Korona, som opplevd av Camilla

BOK: Ei velskriven og lesverdig skildring av koronaåret bak kulissane, men med få overraskingar.

Espen Rostrup Nakstad, Bent Høie og Camilla Stoltenberg har fronta kampen for kontroll over koronaviruset – og nå kjem bøkene; først om Stoltenberg, seinar i haust Nakstads.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Lilla Sølhusvik: Camilla Stoltenberg. Året som aldri tok slutt. 324 sider. J. M. Stenersens Forlag.

Gjennom halvtanna år med pandemi har me blitt fortrulege med dei fremste ansvarlege aktørane gjennom tv-skjermen. Bent Høie, Espen Rostrup Nakstad, Bjørn Guldvog og Camilla Stoltenberg har stått fram i intervju og på pressekonferansar og gitt kampen for kontroll over koronaviruset eit ansikt.

Men korleis har dette dramaet sett ut frå innsida? Nå begynner bøkene å koma. NRK-journalist Lilla Søhusvik har følgt Camilla Stoltenberg og formidlar hennar opplevingar, seinare i haust kjem Espen Rostrup Nakstad med si bok.

Kanskje er det for tidleg. Boka om Stoltenberg både startar og sluttar brått. Den tek til med dei første varsla på nyåret 2020, og blir avslutta med den første flyturen under pandemien, til eit festspelvakkert Bergen i mai i år. Det er eit fint punktum, men pandemien er på ingen måte over, og så mange oppsummerande refleksjonar finn lesaren naturleg nok ikkje.

Drama og konfliktar

Boka artar seg som ein repetisjon av små og store drama i krisehandteringa, ein løpande rapport skriven i menneskespråk. Mykje av dette hadde eg nesten gløymt. Episodane kan vera intense når dei står på, men er typisk ferskvare. Den store lesarappellen ligg neppe her.

Sølhusvik har heller ikkje så mykje nytt å by på frå livet bak kulissane. At det var konfliktar mellom Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet i enkelte spørsmål, først og fremst om stenging av skular og barnehagar, er kjent frå før. Som direktør for Folkehelseinstituttet måtte Camilla Stoltenberg balansera mellom omsynet til den samla krisehandteringa og lojaliteten til eigne medarbeidarar, som frå tid til anna følte seg overkøyrde. I FHI-miljøet var det også ein del murring over at assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad fekk status som den store kommunikatoren blant folk flest.

Nå kom slike konfliktar sjeldan sjenerande til syne. Boka svekkar ikkje inntrykket av at dei sentrale aktørane stort sett greidde å dra i lag, også når det var ulike oppfatningar. Ein sa kva ein meinte, men slamra ikkje med dørene. Og helseminister Bent Høie får attest for å ha vore «klok og real», trass i at Stoltenberg hadde sine disputtar også med han.

Open tale

Camilla Stoltenbergs linje var at dei tilsette i FHI skulle ha stor grad av ytringsfridom, og at ein ikkje skulle framstå som samla og skråsikker når det ikkje var fagleg grunnlag for det. Sjølv om det kunne skapa rabalder når for eksempel den frittalande Preben Aavitsland kom med sine synspunkt, er eg overtydd om at denne opne linja over tid har styrkt truverdet til den norske handteringa av pandemien.

Open har Camilla Stoltenberg også vore om private forhold. Ho ryddar med vemod opp i sakene etter faren Thorvald, ho organiserer ein amputert doktorgradsmiddag for sonen Emil, ho må resignert godta at det aktive sosiale livet som familien har vore van med, ikkje lenger er mogleg. Ho prøver å følgja smittevernreglane til punkt og prikke, vel vitande om at ho ikkje berre som FHI-direktør, men også som eit medlem av den mektige og synlege Stoltenberg-familien vil bli følgt med argusauge av folk der ute.

Alt dette formidlar Lilla Sølhusvik i eit levande, nært språk som gjer boka til ei høgst lesverdig tidsvitneskildring.

Publisert:

Bokanmeldelser

  1. Glimrande krigshistorie! (ikkje minst for nye lesarar)

  2. Han hadde stor suksess med krim fra 60- og 70-tallet. Den nye serien lover godt

  3. Gammal nazist blir som ny

  4. Jo, dette er smalt. Men det er bra!

  5. Framtidsthriller med russisk avhopper til Norge

  6. Anmelderen har ikke alltid vært begeistret for henne, men denne gang!

  1. Bokanmeldelser
  2. Koronaviruset
  3. Camilla Stoltenberg
  4. Anmeldelse
  5. Bokanmeldelse