Ein amerikansk tragedie

FILM: Baz Luhrmanns film om Elvis er fargesterk, heseblesande, eit musikalsk og visuelt fyrverkeri. Men han er ikkje særleg djup.

Austin Butler både spelar og syng Elvis så du skulle tru det var Han sjølv i Baz Luhrmanns «Elvis».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

ELVIS

Kinopremiere: 24.06.2022. Med: Austin Butler, Tom Hanks, Olivia DeJonge, Kelvin Harrison Jr., Dacre Montgomery, Kodi Smit-McPhee. Sjanger: Drama / Musikkfilm / Biografi. Regi: Baz Luhrmann. Nasjonalitet: USA 2022. Aldersgrense: 9 år. Lengde: 2 timar, 39 minutt.

Berre så det er avklart: Elvis Presley var lenge mitt største idol. Veggane i guterommet var tapetsert med store og små bilete av Kongen av Rock ’n Roll. Eg hadde eigne bøker og blad, mange av dei kjøpt av tanta mi i USA. Elvis var det kulaste eg visste. Eg ville vera som han.

Eg har lese og sett uendeleg mykje om den mytologiske mannen som blei funnen død på sitt eige gullforgylte bad på Graceland 16. august 1977, berre 42 år gammal. Då var han eit pillevrak, feit og einsam.

Korleis kunne ein av dei viktigaste personane i moderne kulturhistorie, ein så fantastisk songar, med ei så bemerkelsesverdig karriere, enda slik? Ulukkeleg og død. Men hylla og elska over heile verda. Sjølv på eit byggefelt på Bryne.

Vel, alt dette er det australske Baz Luhrmann prøver å visa fram gjennom over to og ein halv time i «Elvis», med Austin Butler som ein overtydande Elvis og Tom Hanks som manager «Colonel Parker». Det er Parker som fører ordet og fortel historia.

Kvit mann, svart musikk

Luhrmann startar i 1955, då Elvis var ein 20 år gammal lastebilsjåfør frå Memphis som fekk plutseleg suksess med singelen «That´s All Right». Elvis vaks opp i fattige kår i det amerikanske, raseskilde sør. Men han fekk den svarte musikken – gospelen, bluesen – inn frå barndommen av. Som kvit, kul og vakker ung mann i rockens spede start såg Parker eit kolossalt kommersielt potensial i han. Parker fekk Elvis til å underteikna på kontraktar som sikra Parker enorme inntekter – og kontroll.

Parker skulle dermed bli avgjerande for ei karriere rik både på toppar og lange, djupe dalar. I Luhrmanns framstilling – som nok skjer i forståing med familien, med dei konsekvensane det har for biletet som blir teikna – er Parker grådig, sleip og slu. Mens Elvis er mest oppteken av musikken – og ender som ei brikke i Parkers spel.

Luhrmanns filmspråk

Luhrmann har – på godt og vondt – eit tydeleg, eige formspråk. Du såg det i «Romeo og Julie» (1996), i «Moulin Rouge» (2001) og i «The Great Gatsby» frå 2013. Og du ser det igjen i «Elvis»: Her er sterke fargar, raske klipp, eit heseblesande tempo, musikkvideo- og teikneserieestetikk. På mange måtar ser det fantastisk ut, du får få sjansar til å kjeda deg i dette visuelle fyrverkeriet.

Ulempa er at det blir mykje form, mykje overflate, mindre innhald og djupn – og mindre biografisk autoritet. Du kjem ikkje djupt inn i Elvis sin psyke, blir ikkje mykje klokare på hans mørke sider eller personlegdom.

Samtidig lukkast Luhrmann i å løfta fram musikken – som jo er det mest vesentlege med Elvis. Luhrmann dreg ei (over)tydeleg linje frå den svarte musikken Elvis høyrde som barn og ungdom, og fram til det han leverer som vaksen. (Og som altså endra musikkhistoria, ungdomskulturen, showbiz, you name it.)

Her er fantastiske musikknummer, der Butler i periodar både ser ut og høyrest ut som Kongen. Butler syng den tidlege Elvis sjølv, på imponerande vis, mens stemma hans blir blanda med eller erstatta av Elvis si eiga stemme i dei seinare periodane av livet.

Og til slutt – og igjen – er det musikken kraft, stemma Elvis, musikalitet og formidlingsevne, som står igjen for meg. Enten når det svingar som berre rakkaren og publikum knapt trur det dei opplever. Eller når det menneskelege vraket til slutt samlar seg til ei siste kraftanstrenging og framfører «Unchained Melody» i Rapid City, tre veker før han døydde. Får du ikkje gåsehud då, er det noko rart med deg.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Denne filmen om ungdommeleg rå­skap og venn­skap bur du sjå

  2. Musikalsk og visuelt fyrverkeri om Elvis

  3. Charlotte Rampling briljerer som alkoholisert og kjip bestemor

  4. Vår anmelder om enda en Jurassic-oppfølger: Nå må det være nok!

  5. Er alle menn like?

  6. Dette er Obama sin favoritt-western. Det kan eg godt forstå

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Filmanmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Elvis Presley
  5. Tom Hanks