Rapport frå Romsås

FILM: Fint tidsbilete frå multietnisk drabantby, om enn med litt låg temperatur.

Publisert: Publisert:

Mariana med vennene sine på Romsås, Oslo, i ungdomsfilmen «Alle utlendinger har lukka gardiner».

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 out of 6

Alle utlendinger har lukka gardiner

Med: Karen Øye, Serhat Yildirim, Cengiz Al, Deniz Nourizadeh-Lillabadi, Jonatan Rodriguez. Sjanger: Drama. Regi: Ingvild Søderlind. Nasjonalitet: Norge, 2020. Aldersgrense: 12 år. Lengde: 1 t. 23 min.

Maria Navarro Skaranger fekk mykje skryt då ho 20 år gammal debuterte med romanen «Alle utlendinger har lukka gardiner» i 2015. Blant anna for å visa fram ein del av Norge som ligg langt unna det brorparten av norsk litteratur handlar om, nemleg den akademiske middelklassen.

Nå har det blitt ungdomsfilm av romanen – med visse justeringar: Mariana bur på Romsås med norsk mor og chilensk far, og ein veslebror. I romanen er storebroren i fengsel, i filmen drar han som soldat til Afghanistan – eit val både Mariana og familien slit med.

Mariana går i åttande, i ein klasse der det bare er to-tre kvite nordmenn og resten varierande grader av brun hudfarge. Det er eit særs multietnisk miljø, ungdommane er fullt klar over det, har sine stereotypiar om kva som er «typisk tyrkisk» eller kven som har bakgrunn frå Ghana. Språket er også sterkt prega av multietnisiteten, her er kebabnorsk og ordstillingsfeil, som bidreg til at dette kjennest ekte - og som vil gi ein norsklektor eksem. Det er også ganske friskt ungdomsspråk, gjerne sentrert rundt dette som har med forplantning å gjera, for å seia det sånn.

For dette er sjølvsagt ungdom på sitt mest hormonsprengte. Unge jenter og gutar som prøver å gjera seg vaksnare enn dei er. Som tøffar seg. Ein machokultur med særs stereotype kjønnsroller og utbreidd homofobi blant gutane. Kvardagens drama handlar om skule, vennskap og forelskingar – omtrent som for alle ungdommar.

Samtidig er altså dette eit innblikk i ein del av Norge som kan opplevast som fjern og framand for dei fleste nordmenn: Den multietniske drabantbyen. Regissør Ingvild Søderlind teiknar eit fint og ganske nyansert portrett av ungdommane og miljøet deira – sjølv om eg syns det tidvis er litt låg temperatur og litt vel overtydeleg. Dei unge amatørskodespelarane varierer sjølvsagt i rollene, men Karen Øye gjer Mariana til ei truverdig ung jente frå Romsås, anno 2020.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Besøkstallene stuper på Preikestolen

  2. Nå kommer de: «Trolig det råeste verden har sett»

  3. – Skal man gi sin stemme til et parti, må man skjønne hva det står for. Det er det mange som ikke gjør lenger med Ap

  4. Tidligere Viking-spiller hanket inn storavtale for Hinna

  5. Han skulle lage et hjerte, så gikk det alvorlig galt

  6. Mener denne Viking-spilleren bør starte mot gamleklubben

  1. Film
  2. Anmeldelse
  3. Filmanmeldelse
  4. filmer