Kunsten å bli morosam

Kan 20 sjuandeklassingar i løpet av to morgontimar læra korleis ein lagar humor? Humorbokforfattar Terje Torkildsen gjorde eit forsøk.

Terje Torkildsen har skrive "Humorboka", med illustrasjonar av Sindre Goksøyr. Foto: Jon Ingemundsen

  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:

– Det me skal gjera desse to timane, er å le. Ha det løye, seier Terje Torkildsen, og ser ut over forsamlinga på 20 sjuandeklassingar frå Bryne skule, som sit på grå plastbenkar inne på Garborgsenteret.

Klokka er 08.32.

Det er heilt stille i rommet.

Ingen ler.

"Kva er humor?" Det er det store spørsmålet. Foto: Jon Ingemundsen

Blytungt

Før elevane kom inn, har Torkildsen forklart oss kor blytungt dette kan vera:

– Eg har svart belte i Den kulturelle skulesekken. Eg har stått framfor tusenvis av trøtte elevar tidlege morgonar klokka 08.30, tatt på meg eit smil og sagt «Ja, vel, folkens!», fått null respons. Eg har lært dette the hard way.

Kva han har lært? Jau, at humor er eit bra triks om du vil ha (unge) folk med deg. Pluss at han har fundert ein del på kva som kan få folk til å le.

Det er derfor han har laga ei faktabok om humor - «Humorboka» - som tek for seg kva humor faktisk er. Litt sånn analytisk. Og nå skal han altså testa noko av dette ut på ein gjeng sjuandeklassingar. Han skal først læra dei litt humorteori - og så skal elevane sjølv få prøva seg i laga ein morosam sketsj. Me kjem tilbake til det.

– Ungdom er eigentleg det verste publikummet du kan ha, avslører lektor Torkildsen:

– Dei er ganske kresne, dei er ganske gruppestyrte og opptekne av kva sidemannen gjer, felles referansar er ei utfordring. Og så eig jo ikkje ungdom sjølvironi. Ein ungdom klarer ikkje å le av at håret er feil.

– Problemet er at me sluttar å le i løpet av tenåra, seier Torkildsen. Han har lese kanadisk forsking som viser at eit barnehagebarn ler hundrevis av gonger til dagen, mens ein vaksen mann bare ler 17 gonger i snitt. I mellomtida har me vore ungdom.

Det finst mange triks og verkemiddel for ein som vil vera morosam. Som å bruka ironi, paradoks, metaforar og ordspel. Foto: Jon Ingemundsen

Uventa + trygt = løye

Inn kjem sjuandeklassingane, som vel er ein stad mellom barn og ungdom, eller kanskje begge delar. Så langt ler dei ikkje, men rettar lydig handa opp når Torkildsen spør kva humor er og kva som er løye. Elevane gir flinke svar som bit seg sjølv i halen: «Humor er det som får deg til å le.» «Det som får oss til å le, er det som er løye.»

Elevane har problem med å svara på kva det er som får oss til å le. Kva er det ved ein vits som framkallar latter? Kvifor ler ikkje sjuandeklassingar av klovnar lenger?

– Dette er formelen for humor, seier Torkildsen, og peikar opp mot powerpointen på veggen der det står «uventa + trygt = løye». Ein vits må ha eit overraskande poeng for at du skal le.

– Det er derfor me ikkje ler av den same vitsen mange gonger. For me kjenner poenget. Det er derfor de ikkje ler av klovnen, fordi de veit kva som kjem, seier Torkildsen.

Ja, og så må det vera trygt. Det er morosamt når nokon sklir på eit bananskal eller får noko i hovudet, men ikkje om dei blir alvorlig skadde.

Det er lite gapskratt å spora så langt. Torkildsen har klart å kalla fram litt humring, litt lett latter eit par stader. Andre poeng har falle døde til jorda, blitt møtt med absolut tyssstnad. Humor er ikkje enkelt, heller ikkje for ein erfaren komikar.

Gruppe 5 kastar idear med Terje Torkildsen. Foto: Jon Ingemundsen

Bukkene Bruse

Etter å ha drege gjennom ein del humortriks og -sjangrar, blir elevane delt i fem grupper som får i oppdrag å laga ein sketsj, basert på det gamle eventyret «Bukkene Bruse».

Me heng oss på gruppe fem, som går rett i utkledningskista og finn fram rare klær.

