Stolt parti, såre ego

SAKPROSA: Biografien om Martin Kolberg viser at det ikkje er lett å setja partiet over seg sjølv.

Hege Ulstein framstår som ein i overkant beundrande biograf, særleg i saker der ho openbert deler Kolbergs syn, meiner vår kritikar.
  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Hege Ulstein: Tillitsmannen Martin Kolberg. 396 sider. Aschehoug.

Martin Kolberg er ein av dei siste av eit ærefullt slag: den sjølvlærde, intellektuelle arbeidarpolitikaren.

15 år gammal var han ferdig med framhaldsskulen heime i Lier og begynte å arbeida på ein skofabrikk. Seinare var han så vidt innom Oslo tekniske skole før det vart nye år i industrien. Så tok politikken han for godt. 

Kolberg har ikkje vore blant dei mest synlege Arbeidarparti-politikarane, men kan neppe overvurderast som strateg. Bak kulissane er han ein av dei som har organisert best og tenkt mest. Framfor alt har han framstått som ein vaktar av den lojale, oppofrande partikulturen. Tillitsmannen, som er tittelen på Hege Ulsteins biografi, er ein person som etter Martin Kolbergs verdikompass har fått både stor tiltru og tungt ansvar. Du skal vera «ordentlig glad i partiet». Å setja seg sjølv over partiet er ei dødssynd.

Mannen med peikefingeren

Derfor er det påfallande at store delar av biografien handlar om folk som gjer akkurat det. Ulstein fører oss gjennom fem tiår med intrigar, konspirasjonar og maktkampar: Reiulf Steen mot Gro Harlem Brundtland, Gro mot Thorbjørn Jagland, Thorbjørn mot Jens Stoltenberg, Gerd-Liv Valla mot Ingunn Yssen og Trond Giske mot dei fleste.

Dei store politiske sakene blir for det meste eit bakteppe i forhold til personstridane.  Andre parti har berre unntaksvis ei rolle i boka. Her er det det indre livet i Partiet som gjeld. Og om partikulturen er sterk, gjeld det i høgaste grad også ukulturen.

I denne gjennomgangen får Martin Kolberg rolla som mannen med peikefingeren, som minner om partimoralen og formanar ambisiøse ego om at dei skal vera ein del av noko som er større enn seg sjølv. Men lever han sjølv opp til idealet? Som lesar stussar eg over det dramatiske brotet med den nære barndomsvennen Thorbjørn Jagland i 1996, etter at Kolberg vart flytta frå Statsministerens kontor til jobben som statssekretær i Forsvarsdepartementet. Ei degradering, javel, men er det ikkje slike offer som av og til må gjerast i partilojalitetens namn?

Etter dette får Jagland rolla som sjefsskurk i boka, rett nok i hard konkurranse med Gerd-Liv Valla, Trond Giske og andre. Her er mykje skitentøyvask og lite tvisyn. Dommane blir felte bastant, utan rom for tvil.

Kven snakkar?

Men då lurer eg ofte på kven det er som snakkar. Er det Martin Kolberg eller Hege Ulstein? Ulstein er forteljaren, men slår fast at «synsvinkelen, analysene og oppfatningene som kommer til uttrykk (er) Martin Kolbergs, der annet ikke framgår». Dette skiljet er ikkje alltid like tydeleg. Ulstein framstår også som ein i overkant beundrande biograf, særleg i saker der ho openbert deler Kolbergs syn. Eg trur både Kolberg og lesaren hadde vore tente med at det var blitt stilt fleire kritiske spørsmål undervegs.

Frå ein mann av Martin Kolbergs bakgrunn og kaliber hadde eg ønskt meg meir refleksjon om den politiske utviklinga det halve hundreåret han har vore aktiv, og om vilkåra for sosialdemokratisk politikk i vår tid. Han har jo fleire gonger vist at han kan gå på tvers av konvensjonell tenking. Å slå fast at partiet alltid skal «slåst mot høgresida», er greitt nok, men kva betyr det eigentleg? Å grava djupare i slike spørsmål hadde vore meir interessant enn å gjenoppliva gamle mediedrama som folk flest har gløymt for lengst.

Når det er sagt, er «Tillitsmannen» ei av dei mest velskrivne politiske bøkene som har kome ut dei siste åra. Og ei av dei mest avslørande – sjølv om det kanskje ikkje er tilsikta.

Publisert: