Larzan i svevet

TEATER: Tynnare historie og lengre mellom latterkulene enn i fjor, men moro for store og små også i årets Sommarteater.

Publisert: Publisert:

Larzan (Henrik Bjelland) får svingt seg når Sommarteatret set opp «Larzan - artenes konge og Brorzan» i Sørmarka Arena. Foto: Jan Inge Haga

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 4 of 6 stars

Larzan - artenes konge og Brorzan.

Sommarteater i Sørmarka Arena, i regi av Rogaland Teater og Kulturkompaniet. Regissør: Per Kjerstad. Med: Ellen Andreassen, Kristian Berg Jåtten, Henrik Bjelland, Lykke Kristine Moen, Hans N. Røine. Speletid: 1 time + 20 minuttar pause. Passar for barn frå fire år - og vaksne.

– Heilt topp, seier son (7). - Eg likte best då han mannen kom ut i bh.

– Kjekt, men litt mindre action enn i fjor. Apane burde spelt ei mykje større rolle, sidan det jo skulle handla om Tarzan, seier dotter (12).

Ho begynner å få meir erfaring med å vera med far på teaterkritikk, og er godt i gang med å utvikla kritisk sans. (Som, for øvrig, stort sett går ut over far.)

Foto: Jan Inge Haga

Ny arena, gammal oppskrift

Årets Sommarteater er lagt til nok ein ny arena, etter tre år i eit telt i Geoparken i Stavanger. Innandørs i telt i Sørmarka Arena fungerer fint. Her treng ein verken å frykta at det blir altfor kaldt eller altfor varmt i Rogalands uforutseibare juni-månad.

Bortsett frå adressa, er det meste som før når Rogaland Teater og Kulturkompaniet avsluttar teatervåren: Eit lite, ungt ensemble framfører ei energisk radbrekking av ein litterær klassikar med relativt enkle verkemiddel, scenografi og kostyme, mens store og små sit rundt scenen på fire kantar og dels ler av ulike ting. I år med ein debutant i registolen, Per Kjerstad, som ut frå førehandsomtalen også ser ut til å stå for manus.

Foto: Jan Inge Haga

Litt lite Larzan

Årets oppsetting tar utgangspunkt i legenda om Tarzan, Apenes konge. I Sommarteatrets versjon, handlar det om Larzan (Henrik Bjelland), Artenes konge, og hans bror frå Narvik, Brorzan (Hans N. Røine). Det vil seia: Det handlar ikkje så veldig mykje om Larzan, og absolutt ingenting om Artene. Etter første akt er Larzan nesten bare ein bifigur, som rett nok får barna til å le godt der han går i bleie og suttar på ein svær tutt. Det handlar vel så mykje om dei skilde foreldra, om ein sjaman, ein yogaleir i Afrika, diverse påfunn. Kanskje er det for mange avstikkarar, litt for fjernt frå historia om Tarzan, litt for lite om og med Larzan, og litt for langt mellom dei verkeleg morosame poenga i eit stykke som bare har ein times effektiv speletid.

Det tek seg opp i 2. akt, etter ein unødvendig 20 minuttars snopepause, når me møter eit fantastisk orakel og får eit kort, men godt, gjensyn med fjorårets favoritt Siw-Anita Olsen Stangeland, begge utført av Kristian Berg Jåtten. Han måtte steppa inn på to dagars varsel etter at Kristian Winther i helga rauk ut på grunn av ein skade. Det skal jo ikkje høyra til å gå an å steppa inn i ei teateroppsetting og aksla så mange ulike roller på to dagars varsel, men det går altså an når den som gjer det er Kristian Berg Jåtten. Rett og slett imponerande.

Mykje musikk

Høgdepunktet for meg var i år framføringa av «Tore Tam» - Sommarteatret har framleis litt å gå på når det gjeld lydkvalitet over anlegget, så eg tippar dei song «Tam» - der skodespelarane imponerer med fleirstemt song over eit fiffig musikalsk arrangement signert Anders Brunvær Hauge over klassikaren «Tore Tang». For musikken som alltid ei hovudrolle i Sommarteatret. Som hadde fungert endå betre om me høyrde betre kva som blei sunge. Invester i betre myggar og/eller lydanlegg neste år.

– Okei, ungar. Det må kastast terning.

– Fire, seier 12-åringen.

– Fire, seier far.

– Eg har lyst å trilla ein terning, og så meiner eg det han landar på, svarer den ukritiske og altfor pragmatiske sju-åringen.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. - Nå vil stavangerfolk ha hytte i Ryfylke som aldri før

  2. Klagestorm etter NRKs id-sending

  3. SUS planlegger for ny koronabølge

  4. Kommunen vedgår at det er for grunt. Nå skal de sette opp skilt ved stupebrettet i Godalen

  5. Unesco: Syv norske vidunder du må besøke i sommer

  6. Spania nedjusterer koronadødstallet

  1. Teater
  2. Anmeldelse
  3. Teateranmeldelse
  4. Sørmarka Arena
  5. Rogaland Teater