Ei framtid med designerbabyar og tusenåringar?

SAKPROSA: Den bioteknologiske utviklinga opnar svimlande og skremmande perspektiv. Ei ny bok hjelper oss til å halda beina på jorda.

allvard Kvale har bakgrunn som journalist og forskingsformidlar, blant anna har han vore kommunikasjonssjef i Bioteknologirådet. Sigrid Bratlie er fagpersonen, med doktorgrad i molekylærbiologi og rådgivarstillingar i Bioteknologirådet og Kreftforeningen på cv-en.

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 5 out of 6

Sigrid Bratlie og Hallvard Kvale: Fremtidsmennesket – Hva den bioteknologiske revolusjonen betyr for deg. 207 sider. Kagge Forlag.

Bioteknologien er eit område som utviklar seg svært raskt, og der nye forskingsresultat skaper både store forventningar og djup frykt. Håp om å kurera alvorlege sjukdommar går hand i hand med skrekkvisjonar om «sorteringssamfunn» og «designermenneske». Enkelte spår at me vil snart leva til me er 1000 år, andre at mennesket slik me kjenner det – homo sapiens – kan vera inne i si siste tid.

Dei politiske, ideologiske og sosiale konsekvensane kan også bli store. Me ser for eksempel korleis etiske dilemma som tidlegare var ramma inn av felles lovverk eller religiøse normer, nå i stadig større grad blir overlate til enkeltmennesket. Både høgre- og venstresida er med på den utviklinga. Eit anna døme: Sommarens transdebatt viser korleis kjønnsidentitet er i ferd med å endra seg frå noko som var oppfatta som biologisk gitt til ein arena for politisk og ideologisk konflikt. Den bioteknologiske utviklinga kan skjerpa slike motsetningar.

«Fremtidsmennesket» er noko av det beste eg har lese av forskingsformidling dei siste åra.

Samstundes er bio- og genteknologi eit uhyre avansert forskingsfelt, der lekfolk med biologi frå ungdomsskulen lett blir hekta av. Berre tanken på at DNA-materialet frå cellene i kroppen vår til saman blir ein tråd som kan gå 2,5 millionar gonger rundt jorda, får det til å svimla for dei fleste av oss. 

God folkeopplysning

Det er altså stort behov for folkeopplysning. Forfattarane av boka «Fremtidsmennesket»  har då også det beste utgangspunktet: Sigrid Bratlie er fagpersonen, med doktorgrad i molekylærbiologi og rådgivarstillingar i Bioteknologirådet og Kreftforeningen på cv-en. Hallvard Kvale har bakgrunn som journalist og forskingsformidlar, blant anna har han vore kommunikasjonssjef i Bioteknologirådet.

«Fremtidsmennesket» er då også noko av det beste eg har lese av forskingsformidling dei siste åra. Språket er lett tilgjengeleg, med gode bilde og jordnære samanlikningar, der lesaren stadig blir invitert til å relatera problemstillingane til sitt eige liv.

Boka er delt inn i tre bolkar etter livsfase. I første bolk tar forfattarane opp korleis den bioteknologiske utviklinga gjer det mogleg å oppdaga stadig fleire arvelege disposisjonar for sjukdom på eit tidleg stadium. Det stiller oss overfor vanskelege etiske dilemma, som ikkje blir enklare når CRISPR-teknologien opnar for å redigera i sjølve genmaterialet. «Designerbabyen» rykker nærmare – om me vil. Eggdonasjon, surrogatmødrer og svangerskap utanfor livmor kan også bli naturlege valfrie element for menneskeleg reproduksjon i framtida.  

Andre bolk, «midt i livet», viser korleis bioteknologien kan førebyggja og kurera stadig fleire sjukdommar, og i tredje og siste bolk handlar det om alderdommen, som med bioteknologisk hjelp kan strekkjast stadig lenger ut i tid – om ikkje akkurat 1000 år.

Her stiller forfattarane vesentlege kritiske spørsmål: Kven skal betala for stadig meir avansert behandling, til dels av sjeldne sjukdommar? Dei går langt i å slå fast at bioteknologien kan føra til eit endå meir todelt helsevesen enn i dag, der dei som har ein fyldig bankkonto får tilgang til den beste behandlinga. Spørsmålet om kor mykje eit menneskeliv er verd, blir dessverre neppe mindre aktuelt. Både forsikringsselskap og helsestyresmakter vil rekna på det.

Gamle råd er stadig gode

Forfattarane heller samstundes kaldt vatn i blodet på dei største bioteknologioptimistane. Framleis ser det ut til at dei gamle helseråda – fysisk aktivitet, sunn kost, lite stress og tilstrekkeleg søvn – er viktigast for den som vil ha eit langt og godt liv. Forsking viser også at ein viktig faktor som går igjen der folk lever lenge, er «en følelse av formål og tilhørighet i samfunnet sitt». Her ligg det nok ei undervurdert politisk helseutfordring.

Dessutan kan også bioteknologiske framsteg ha sine biverknader. Gen som framkallar sjukdom, kan vera nyttige i andre samanhengar. For eksempel er personar med høg immunitet mot malaria meir utsette for den dødelege blodsjukdommen sigdcelleanemi. «Vi skal være forsiktige med, og ydmyke overfor, de kraftige, nye verktøyene,» slår forfattarane fast.

Alt i alt tar likevel «Fremtidsmennesket» ein mellomposisjon mellom optimistane og pessimistane på det bioteknologiske feltet. Boka stiller fleire spørsmål enn ho gir svar, og er først og fremst tenkt som eit kunnskapsgrunnlag for dei som ønskjer å forstå utviklinga og engasjera seg i debatten. Og der lukkast forfattarane svært godt.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Bokanmeldelse
  3. Sakprosa
  4. Bioteknologi
  5. Genteknologi

Mest lest akkurat nå

  1. FHI har aldri sett noen lignende: En overraskende effekt av omfattende smitteverntiltak

  2. Glatte veier i Sirdal - tre biler involvert i ulykke

  3. Åtte smittet på skip i Stavanger

  4. Under landslagets frokost tok treneren Thorstvedt til side. Han fryktet det verste. Så kom meldingen som sjokkerte 22-åringen.

  5. Smitte ved videregående skole

  6. Begge sjåførene fortsatt på sykehus