Fiffig Gullpalmevinnar

FILM: «Parasitt» er både komisk og tragisk, morosam og brutal, og tek vendingar du ikkje såg koma.

Publisert: Publisert:

Den fattige familien bur i ein sliten, trong kjellar. Så får dei ein dag ein sjanse til å bli parasittar på ein rik familie.

  • Jan Zahl
    Kulturjournalist
Grade: 5 out of 6

PARASITT

Originaltittel: Gisaengchung. Sjanger: Drama, Thriller. Med: Song Kang-ho, Lee Sun-Hyun, Jo Yeo-jeong, Choi Woo-sik. Manus og regi: Bong Joon-ho. Nasjonalitet: Sør-Korea, 2019. Originalspråk: Koreansk. Lengde: 2 t. 12 min. Aldersgrense 15 år.

Den sørkoreanske regissøren Bong Joon-ho har lenge blitt rekna som ein av verdas fremste filmskaparar, og med «Parasitt» ser han ut til å ha lukkast med det meste. Den kritikarroste filmen vann Gullpalmen for beste film på Filmfestivalen i Cannes i mai, vann Golden Globe for beste framandspråklege film nå i januar og er nominert til seks Oscar, blant anna for beste film, beste regi og beste manus.

Det er altså gode tider for kinogjengarar i Rogaland for tida, med nye Oscar-kandidatar på kino kvar veke.

«Parasitt» handlar om ein fattig familie å fire som bur i ein illeluktande kjellar. Både mor, far og dei to unge vaksne barna er arbeidslause.

Men så dukkar det opp ein sjanse. Sonen får, etter litt dokumentforfalsking, jobb som privatlærar for dottera i ein steinrik familie, som bur i eit spektakulært, arkitektteikna hus i Seouls beste strok. Dermed har den fattige familien gjennom møtet med den rike familien fått tilgang til pengane dei mangla. Som det står om «parasitt» i Store norske leksikon: «Parasitter er organismer som sameksisterer med andre organismer (verter) på bekostning av disse. Typisk får parasitten sine næringsstoffer fra verten, og forbindelsen er ødeleggende for verten.»

Den rike familien bur i eit enormt, arkitektteikna hus med store, reine flater. Det er langt til dei fattiges verd.

Mangfaldig film

Det er mange element som gjer at «Parasitt» er såpass vellukka. For det første tek historia vendingar du ikkje såg koma, og som gjer at det blir interessant, underhaldande og spennande gjennom meir enn to timar.

For det andre består filmen av fleire ulike sjangrar. Det er både ei mørk komedie, i periodar nesten som ei forviklingskomedie. Samtidig er det ei tragedie, drama og plutseleg valdeleg. Det kan kanskje høyrast forvirrande ut, men det er gjort med så mykje kløkt og intelligens at det berre aukar kvaliteten og underhaldningsverdien.

Samtidig er det eit alvor og ein samfunnskritikk i historia som gir filmen substans og relevans. Forskjellen på dei fattige i kjellaren og dei rike i det arkitektteikna huset er tydeleg. Samtidig er dei fattige og rike karakterane teikna nyansert, med både sympatiske og usympatiske trekk, slik at det ikkje blir ein svart-kvit klisjé om «snille fattige» og «slemme rike», men smart satire over begge to.

Skodespelarane gjer ein god innsats i å fylla karakterane med nyansar og liv. Men samtidig må eg jo tilstå at det er ein viss avstand til sørkoreansk språk og spelemåte. Det kan bli litt «over the top» for meg.

Flott filma

Ein annan kvalitet ved filmen er bileta, filminga, estetikken. Enten det gjeld rotet og elendet i den tronge kjellaren eller dei reine linjene og store flatene i det romslege huset. Kontrastane mellom dei som er nede og dei som er oppe blir så til dei grader understreka gjennom bileta. Og så er det til dømes nokre fantastisk flott kveldsscener.

Så kanskje er tida komen for at du skal gå på kino og sjå din første sørkoreanske film?

«Parasitt» byr på nokre fantastisk flotte kveldsscener. Med vatn.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. 12 år gamle Lotte Refve tester ut en ny internasjonal nisje hjemme på Jæren. Og hun er den første i landet

  2. Bygdedyret ser ut til å ha gode kår også i sentrale strok

  3. – Helt uvirkelig

  4. – Da hun scoret, tror jeg at hele laget fikk frysninger

  5. Tidligere Bryne-spiller har alvorlig sykdom. Her har han akkurat fullført gåturen fra Bergen til Oslo.

  6. Brann på Bokn er slukket

  1. Film
  2. Gullpalmen
  3. Oscar
  4. Kino
  5. Anmeldelse