Askepott blir norsk

FILM: Nyinnspelinga av tsjekkiske «Tre nøtter til Askepott» er blitt eit norsk vintereventyr for store og små.

Astrid Smeplass og Cengiz Al er Askepott og prinsen i nyinnspelinga av «Tre nøtter til Askepott».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

TRE NØTTER TIL ASKEPOTT

Kinopremiere: 12.11.2021. Med: Astrid Smeplass, Cengiz Al, Thorbjørn Harr, Ellen Dorrit Petersen, Bjørn Sundquist, Kristoffer Hivju, Nader Khademi, Anne Marit Jacobsen, Jonis Josef, Ingrid Giæver, Sjur Vatne Brean, Arthur Hakalahti, Nasrin Khusrawi. Sjanger: Eventyr / Familiefilm. Regi: Cecilie Mosli. Nasjonalitet: Norge, 2021. Aldersgrense: 6 år. Lengde: 1 time, 27 minutt.

Som NRK (igjen) dokumenterte sist veke: Norsk filmbransje utviser ein forbløffande mangel på kreativitet når dei skal laga barne- og familiefilm. I staden for å laga nye historier – som årets Amanda-vinnar «Tottori» frå filmekteparet Silje Salomonsen/Arild Østin-Ommundsen – er dei aller fleste barne- og familiefilmar basert på noko som er laga før.

Kvifor er det sånn? Fordi det er tryggast, økonomisk.

Nyinnspelt klassikar

Så her kjem den norske nyinnspelinga av «Tre nøtter til Askepott». Ingen med ein tv-skjerm i hus kan ha unngått å ha fått med seg den tsjekkiske originalen frå 1973, med Knut Risans legendariske voice over. I vår heim blir det ikkje jul før Hu sjøl har fått sjå Libuse Safránková frysa seg halvt i hel som Askepott ein stad i dei tsjekkiske skogane.

Korleis toler Askepott overgangen til Norge og «moderniseringa» til 2021? Ganske godt.

For å starta med det norske: Få stader i verda kan by på natur, landskap og klima betre eigna til å danna ramma for eit magisk juleeventyr. Regissør Cecilie Mosli og fotograf Trond Tønder byr på snødekte fjell, langstrekte vidder, blafrande nordlys og lafta tømmerhus som fører oss rett inn i det som kunne vore eit norsk folkeeventyr. Dei fantastiske kostyma og hårpryden er rett nok meir mellomeuropeiske og i slekt med den tsjekkiske originalen, men denne versjonen av Askepott kjennest absolutt norsk, ja.

Innandørs, enten det er i stallen der Askepott held hus eller i slottets ballsalar, er bileta filma i eit gyllent lys. Det ser verkeleg ut som eit eventyr, også der.

Norsk vinterlandskap dannar ei perfekt ramme for eit modernisert juleeventyr.

God Askepott

Artisten Astrid Smeplass er ein god Askepott som ber store delar av filmen, Cengis Al (kjent frå «Skam») er ein fin prins. Begge er strengt tatt ganske fåmælte, her er mykje blikk, springing og riding gjennom snøen. Eg kan ikkje forstå anna enn at det må ha vore ganske kaldt å spela inn den norske versjonen også.

Castet er elles fullt av kjende fjes og nokre av landets fremste skodespelarar, mange av dei i pussig små roller. Her er Bjørn Sundquist og Anne Marit Jacobsen, Eller Dorrit Pedersen og Kristoffer Hivju. Nader Khademi får vist sitt komiske talent som stylør (!) Baron von Snauser. Her er heldigvis ein heil del komiske finter for dei vaksne som skal vera med ungane på kino.

Gyllent lys på slottsball. Og Askepott er heeeilt ugjenkjenneleg bak sløret sitt.

Samtidig ber castet preg av Norsk filminstitutts eigenmeldingsskjema om mangfaldsarbeid. Her er hudfargar det fanst få av både i den tsjekkiske originalen og i norske folkeeventyr, her er folk med funksjonshemming – og sjølvsagt menn som kyssar menn. Velkomen til 2021 og mangfaldsskjemaets tidsalder, Askepott.

Historia held seg stort sett til hovudtrekka i originalen, men den norske versjonen er ikkje ein blåkopi.

Ein og annan stad luggar det litt i framdrifta, av og til dvelar filmen litt for lenge ved ansikta. Ein stad startar ei jakt på hesteryggen langt utpå kvelden på slottet, men så er det plutseleg dagslys når jakta held fram gjennom skogen. Ja, og så skal du tru veldig på eventyr – eventuelt ha veldig dårleg syn – for å gå med på at Askepott ikkje er til å kjenna igjen om ho har litt oske i fjeset, bart eller eit gjennomsiktig slør framfor ansiktet.

Men, men. I det store og det heile er den norske nyinnspelinga av den tsjekkiske kultklassikaren sannsynlegvis ein film som vil gleda mange store og små mens det lakkar og lir mot jul igjen.

Publisert:

Film- og tv-anmeldelser

  1. Svak stjerneglans

  2. Fargerik jule­magi for hele familien

  3. Denne krigs­filmen fekk prestisje­pris i Berlin

  4. Lady Gaga i under­haldande Gucci-drama

  5. Her er filmen om tennis­stjernene Venus og Serena Williams sin veg mot toppen

  6. Disney leverer magi til jul

  1. Film- og tv-anmeldelser
  2. Film
  3. Anmeldelse
  4. Filmanmeldelse
  5. Aftenbladet ung