Følg vatnet – forstå verda

BOK: Terje Tvedt vil fri fortida frå «nåtidstyranniet». Verdshistoria hans er eit funn for dei som vil følgja dei verkeleg lange linjene. 

  • Tom Hetland
    Tom Hetland
    Kommentator, tidl. sjefredaktør i Aftenbladet
Publisert: Publisert:

Grade: 6 out of 6

Terje Tvedt: Verdenshistorie. Med fortiden som speil. 428 sider. J. M. Stenersens Forlag.

«Den som ikkje kan føra sin rekneskap over 3000 år, lever frå hand til munn», sa den tyske diktaren Goethe. 

Terje Tvedt doblar. I den nye boka si dekker den kjende og kontroversielle historikaren meir enn 5000 års verdshistorie, frå dei første kjende sivilisasjonane i dagens Irak til det amerikanske imperiet. Eit viktig ærend for han er å fri historia frå «nåtidstyranniet», det vil seia at historia blir vurdert berre med samtidas målestokk, og blir «politikkens fortsettelse med andre midler». Identitetspolitiske berserkar som vil riva statuar og fjerna benkar kan ikkje rekna med støtte frå Terje Tvedt.

Dei som vil riva statuar kan ikkje rekna med støtte frå Terje Tvedt. Her frå demonstrasjonar mot statua av USAs sjuande president, Andrew Jackson, i Washington DC i sommar. Foto: Andrew Harnik / AP

Samstundes slår han fast at historia aldri tek slutt, og at fortida alltid må utforskast og fortolkast om igjen i lys av nye problemstillingar og politiske kampar. Tre stikkord hos Tvedt er utfordringa frå Kina, debatten om europeisk kolonialisme og den globale klimakrisa.

Han vil fri historia frå «nåtidstyranniet», at historia blir vurdert med samtidas målestokk og blir «politikkens fortsettelse med andre midler»

Det styrer også utvalet han har gjort blant det svimlande materialet. Tvedt konsentrerer seg om fem tema: dei første sivilisasjonane i Midtausten og India, «Asias æra», på topp rundt år 1500, med vekt på Kina og det ottomanske imperiet, Vestens siger på 1800-talet med den industrielle revolusjonen og imperialismen, kampen mellom USA og Kina om global dominans i vår tid, og til slutt klimaendringane som del av ei større forteljing om menneskets forhold til naturen og naturkatastrofar spesielt.

Den hydrauliske historieoppfatninga

Tvedt er skeptisk til kulturelle forklaringar. Historiesynet hans er materialistisk, eller rettare «hydraulisk». Samanhengen mellom vatnet og den politiske og økonomiske utviklinga renn som ei brei åre gjennom heile karrieren hans som historikar. I boka dukkar elvar, sjøar og kanalar stadig opp som historiske drivkrefter, tett som regnbyger på ein vestlandsk oktoberdag.

I dragkampen mellom Kina og USA held likevel Tvedt ein knapp på amerikanarane, fordi dei er flinkare til å leva med konfliktar

Det kan verka monomant. Og kritikarar kan saktens finna eksempel på at Tvedt prøver å pressa for mykje væte ut av den same svampen. Når han argumenterer for at den industrielle revolusjonen skjedde i England, og ikkje i Kina eller India, legg han vekt på at dei engelske elvane var passe store og stabile til at ein kunne byggja kraftverk for fabrikkar langs dei. I tillegg grov engelskmennene eit nett av kanalar. I India og Kina var elvane så enorme, og med så stor variasjon i vassføringa, at det var uråd å byggja kraftverk og fabrikkar langs dei med den tids teknologi.

Det er ikkje tilfeldig at den industrielle revolusjon starta nettopp i England, meiner Terje Tvedt. Her frå Marshall's Mills i Leeds, teikning frå 1843. Foto: Wikimedia commons

Greitt nok, men kvifor ikkje heller samanlikna med Tyskland eller Frankrike? Tvedt skriv sjølv andre stader i boka at det kom i gang vasskraftbasert tekstilindustri i Tyskland alt på 1700-talet, og at engelskmennene reiste til Frankrike for å læra av det store kanalprosjektet Canal du Midi på 1600-talet. 

Det demokratiske norske regnet

Når det er sagt, opnar Tvedts vassbaserte historieframstilling for mange overraskande og spennande perspektiv. Når den norske bonden har vore så fri og sjølvstendig, heng det, ifølgje Tvedt, saman med at «regnet i Norge er demokratisk». Dropane fell på alle, og det har ikkje vore grunnlag for storstilte kunstige vatningsprosjekt som har gjort bøndene avhengige av utbytande stormenn.

Regnet i Norge er demokratisk

Terje Tvedt er ein mann som likar å segla mot straumen. Møter han ei gjengs populæroppfatning, ser han det som sitt kall å opponera og nyansera. I ei tid der kolonialisme og imperialisme blir diskutert i ein Vesten-mot-resten-kontekst, listar Tvedt opp ti andre imperium som hadde minst like lang levetid som det britiske. Han avviser kontant at  ideen om at mennesket skal gjera seg til herre over naturen, er ein vestleg tanke, eller at kinesarane er mindre innovative enn folk frå Vesten. Kinesarane har jo funne opp det meste, inkludert krutet.

Kinesarane har jo funne opp det meste, meiner Terje Tvedt. Her spinnehjulet. Foto: Wikimedia commons

I dragkampen mellom Kina og USA held likevel Tvedt ein knapp på amerikanarane, fordi dei er flinkare til å leva med konfliktar. At USA framleis er den leiande makta i verda trass i at landet blir meir og meir dysfunksjonelt politisk, er for Tvedt eit bevis på USA sin grunnleggjande styrke. 

Klimatrussel og syndflod

Tvedt legg også eit langt historisk perspektiv på klimatrusselen. Mennesket har alltid levd med trusselen frå katastrofar. Urforteljinga om syndfloda i Bibelen finst i ulike variantar i fleire kulturar, og byggjer utan tvil på verkelege erfaringar. Men dette er inga tilflukt for klimafornektarar. Paradokset, som Tvedt også ser, er at reelle truslar frå naturen må møtast her og nå. I tillegg kan me heller ikkje lenger gå til gudane for å finna forklaring og hjelp – mennesket står aleine. Tvedt avsluttar  optimistisk: Det er ingen grunn til å «tape troen på menneskets muligheter til å forandre verden og seg selv».

Trass sine lange linjer og mangfaldige synsvinklar er boka behageleg kort og ryddig. Ho kan lesast av alle med eit snev av historisk interesse. Litt å pirka i er det: Kinas økonomi har neppe 50-dobla seg på dei siste 30 åra, her er det nok ein null for mykje. Noteapparatet er fyldig, med fleire utfyllande tilleggshistorier. Det gjer hovudteksten meir stringent, sjølv om ikkje alle liker å bla fram og tilbake. Uansett blir innvendingane bagatellar mot den tankestimulerande opplevinga det er å lesa Terje Tvedts verdshistorie.

Publisert:
  1. Anmeldelse
  2. Terje Tvedt
  3. historie
  4. Bokanmeldelse

Mest lest

  1. «Du har opplevd nok i livet ditt. Nå skal alt blir bra», sa Mats til Elisabeth. Så døde han på utenkelig vis.

  2. «2. omgang har vært meget solid - defensiv struktur så det holder»

  3. Bygger du på huset, får du nå en telefon fra skatteetaten

  4. Hvor mange kan vi være i jule­selskapet? Regnes hjem­vendte studenter som del av hus­standen?