjeskift» (med den forklarande undertittelen Skriftblad frå fabrikken) er klart meir privilegert i utgangspunktet, men det er likevel langt frå eit fritt val som sender han først inn i fiskeforedlings- og deretter slakteribransjen: «Fabrikken er for pengane si skuld/Ein jobb for å livnære seg (…)/Fordi kona mi er lei av å sjå meg ligge på sofaen mens eg/ventar på moglegheita for arbeid i min sektor»

«Min sektor» er her noko i retning kulturindustrien, men vår helt (breiddfull av poetiske referansar) hamnar altså i staden midt oppi industrikulturen. Kjartan Fløgstad ville fått vatn i munnen av mindre. Seinare blir det snarare sveitte og tårer som renn, for livet på botn av nærings(middel)kjeda i Frankrike er ingen pique-nique.

Vel, temaet er strengt tatt for alvorleg til å fjasa vekk med slik lettsindig ordleik. For Joseph Ponthus viser gjennom sitt snedige og ganske originale prosjekt fram sider ved moderne arbeidsliv, samfunnsstruktur og konsum som skapar både ettertanke og smått ubehag. Forma er tilsynelatande ein slags sjølvbiografisk reportasje skriven i vers-aktig oppsett, der teiknsetting er totalt fråverande og setningane får linjeskift (!) på tidspunkt som bryt med normert syntaks. Denne semi-lyriske forma kan nok i utgangspunktet verka noko snobbete, for Ponthus’ stil er elles ganske rett fram, med nøkterne, sceniske skildringar og konkrete refleksjonar. Likevel gjer den uvanlege framstillingsmåten at innhaldet står sterkare fram, sidan ein må lesa seinare og nøyare grunna brota i teksten.

Enkelte meiner at «hvis slakteriene hadde glassvegger, ville alle være vegetarianere», og «Linjeskift» stadfestar på enkelte måtar ei slik utsegn. Likevel viser han vel så mykje korleis monotont blodslit på uføreseielege kontraktar og ugunstige tider køyrer arbeidstakaren gjennom kjøtkverna. Ganske aktuelt òg, sidan både heiltidspolitikarar og kommentatorar dei siste vekene har begynt å sjå dei som køyrer taxiane våre, som reingjer romma våre og – kanskje til og med – vaskar blod og fjernar kroppsdelar i slakteria.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Pinseutfart skapte lange køer

  2. Color Line kjører med fulle skip fra 15. juni - men for nordmenn er det en hake

  3. Mann ble anmeldt etter å ha urinert ved Kvadrat

  4. Norled: – Vi forventer like lange køer på mandag

  5. Vanlig skjenking fra neste uke

  6. To nye Viking-juniorer får tilbud om proffkontrakt

  1. Bok
  2. Litteratur
  3. Anmeldelse
  4. Bokanmeldelse
  5. Roman