– Nei, kostyme kjem til slutt. Først må de koma opp med idear, seier Torkildsen.

Kaisa, Tuva, Ole Kristian og Thea bestemmer seg for at dei tre bukkene Bruse ikkje skal til seters for å gjera seg feite, men at dei tre er så feite at dei skal på treningsstudio for å gjera seg tynne. Torkildsen liker ideen, og ber gjengen skriva ned rekkefølgja på kva som skal skje. Han blir borte. Og i spelerommet som nå oppstår, kjem leiken og latteren. Dei fire sjuandeklassingane lagar ei vidløftig historie, som på eit visst tidspunkt både omfattar segways, kollapsande bru, redningshelikopter og ein svær, imaginær krok i taket. Dei ler nesten heile tida.

Tuva Arvesen Malmin (t.v.), Ole Kristian Jonsbråten og Kaisa Rugland er tre tunge bukkar som treng trening. Thea Vold jobbar på treningssenteret. Foto: Jon Ingemundsen

Læra humor?

– Trur de at ein kan læra seg humor?

– Ja, svarer alle fire i kor.

– Lærer du deg ikkje humor, kan du ikkje få andre til å le, seier Tuva Arvesen Malmin.

– Kan ein læra å bli løyen av å lesa i ei bok, eller er nokon bare løgne?

– Er du løyen, så er du løyen, seier Kaisa Rugland.

– Eg trur det går an å læra, seier Thea Vold.

– Kven ler de av?

– Jim Carrey, svarer Ole Kristian Jonsbråten.

– Mr. Bean, seier Thea.

Ingen av dei fire har tenkt over at det må skje noko uventa for at noko skal vera morosamt. Ikkje før i dag.

– Trur de at de at de er blitt løgnare når denne dagen er over?

– Ja, svarer Tuva.

– Kanskje, svarer Thea.

Kill your darlings

– Tenk om det bare er me som syns me er løgne, seier Ole Kristian når dei tek fatt igjen på sketsjen, som bare blir lengre og lengre, og der dei fire heilt automatisk slår over på austlandsk når dei går inn i rolle.

Når humorlærar Torkildsen er tilbake for å sjå, og for å gi litt regi, bryt han gjengen av når dei er nesten halvvegs, seier dette blir altfor langt, kuttar det heile i to og gir dei ein punchline - som så langt har mangla.

Så er det tid for framføring. På veg tilbake til seminarrommet uroar ei av jentene seg over at dei morosame ideane dei hadde plutseleg ikkje er like morosame lenger.

– Det er problemet med øving, forklarer Torkildsen: - Det som er morosamt den første gongen de gjer det, er ikkje morosamt lenger den sjette gongen. Men dei som skal sjå det de har laga, ser det altså for første gong.

Bukken Tuva på veg over brua. Det er showtime på Garborgsenteret. Foto: Jon Ingemundsen

Showtime!

Tilbake i det svarte rommet gir Torkildsen elevane beskjed om å hugsa kor publikum sit, ikkje har ryggen til oss, pluss at dei må snakka høgt.

Så kjem fem variantar av «Bukkene Bruse». Tre av dei fem handlar, pussig nok, om tjukke geiter, to av dei om McDonalds. Ein av sketsjane er veldig intern. Ein annan veldig kort. Og så kjem vår gjeng, med sin halve versjon.

Er det mykje latter? Ja og nei. Det er tydelegvis komplisert å få andre til å le, sjølv etter eit krasjkurs i humor. Det eine poenget som får mest latter, er det som kombinerer sjølvironi med å spela på å og bryta forventningar samtidig. Nemleg då ein gut med brun hud og svart hår går over brua og seier han er ein brunost. Då sit latteren laust på Garborgsenteret.

Det er tid for punktum. Torkildsens punchline:

– Takk for de kom. Nå må de rydda og gå. Ha det løye.

Les også

  1. Bok: Sex og drikk og mobbing i ny serie frå Terje Torkildsen

  2. Fornuften - Frisøren 1–0

Publisert:
  1. Humor
  2. Bryne

Mest lest

  1. Farevarsel om styrtregn i Rogaland

  2. Vil gjøre Byhaugtunnelen om til sykkeltunnel

  3. Reagerer kraftig på at de må til Stavanger i cupen: – Idiotisk

  4. Lette etter et perfekt sted i ti år – nå åpner han galleriet sitt