Høgt skum i Lollywood

TEATER: Statsteatret vrir og vender på det aller meste i «2010 - Lollywood». Sånn at du både ler og får litt å tenkja på.

Publisert: Publisert:

Gard B. Eidsvold spelar den falmande filmstjerna Geir Grimstad, som eigentleg skal ha hovudrolla i actiondramaet frå Lahore, India. Det går ikkje så bra. Foto: Lars Opstad

Grade: 5 of 6 stars

TEATER

Rogaland teater: 2010 - Lollywood. Av: Yngve Sundvor og StatsTeatret. Regissør: Yngve Sundvor. Dramaturg: Morten Kjerstad. Med: Per Kjerstad, Kim Sørensen, Cato Skimten Storengen, Gard Bjørnstjerne Eidsvold. Lengde: 1 time 25 min.

Sjølv om Statsteatret sidan oppstarten i 2011 har tatt steget frå mørkret i Kjellerteatret og opp i lyset på sjølvaste Hovedscenen på Rogaland Teater, er dei framleis tru mot sitt eige prosjekt: Å laga omreisande, upretensiøst, underhaldande - men skarpt - teater om norgeshistoria frå 1066 til 2066. Dermed møter dei fire skodespelarane publikum i døra, ønskjer oss velkomne, går på scenen og forklarer kva me skal få vera med på før dei går inn i rollene sine. Statsteatret leverer teater med låge skuldre, i augehøgde.

«2010 - Lollywood» hadde urpremiere på Centralteatret i Oslo, og er det niande av ti planlagde kapittel om norgeshistoria, frå Slaget ved Stamford Bridge i 1066 til kva det nå enn blir i 2066.

Hjelp, vi må til Lahore

Kva handlar «2010 - Lollywood» om? Ytre sett om eit norsk filmteam - utan støtte frå Norsk filminstitutt, men med produktplasseringsspons frå pølseprodusenten Leiv Vidar - som har reist til Lahore, Pakistan for å spela inn den folkelege actionfilmen «Hjelp, vi må på ferie til Lahore». Gard B. Eidsvold er den fallerte primadonnaen Geir Grimstad. Per Kjerstad er skodespelardebutanten Zahid Khan, fødd og oppvaksen i Harstad, men med pakistanske foreldre. (Han har aldri vore i Pakistan før.) Cato Skimten Storengen er den homofile regissøren med større kunstnariske ambisjonar enn folkelege publikumssuksessar som blir forakta av eliten. Sidan han er i Pakistan, prøver han å skjula at han har eit kjærleiksforhold til produsenten sin, spela av Kim Sørensen, men insisterer på å gå i shorts.

Det går ikkje særleg bra, verken med filminnspelinga eller dei involverte.

Per Kjerstad spelar Zahid Khan, fødd og oppvaksen i Harstad, men med pakistanske foreldre. Er han mest norsk eller pakistansk i Pakistan? Foto: Lars Opstad

Men samtidig handlar «2010 - Lollywood» om kolossalt mykje anna - muligens litt for mykje på ein gong. Det handlar om fordomsfulle og ganske naive nordmenn som prøver å framstå utan fordommar. Det handlar om identitet - er Zahid og Geir mest norske eller pakistanske? Det handlar om radikalisering og terrorfrykt, om religion, seksuell fridom, individuell fridom, ytringsfridom, krenkesamfunnet, at nokon støtt skal bli støtt.

Eg veit ikkje om eg syns denne episoden handlar veldig mykje om akkurat norsk historie anno 2010, men skitt au. Her er så mykje som blir vridd og vrengt på at du både ler og får mat for tanken.

Les også

Statsteatret kommer «hjem» og møter seg selv i døra

Les også

– Jeg har spist på pakistansk restaurant, altså kan jeg uttale meg skråsikkert om innvandrere

Enkelt, men kreativt

Noko av det interessante med Statsteatret har heilt frå starten vore særs kreativ utnytting av enkle sceniske verkemiddel. Einaste scenografi i «2010» er ei dør - som kan opna seg mot nesten kva som helst - fire stolar og ein kasse. Som i sin tur kan bli til nesten kva som helst. Denne gongen spelar også Rikard Strømsodds lydkulisser ei heilt sentral rolle, saman med kreativ bruk av lys, vind, røyk og vatn.

I eit så enkelt sceneoppsett, står og fell det heile på teksten og på skodespelarane. Og her leverer altså Statsteatret igjen. Teksten er smart, skodespelarane briljerer. Som Cato Skimten Storengens nydelege, komiske timing som nervøs og tander regissør. Eller Gard B. Eidsvolds fantastiske radikalisering, frå norsk og fordomsfull primadonna til fullblods pakistanar.

Statsteatret har både bygd opp seg sjølv og publikum over heile landet gjennom sitt ambisiøse prosjekt. Dei har blitt så gode at eg eigentleg håper det ikkje tek slutt med tiande og siste kapittel - kva det nå enn blir som skjer når denne gjengen skal sjå framover i staden for bakover i norgeshistoria, i «2066».

Publisert: