Satsar friskt i «Spilleren»

TEATER: Mykje sprekt teater – men for langt – i Dostojevskijs «Spilleren» på Rogaland Teater.

Kim Falck leverer ei intens tolking av gamblaren Alex i «Spilleren».
  • Jan Zahl
    Jan Zahl
    Kulturjournalist
Publisert: Publisert:
Grade: 4 out of 6

Spilleren

Rogaland Teater, Teaterhallen. Av: Fjodor Dostojevskij. Regi: Tatu Hämäläinen. Dramatikar: Tora Suzanne von Platen. Dramaturg: Matilde Holdhus. Scenograf, kostymedesign: Sven Haraldsson. Maskør: Jill Tonje Holter. Komponist: Maria W. Horn. Lysdesign: Trygve Andersen. Med: Kim Falck, Maria Lingfors, Morten Faldaas, Matias Kuoppala, Svein Solenes, Ulrikke Døvigen. Lengde: 2 timar, 25 minutt.

Fjodor Dostojevskij skreiv romanen «Spilleren» i eit frenetisk tempo, på berre 26 dagar. Kvifor så travelt? Jau, fordi han hadde gambla på seg ei stor gjeld. Kunne han ikkje levera ferdig manus innan tidsfristen, ville han mista rettane til sine eigne verk.

Boka som ligg til grunn for Rogaland Teaters sceneversjon, er altså skriven av ein desperat, forgjelda mann med galopperande spelegjeld. Ein mann som visste korleis det var å vera spelavhengig.

Desperasjon og komedie

«Spilleren» fungerer aller best når me får innsyn i korleis denne sjukdomen artar seg. Når Kim Falck med stor overtyding får fram kor altoppslukande lysta til å vinna kan bli. Når Ulrikke Døvigen i ein kombinasjon av komikk og tragedie viser korleis gamle bestemor kan bli spelegal og ødsla vekk alt på ingenting.

Men «Spilleren» viser også fram andre gamblarar, om ikkje nødvendigvis ved rulettbordet. Generalen (Faldaas) som har sett seg i gjeld mens han ventar på arv. Franskmannen (Solenes) som har lånt bort pengane. Ho (Døvigen) som vil gifta seg til pengane. Ho (Lingfors) som ikkje vil la seg kjøpa. Finnen (Kuoppala) som ser det heile frå utsida.

Skodespelarane tolkar rollene sine glitrande godt, alle i hop. Dei gir tydeleg personlegdom og truverd til karakterane sine, både språkleg og i det fysiske spelet.

Dei ligg, sit, veltar, vandrar og køyrer rundt blant saccosekkar, oppblåsbare plaststolar, tomkassar og glitter midt ute på golvet. Det er noko rotete og dekadent over scenografi og kostyme – og det er meint som eit kompliment. Lyset i taket illuderer gamblingsituasjonen der dei blinkar seg på veg mot ein vinnande farge.

Saccosekkar og oppblåsbare plaststolar pregar Teaterhallen og «Spilleren».

Rolig start og slutt

Rotet og forvirringa – og problem med å høyra kva som blir sagt – er likevel i starten irriterande og gjer det heile vanskeleg å få tak på. Låg tale/mikrofon og intensitet i kombinasjon med durande lydkulisser er ein dårleg idé i praksis.

Så tek stykket seg kraftig opp, med eit klart klimaks når Bestemor entrar scenen.

I siste tredel dabbar det kraftig av igjen i fart og intensitet. Starten og slutten ber altså ikkje preg av desperasjonen og det frenetiske tempoet Dostojevskij skreiv under. Og i siste instans blir det heile altfor langt til å innkassera royal straight flush. Nesten to og ein halv time utan pause er for lenge, nesten uansett kva teaterstykke ein set opp.

Det kjennest ikkje akkurat kortare i dei oppblåsbare plaststolane publikum sit i. Det er moro i starten, men etter kort tid knirkar og gnikkar det både her og der mens folk prøver å finna ein leveleg måte å ha kroppen på, utan å laga for mykje lyd.

Frisk finne

Dette er tredje gong finske Tatu Hämäläinen regisserer eit stykke på Rogaland Teater. Hans versjon av «Fruen frå havet» på Intimscenen i 2013 var fantastisk. «Markens grøde» i Teaterhallen i 2016 verka uforløyst og uferdig.

Men med «Spilleren» stadfestar Hämäläinen inntrykket av ein regissør som tenkjer sjølvstendig og friskt om teater. «Spilleren» byr på svært godt skodespel, er visuelt interessant, tankevekkande, morosam og alvorleg. Men altså minst ein halvtime for lang til å halda intensiteten og interessa oppe gjennom det heile.

Men Hämäläinen satsar altså friskt. Nesten som ein gamblar.

Publisert:

Teater- og sceneanmeldelser

  1. Hurra for vinterdrømmene!

  2. Dette er verdensklasse!

  3. June Kommune klarer seg fint, hun. Men du skal ikke kimse av mannen inni blusen

  4. Regidebut verdt ein salutt!

  5. Du vett, mååååden han seie det på

  6. «Dei tar kunstnariske og kreative sjansar. Og det heiar eg tusen prosent på!»

  1. Teater- og sceneanmeldelser
  2. Teateranmeldelse
  3. Anmeldelse
  4. Rogaland Teater
  5. Teater