Merkelig svensk komiskrekk

FILM: Er «Koko-di Koko-da» mest irriterande eller fascinerande? Eg er sannelig ikkje heilt sikker.

Publisert:

Teltturen i skogen utviklar seg til skrekk og gru for ekteparet.

Jan Zahl
Kulturjournalist
Grade: 3 out of 6 stars

Koko-di Koko-da

Sjanger: Horror, Thriller. Med: Peter Belli, Leif Edlund, Ylva Gallon, Katarina Jakobson, Morad Baloo Khatchadorian, Brandy Litmanen. Manus og regi: Johannes Nyholm. Nasjonalitet: Sverige, Danmark 2019. Lengde 1 t. 26 min. Aldersgrense 18 år.

«Koko-di Koko-da» er visstnok ein av årets filmsensasjonar. Køane var lange på den prestisjetunge Sundance-festivalen i USA. Mange kritikarar har likt filmen veldig godt, ein heil del har mislikt han sterkt. Sjølv såg eg «Koko-di Koko-da» på Filmfestivalen i Haugesund. Det var ein av filmane ein snakka om. Kanskje fordi det er ein film som virkar meir splittande enn dei fleste. Somme vil meina at dette er svære greier, andre liker det ikkje. Eg heller meir mot det siste - men syns det er vanskeleg å vera sikker.

«Koko-di Koko-da» handlar om eit svensk ektepar, Elin og Tobias, som drar ut i skogen på telttur. Dei har mista den åtte år gamle dottera si for tre år sidan. Sorga går ikkje over.

Ute i skogen slår dei opp teltet - men frå mørkret dukkar det opp tre merkelige figurar: Ein syngjande mann i kvit dress og hatt, ei mannleg kjempe som ber på ein blodig, daud hund og ei dame med enormt hår. Pluss ein hund. Dei ser på eitt vis ut som barne tv-figurar, dei er henta frå ein barnesong og ein speledåse den døde dottera likte så godt.

Ut av skogen kjem tre merkelege figurar. Tre psykopatar frå ein barnesong.

Men dei tre er ikkje koselig figurar. Tvert om er dei valdelege psykopatar, som går laus på det vettskremde ekteparet med slag, skot, kniv og hund - og tek livet av dei.

Så går det i svart. Og så startar det heile på nytt. Ekteparet på veg på telttur, ny vri på at dei tre psykopatane dukkar opp. Meir skrekk, ubehag og vald. Det er ubehageleg og fælt å sjå på.

Dermed blir dette ein slags «Groundhog Day», der det same gjentek seg gong etter gong. Men ekteparet lærer knapt frå gong til gong, det er bare redsla og skrekken som veks. Og tidvis er det glimt av humor. Skal det også vera ei komedie?

Gong etter gong blir ekteparet teke livet av. Det er ubehageleg å sjå på.

Splittinga blant oss som har sett denne merkelege filmen, går på om den brutale valden, skrekken, ubehaget er ein bra og interessant måte å visa fram desperasjonen og sorga dette paret viser i tapet av dottera, om det er ein del av bearbeidinga. Mens andre av oss altså syns det blir for merkeleg, og at valden og ubehaget kjem i vegen for denne djupare bodskapen.

Publisert: